Statsministeren blir sitjande – i alle fall litt til

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statsminister Stefan Löfven seier til SVT etter valet at han vil halda fram som statsminister. Hans eige parti, Socialdemokraterna, er framleis størst. Dei styrer i dag regjeringa saman med Miljöpartiet, og får støtte frå Vänsterpartiet.

Dei tre partia får så vidt meir stemmer enn dei fire partia i Alliansen. Det er under 30.000 stemmer i forskjell mellom dei to blokkene.

Valdeltakinga er førebels på 84,4 prosent, noko som er høgt, men likevel litt mindre enn i 2014.

LES OGSÅ: Nasjonalistar med sjølvtillit i svensk valdrama

SVT har laga eit fint puslespel som lar deg leika med ulike fleirtal i Riksdagen. Sjekk det ut her!

LES OGSÅ: Glosebok for val