Før var det berre to kjønn. No er det 31 i New York, skal vi ha fleire i Noreg?
mm
Kjønn i New York
  1. Bi-Gendered
  2. Cross-Dresser
  3. Drag-King
  4. Drag-Queen
  5. Femme Queen
  6. Female-to-Male
  7. FTM
  8. Gender Bender
  9. Genderqueer
  10. Male-To-Female
  11. MTF
  12. Non-Op
  13. Hijra
  14. Pangender
  15. Transexual/Transsexual
  16. Trans Person
  17. Woman
  18. Man
  19. Butch
  20. Two-Spirit
  21. Trans
  22. Agender
  23. Third Sex
  24. Gender Fluid
  25. Non-Binary Transgender
  26. Androgyne
  27. Gender-Gifted
  28. Gender Bender
  29. Femme
  30. Person of Transgender Experience
  31. Androgynous
LES FAKTALUKK FAKTA

Kjønn er annleis i New York City. Der er det ikkje nok med to. Styresmaktene i byen laga ei liste med 31 (engelsk liste til høgre), som ikkje blir klarare definert på heimesidene deira anna enn med namn. Alle er likestilte, slik at dei som definerer seg som menn eller kvinner ikkje har fleire rettar enn, til dømes, transseksuelle og androgyne.

Om du gjentekne gonger nektar å kalle nokon med «rett» pronomen, altså det dei sjølve har gjeve uttrykk for at dei vil at folk skal kalle dei, kan du få store bøter. Bedrifter kan få opp mot 250 000 dollar i bot.

Dette er jo på mange måtar ei god liste, ettersom ho aukar fridomen til ei rekke individ som var undertrykt tidlegare. På same tid er mange av “kjønna” på lista ikkje dette i det heile. Å vere «crossdressar» er jo til dømes ikkje anna enn å føretrekke å bruke kleda som er meir vanlege å bruke for dei som har eit anna biologisk kjønn enn dei sjølve er fødd med. Er du «butch» eller «femme» ser du framleis på deg sjølv som mann, berre homoseksuell med maskuline eller feminine trekk.

I stadig fleire delar av Vesten får ein utvida aksept i lovverket for ei vidare forståing av kjønn. Men er dette så nøytralt som forkjemparane for det skal ha det til å vere? Somme, som den kanadiske psykologiprofessoren Jordan Peterson, er svært kritisk til dette. Han meiner heile debatten ikring det å vere politisk korrekt og identitetspolitikk er styrt av autoritære nymarxistar.

Når Canada laga ei lov i 2017, C-16, som tryggjar retten til å utrykkje kjønn og identitet fritt for alle i landet, stod Peterson for kraftig motstand mot ho. Han nekta òg sjølv å bruke kjønnsnøytrale personlege pronomen.

– Eg har studert autoritarisme i lang tid – i 40 år – og desse har vorte starta av folk som har freista å kontrollere det ideologiske og lingvistiske territoriet, sa han til BBC.

– Eg vil aldri byrje å bruke ord som er funne opp av slike folk – det er det ingen sjanse for.

Kjønn i Noreg

I Noreg fekk vi retten til å endre juridisk kjønn utan å oppgje årsak i 2016. Det første året endra 490 kjønn til det andre. Ekspertgruppa som laga grunnlaget for lova, som vart sett opp av Helsedirektoratet i 2014, tilrådde òg å lage ei utgreiing om å introdusere eit tredje juridisk kjønn. Dette vart det ikkje meir snakk om etter at Stortinget sa nei til å lage ei slik utgreiing. Høgre, Frp, KrF og Sp utgjorde fleirtalet mot.

Lars Arnesen, vitenskapelig assistent ved Institutt for offentlig rett ved Universitet i Oslo til 2016, skreiv ein rapport om lovendringa i 2016. Han hadde òg meiningar om om vi burde endre oppfattinga av kjønn vidare i lovverket.

Mange kjenner seg ikkje att i kjønnet samfunnet har definert dei som. Foto: Kurt Löwenstein Education Center/CC-lisens.

– Det tredje alternativet er ikkje berre eit alternativ til mann og kvinne, men eit alternativ til heile systemet med to kjønn. Det er altså ikkje nødvendigvis fullstendig integrasjon med det gamle systemet som er målet, men derimot ein fullverdig reservasjon, hevdar Arnesen.

Målet med slike lover er å korrigere og normalisere avvik. Kjønnsmangfaldet blir takla ved å syte for at avvik frå normen blir normalisert inn i systemet på best mogleg måte. Det bør nok òg berre vere krav om å oppgje spesifikt kjønn der kategorisering etter fødselsregistrert kjønn er særskild viktig. I alle andre tilfelle bør folk ha sjansen til å kunne reservere seg frå å oppgje dette, meiner eg.

Les meir om kjønn og identitet i Framtida her!

Oppdatert: tysdag 16. januar 2018 15.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE