Frå ospelauv til kraftfull soulartist

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 17.09.2018 16:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fann krafta i songen

Soulartist Sofia Aarvik er i gang med å spele inn si første plate. Før albumet kjem i starten av 2019, så skal ho sleppe tre nye singlar og spele inn ein musikkvideo.

– Det er hjartebarnet mitt, draumen min, å gi ut plate, seier ho.

Ho har halde på lenge med å turnere og halde konsertar, og har spelt inn tre singlar allereie. At ho ville jobbe med musikk, har ho visst heilt sidan tenåra.

Gjorde inntrykk å sjå kor stor påverknad det hadde på lyttarane

Da Sofia var seksten år gammal, mista ho ei barndomsvenninne. Da ho vart spurd om å synge på ein minnekonsert for venninna, framførte ho ein song ho tidlegare hadde skrive for å trøyste ei anna venninne.

Under minnekonserten opplevde ho at songen hennar hjalp dei som var til stades med å få ut følelsane sine.

– Det gjorde inntrykk på meg at eg kunne bidra med ei slags forløysande kraft ved å bruke stemma mi og ein song eg hadde «fått». Eg hadde ikkje streva for å skrive den eller noko.

Helga Sofia Aarvik. Foto: Beate Haugtrø

Ho fortel at ho tidlegare hadde spelt songen på Ungdommens kulturmønstring, men at det var ei heilt anna oppleving å spele i eit rom der folk var så opne.

– Folk gret jo fordi dei var triste generelt. Men i møte med musikken var det òg som at dei fekk ei trøyst midt i det heile. Det var ei heilt spesiell atmosfære.

Da skjønte ho kor stor kraft som ligg i musikken, og vart veldig motivert til å fortsette.

– Eg vart veldig bestemt på at eg skulle gå musikk på vidaregåande. Der tok eg songtimar for første gong.

Med Tom Dooley-akkordane kom songane

Sofia Aarvik var glad i å synge frå ho var bittelita. Faren spelte obo i Kringkastingsorkesteret, og var opptatt av at alle borna skulle få pianoundervisning. Helga hadde pianoundervisning frå ho var sju år.

Det var noko med notar og klassisk musikk som ikkje traff henne så veldig. Men da ho byrja å klimpre på gitaren heime i ungdomsskolealder, så byrja det å komme songar.

– Det var noko som lausna. Eg hadde skrive songar før òg, men utan instrument. Men med dei tre Tom Dooley-akkordane (C dur,  Gdur og Ddur), så var det noko som klikka, seier Aarvik. Pianospelet lausna òg, da eg lærte meir besifring på Kulturskolen og ikkje trong å spele klassisk.

Sofia Aarvik øver heime på Sagene. Foto: Beate Haugtrø

På vidaregåande hadde ho ein songlærar som var opptatt av å fjerne dei uvanane ein lærer seg iløpet av livet, sånn at ein kan synge heilt naturleg. Som at ein baby kan ligge og skrike naturleg, utan å bli sliten i stemma, kan vi òg synge naturleg, om vi fjernar det som hindrar stemmen i å vere fri, sa læraren.

– Det har eg teke med meg vidare. Sjølv om eg er glad i soulmusikk, så er eg først og fremst opptatt av å synge naturleg, og å vere i kontakt med urkrafta som alle har. At ikkje mine stemmeideal skal avgjere koss eg syng, men at det som er naturleg skal komme fram.

Det lærer ho òg vidare, når ho sjølv har songelevar.

Har ei anna stemme når ho syng

– Kva er det som hindrar stemma i å vere fri?

– Det kan vere både psykiske ting og reint fysiske ting. Det kan vere dårleg sjølvbilde, det kan vere usikkerheit som tenåring eller vaksen. Det kan vere usikkerheit på å ta plass, eller reint fysisk at ein har vorte van med å halde inn magen fordi den skal sjå flat ut.

– Sjølv sto eg veldig rart fordi eg var så høg, og ikkje likte det i tenåra. Det er heller ikkje bra for stemma. Men etterkvart lærte eg meg å eige det å vere så høg, og å ta eigarskap til min eigen kropp. Så eg trur det er mange psykologiske faktorar som speler inn, seier ho.

Ho fortel at stemma blir ein tydeleg spegel på koss du har det. Alt kan høyrast i stemma.

– Når folk høyrer stemma mi som songar, så blir dei overraska, fordi at når eg snakkar, så er stemma mi mykje lysare.

Det trur ho er fordi at når ho syng så vågar ho å spele på heile registeret av seg som menneske.

– Eg kjenner meg meir fri, og vågar å ikkje berre vere den søte og den snille. Eg kan bruke alt eg har av kjensler og uttrykk.

Sofia spelar ein «Unplugged» stoveversjon av «Look me in the eye», for Framtida.no:

https://vimeo.com/261111814

Finn mykje kraft i å synge

– Kva skjer i kroppen når du syng?

– Eg føler at eg kjem i kontakt med ein livgivande energi. Ei kraft som er der, som eit overskotsfenomen. Det er veldig deilig når eg byrjar å synge utan nokon som helst grunn, berre fordi det er ei livskraft i det.

Ho fortel at det gjorde veldig inntrykk da Mari Boine tidlegare i år vann heidersprisen under Spelemannsprisen.

Det er lite som minner om et ospelauv når Mari Boine står på scena. Foto: Jan Sverre Samuelsen/Flickr/CC BY 2.0

Det er lite som minner om et ospelauv når Mari Boine står på scena. Foto: Jan Sverre Samuelsen/Flickr/CC BY 2.0

– Ho sa at før ho fann joikmusikken og sine røter, så hadde ho vore berre eit skjelvande ospelauv av eit menneske. Eg kjenner meg veldig igjen i det. Når eg syng, føler eg meg ikkje som eit skjelvande lauv, men som eit menneske med mykje styrke. Det er noko i meg sjølv men som og kjem frå meir enn meg sjølv samtidig.

Ho har funne ein reiskap til å komme i kontakt med seg sjølv.

– Når eg er i kontakt med mi eiga stemme og bruker ho, så gjeld det ikkje berre utelukkande stemma, men òg meg som person. At eg veit til dels kven eg er og kva eg vil.

– Om du har kontakt med stemma di metaforisk, så har du òg kontakt med di vilje og kva du vil med livet ditt, seier ho.

Foto: Beate Haugtrø

Forbilde i soultradisjonen

Helga Sofia høyrte mykje på svarte amerikanske damer i oppveksten, og det har ho fortsett med. I ungdommen gjekk det mykje i Destiny’s Child, Lauryn Hill og India Arie. Det har prega ideala hennar og måten ho syng på.

Lauryn Hill har vore eitt av forbilda til Sofia Aarvik. Foto: The Come Up Show/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Lauryn Hill har vore eitt av forbilda til Sofia Aarvik. Foto: The Come Up Show/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

– Det er mykje nordisk pop som kan vere litt kjølig. Men eg opplever stemmene til dei kvinnelege soulsongarane som varme og imøtekommande. Som at dei faktisk syng frå sjela.

Ho har òg oppdaga at soul har fellestrekk med folkemusikken, og at det dei kallar krullar i folkemusikk, har tilsvarande «krullar» i soul.

– Urkrafta finn ein både i folkemusikk og soul. Eg er glad i å kvede òg, men opplever det ikkje så veldig annleis enn å synge soul.

Det er jo forskjellige uttrykk, men i sin kjerne er det mykje likt, seier ho.

Høyr: «Love will come along».

Bra for helsa å uttrykke seg

Da ho var 22, studerte ho musikk på andre året på NLA Høgskolen Staffeldtsgate. Det året fekk ho diagnosen ME.

– Eg hadde det veldig travelt, men passa ikkje til å ha ein så hektisk livsstil. Det var mange ting som spela inn på ein gong. Det er gjerne både fysiologisk og emosjonell slitasje over lang tid, pluss ein utløysande faktor, som gjer at sjukdomen bryt ut, seier ho.

Det var så vidt ho klarte å halde seg gåande, og ho fekk beskjed av ein rettleiar innan ME at ho måtte bremse opp og forandre livsstilen sin drastisk for ikkje å hamne på ein dårlegare stad.

– Eg måtte på ein måte sleppe litt opp. Eg var veldig ambisiøs, og kunne ikkje gjere så mykje som eg hadde lyst til.

Helga Sofia Aarvik trur det er viktig å uttrykke seg, uansett kva uttrykk ein vel. Foto: Erlend Berge

Sofia Aarvik trur det er viktig å uttrykke seg, uansett kva uttrykk ein vel. Foto: Erlend Berge

Men det ho fortsette med, var å skrive musikk. Det vart ein måte å prosessere det som skjedde, og å ventilere kjensler. Og etterkvart da ho fekk meir og meir energi, kunne ho synge meir og meir.

– Det krev eit minimum med energi å kunne synge i det heile tatt. Men å skrive songar kunne eg gjere heile vegen.

Ho trur det er viktig å skape.

– Om det så er tekst eller bilde eller dans eller song, kva det er er ikkje mest avgjerande. Men at ein er kreativ på ein eller anna måte. Eg trur òg stemma er det som er aller nærmast vår personlegheit.

Å skape, synge og lage songar, er noko av det som bygger henne opp.

– Da eg fungerte på det dårlegaste, så trur eg at eg hadde veldig mykje inni meg som eg ikkje uttrykte. Songen har hjelpt meg å få ting ut av systemet. Eg trur det har hjelpt meg veldig.

Ho fortel at songen òg har hjelpt henne med å ha beina på jorda og forhalde seg til praktiske ting, som å skrive søknadar og skrive budsjett. Ting ho eigentleg ikkje er så veldig glad i.

I gang med si første plateutgjeving

No har ho fått støtte frå Fond for utøvande kunstnarar til å fullføre plateprosjektet, og er med på å produsere sjølv, for å ta del i alle delar av prosessen.

– Det eg ønsker, er at lyttaren skal oppleve at musikken min kjem frå ein genuin stad. Og at musikken kan treffe noko sant i dei. Eg syng ikkje for å imponere, men eg syng for å berøre, seier ho.

Ho lurte lenge på om det var egoistisk å ville bli songar og artist, men kom fram til at det var det motsette.

– Å gjere noko som bygger deg opp, og som gjer at du kjenner deg levande, vil alltid gi positive ringverknader og gi noko til dei rundt deg, seier ho.

LES OGSÅ: Forskarar åtvarar mot å fjerna songen frå skulen