Allereie på 60-talet var det kjønnsskifteoperasjonar i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 19.10.2018 18:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har skrive om korleis det norske helsevesenet har forstått og behandla transpersonar, seier historikar Sigrid Sandal (26).

Med masteroppgåva «En særlig trang til å ville forandre sitt kjønn» har Sandal sett på kjeldemateriale frå Helsedirektoratet, som omhandlar kjønnsbekreftande behandling mellom 1952 og 1982.

– Kva var det som gjorde at du ville skriva om dette?

– Det er det vanskelegaste spørsmålet eg får. Det er vanskelegare for meg å seia kvifor nokon ikkje skulle ønska å skriva om det, seier Sandal, og legg til at dette er eit tema det knapt hadde vore forska på tidlegare.

Historikaren frå Sogndal trekker òg fram at transpersonar er ei særskilt sårbar gruppe i samfunnet, som kjempar ein kamp for rettane sine.

LES OGSÅ: Eg vil ha eggstokkar og vera mann

Frå aviser til behandlingsregime

– Noko av målet var å finna ut korfor dei starta eit behandlingsregime, altså korleis ein brukte ulike kriterium for å stilla diagnose og starta behandling, forklarer Sandal.

Det Helsedirektoratet gjorde, var enkelt sagt å laga ei liste over kriterium ein måtte oppfylla for å få diagnosen transseksualisme – ein diagnose som i år blei fjerna frå Verdas helseorganisasjon (WHO) sin diagnosemanual. Diagnosen er likevel framleis i bruk fleire stader.

Christine Jorgensen blei verdskjent i 1952. Foto: Wikipedia

– Eg har blant anna funne ut at medieomtalen av Christine Jorgensen starta ein medisinfagleg debatt om temaet, held Sandal fram.

Vart kalla «Verdas første kjønnsskifteoperasjon»

Jorgensen var ei amerikansk transkvinne, som skapte store avisoppslag i 1952, då ho gjekk gjennom ein kjønnsbekreftande operasjon. Oppslaga kalla det «verdas første kjønnsskifteoperasjon», sjølv om dei første kjente operasjonane av den typen blei utført i Tyskland på 1920- og 1930-talet.

Vidare fortel ho at Helsedirektoratet på 50- og 60-talet gjerne la kjønnsestetikk til grunn for eventuell behandling – altså om personen ville «passa» som det kjønnet hen ville bli operert til. Dette er ein praksis som ein seinare har gått bort frå.

12 operasjonar i perioden

– Mellom 1952 og 1979 var det truleg over 12 kjønnsskifteoperasjonar, fortel Sandal.

Ho legg til at fordelinga var cirka 30/70 transmenn og transkvinner.

Vidare skisserer Sandal følgande tidslinje:

Den mekte helsedirektøren Karl Evang. Foto: Rigmor Dahl Delphin, Oslo Museum

1952: Christine Jorgensen når avisframsidene.

1955: Helsedirektoratet, ved helsedirektør Karl Evang, set ned eit utval om «operativ behandling til genuine transvestittar».

1963: Det blir bekrefta at kjønnsskifteoperasjonar er lovlege.

1979: Oslo Helseråd tar initiativ til at Helsedirektoratet skal få i stand eit formelt behandlingstilbod til transpersonar. Før dette hadde ikkje behandlinga av transpersonar vore del av det offentlege helsetilbodet.

LES OGSÅ: I New York har dei 31 kjønn

Stort kjeldemateriale

– Kva har vore særskilt utfordrande med arbeidet?

– Blant anna har utfordringane vore hól i historia og eit stort kjeldemateriale. Det har vore mellom 300 og 500 sider med artiklar, handskrivne notat og meir. Eg har lese gjennom alt to til tre gongar, fortel Sandal.

Ho trekker òg fram utfordringa med å skjønna kva folk har meint i dei ulike dokumenta: For å verkeleg forstå kva som eigentleg står i kjeldene, har Sandal måtta tolka utsegnene. Bakgrunnen frå humaniora har komme godt med.

– Men det har vore veldig gøy, og eg har lært mykje om tematikken. Dette er det største vitskaplege verket om transhistorie i Noreg til no, seier Sandal.

LES OGSÅ: Snakk med oss, ikkje om oss

God respons

Ho har fått utelukkande positiv respons på arbeidet.

– Nokre av dei som jobbar med transpersonars helse og rettar har allereie hatt nytte av oppgåva, avslører Sandal.

I tillegg har ho fått høve til å formidla oppgåva si, gjennom blant anna Skeivt Arkiv og Senter for Kvinne- og Kjønnsforsking. Snart skal ho òg halda foredrag på ein konferanse i regi av det juridiske fakultetet ved UiO.

– Dette er noko eg ønsker å forska vidare på, seier Sandal, som no er i prosessen med å søka stilling som doktorgradstipendiat.

LES OGSÅ: Feminisme er likestilling for alle kjønn