Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette valet handlar om ekstremistar skal få innverknad i Sverige eller ikkje

STOCKHOLM: – I den førre valkampen var det mykje meir sosialt stigma rundt Sverigedemokraterna. I år er det mykje lettare å få snakka med ungdom om politikken vår, seier Tobias Andersson (22), som er leiar for ungdomspartiet Ungsvenskarna.

Lysluggen er også kandidat til Riksdagen for det nasjonalistiske og innvandringskritiske partiet, som ligg an til å gjere eit brakval med opp mot ein femdel av røystene. Dei har størst støtte blant unge menn under 30 år.

På den siste dagen av ein valkamp der innvandring og integrering har vore blant dei heitaste sakene, møtte Andersson leiaren for Liberala Ungdomsförbundet (LUF), Joar Forsell (25), til ein ideologisk tilspissa duell.

– Sverigedemokraterna har nazistiske røter og rasistiske politikarar i Riksdagen. Dette valet handlar om ekstremistar skal få innverknad i Sverige eller ikkje, seier Forsell.

Hans parti, Liberalerna, har brukt ein stor del av valkampen på å åtvara mot ekstremisme til venstre og høgre, og ligg an til å få rundt seks prosent av røystene. Dei har gjort kampen mot ekstremisme til venstre og høgre til ein sentral del av valkampen sin. Partiet går til val som ein del av den borgarlege Alliansen som håpar å overta regjeringsmakta frå dagens sosialdemokratiske statsminister Stefan Löfven.

Kamp om makta

Verken Alliansen eller Löfvens raudgrøne blokk kjem til å få eit fleirtal bak seg i Riksdagen etter dagens val. Men noko samarbeid med Sverigedemokraterna kjem likevel ikkje på tale, skal ein tru lovnadene frå dei andre partia.

Tobias Andersson er leiar for Ungsvenskarna og riksdagskandidat i Stockholm.

Ungdomspartileiar Andersson trur det kan endra seg raskt etter at vallokala stenger klokka åtte søndag kveld.

– Faktum er at ingen av blokkene har fleirtal åleine. Viss ein vil styra Sverige, må ein ha aktiv eller passiv støtte frå oss. Eg trur at når røystene byrjar å koma inn, vil partileiarane endra seg og sjå at dei må snakka med oss for å ta ansvar og styra, seier Andersson – som sjølv drøymer om ei regjering av Sverigedemokraterna, Moderaterna og Kristdemokraterna.

Eit slikt samarbeid har dei to sistnemnde partia utelukka. Svensk media har derimot spekulert i at Moderaterna og deira statsministerkandidat Ulf Kristersson, eventuelt saman med Kristdemokraterna, kan ta over makta åleine med støtte frå Sverigedemokraterna.

Statsminister Stefan Löfven har sagt at han ikkje vil melda avgang i kveld, uansett korleis valresultatet blir. I så fall må dei borgarlege og Sverigedemokraterna røysta saman for å fella regjeringa om dei vil ha eit maktskifte. Uansett kan det ta veker før det blir klart kven som skal styra Sverige dei neste åra.

– SD er irrelevante

Forsell i LUF meiner på si side at dei borgarlege og raudgrøne partia kan samla seg om å unngå at SD får innverknad, slik dei også gjorde etter førre val med den såkalla «Desemberavtalen».

Joar Forsell er leiar for Liberala Ungdomsförbundet, også han riksdagskandidat i Stockholm.

– Me meiner at den blokka som blir størst i valet, bør danna regjering. Viss blokkene blir samde om at den største blokka får styra, treng me ikkje prata med SD. Me kan heller prata med Miljöpartiet eller Socialdemokraterna for å få gjennom politikk.

– Eg har ikkje høyrt eitt seriøst politisk forslag frå Sverigedemokraterna som ikkje anten Moderaterna eller Socialdemokraterna også står for – utanom at dei vil stoppa innvandringa. Dei er irrelevante, seier Forsell.

«Ungsvensken» Andersson meiner ein mykje strengare innvandrings- og integreringspolitikk må til for å få bukt med problema knytt til utanforskap og segregering i Sverige. Han trekkjer på skuldrene av skuldinga frå Liberalerna om at Sverigedemokraterna er ekstremistar.

– Det er dei også. Det er ingen parti som er så ekstreme i EU-politikken som Liberalerna. Og det er ingen parti som er så ekstreme i å føra ein ansvarleg innvandringspolitikk som oss. Alle parti er ekstreme på nokon måte. Den retorikken bidreg berre til å unnvika debatt om politikken, seier Andersson.

Les også: Glosebok for val

Kultur og utanforskap

Kjensla av at dei etablerte partia ikkje har teke debatten om innvandringane og integreringsutfordringane i Sverige på ein ærleg og ansvarleg måte, er noko av det som har gjeve Sverigedemokraterna luft under vengene dei siste åra. Partiet sprang ut av høgreekstreme miljø i Sverige på slutten av 1980-talet. I 2010 vart dei for første gong valde inn i Riksdagen, leia av den karismatiske Jimmie Åkesson.

Joar Forsell og mange med han meiner den rasistiske historia framleis gjer seg gjeldande i politikken og uttalane partiet kjem med.

– Sverigedemokraterna seier at det finst ein «nedarva essens» i mennesket og at innvandrarar «ikkje passar inn i Sverige». Når du har ei slik haldning, bidreg du til å skapa segregasjon. For å byggja bru ut av utanforskapen, må me satsa på jobb og utdanning, seier den liberale ungdomspartileiaren.

– Alt du føreslår, har vore prøvd før. Me må innsjå at dette handlar om noko større og djupare. Det me vil gjera er framfor alt å stilla mykje strengare krav til kva slags verdiar og kultur innvandrarar tek med seg til det svenske samfunnet, kontrar Tobias Andersson.

– Alle er samde om me skal kjempa mot ukultur. Eg har derimot ikkje høyrt nokon seriøse forslag frå Sveigedemokraterna som kan betra integrasjonen, utanom at dei vil stansa innvandringa. Men me må ta imot folk på flukt og verna asylretten, og me er avhengige av folk som kjem hit for å jobba, seier Forsell.