Mennesket er avhengig av rytme
– Folk som kallar seg tonedøve og umusikalske spelar utmerka luftpiano, seier musikkforskar Alexander Refsum Jensenius. Over 4000 personar vil lære kva han har å seie om musikk og rørsle.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Musikkforskar Alexander Refsum Jensenius fortel gladeleg om korleis dans og rørsle heng saman.
Kanskje kan ein påstå at leiaren ved Institutt for musikkvitskap (IMV) ved Universitetet i Oslo, er overraskande avslappa. Nett no har han nemleg ansvar for over 4000 studentar.
LES OGSÅ: Trafikkfarleg musikk
MOOCS
Det er berre litt over éi veke sidan Jensenius og kollegaane hans sparka i gong nettkurset Music Moves.
Faget er ein såkalla MOOC (Massive Open Online Course), altså eit nettbasert kurs utan grense for tal på deltakarar og med open tilgang via nettet.
Det er første gong instituttet prøver seg på ein MOOC, men professoren kan gni seg i hendene over responsen. Over 4000 personar, frå 18 år gamle studentar til pensjonerte musikarar, har meldt seg på.
Tre timar i veka i seks veker skal dei studere psykologien bak musikk og rørsle, og kva metodar forskarar brukar til å undersøke musikkrelaterte rørsler.
Saka held fram under videoen.
Frå notar til kropp
– Å bevege seg til musikk er heilt naturleg for oss. Folk dansar til musikk, trenar til musikk og syng i dusjen. I musikkforskinga fokuserte ein lenge på notar og intellektuelle forståingar av musikk. I seinare år har det vore ei dreiing vekk frå notar og over til korleis vi opplever med musikk med heile kroppen, fortel musikkforskaren Jensenius.
Han har brukt mykje tid på å forske på korleis musikk og rørsle heng saman, mellom anna i kjellaren til IMV, der musikklaben står klar. Her koplar han testpersonar til sensorar som registrerer rørsler, og ber dei spele luftpiano, luftgitar, danse fritt, eller no seinast – stå heilt i ro.
– Vi vil forstå korleis musikk påverkar oss. Kvifor musikk kan gjere oss både glade og triste. Kvifor vi dansar til popmusikk og sit stille til klassisk musikk. No skal eg til å forske på såkalla mikrorørsler, for å sjå korleis vi beveger oss når det ser ut som vi sit i ro, slik vi som regel gjer til klassisk musikk, fortel forskaren.
Han har også eit anna mål, som han sjølv omtalar som «litt pretensiøst».
– Ved å forstå korleis musikk og rørsle heng saman, kan vi aksepterte at det er lov å bevege seg, også til for eksempel klassisk musikk. Det opnar for at folk kan vere seg sjølv når dei høyrer musikk og at dei får ei betre musikkoppleving.
LES OGSÅ: Vis meg musikken din, og eg skal fortelje deg kven du er
Saka held fram under biletet.
I musikklaben på Institutt for musikkvitskap skal Jensenius no forske på mikrorørsler – altså i kva grad vi eigentleg rører oss til musikk når det ser ut som vi står i ro.
Myten om det umusikalske mennesket
Eit av spørsmåla musikkforskarane stiller seg, er om det er mogleg å vere umusikalsk. Gjennom forskinga si har Jensenius funne musikalitet også i dei mest tonedøve blant oss.
– Folk kan kome inn i musikklaben vår og kalle seg sjølv tonedøve og umusikalske, men så spelar dei heilt utmerka luftpiano. Det er jo mange som syng surt og som ikkje kan lese notar, men vi ser at dei aller fleste vert engasjert av musikk likevel, fortel han.
Rytme er faktisk naudsynt for mennesket, forklarar forskaren.
– Vi treng rytme for å kunne gå og for å snakke, eksempelvis. Det er mange av våre handlingar som følgjer rytmemønstre.
Det store spørsmålet i MOOCen Music Moves, er kvifor musikk bevegar. Det korte svaret får du nedanfor. Det lange svaret finn du her.
– Vi meiner det er ei kognitiv kopling mellom musikk og rørsle, altså at musikk og rørsle er integrert i hjernen, mellom anna i dei såkalla spegelnevrona som vi brukar til å imitere andre. Det er nemleg det same området i hjernen som styrer lyd og rørsle. Dette gjer at lyd og rørsle er knytt saman, slik at vi får opp eit bilete i hovudet med ein gong vi høyrer ein lyd. Når nøkkelknippet fell i golvet, veit du at det er nøkkelknippet, utan at du har sett det. Når du høyrer ei røyst, ser du føre deg eit andlet. Denne samankoplinga av lyd og rørsle er viktig for korleis vi opplever musikk.
Jensenius forklarar vidare at mennesket ofte følgjer rytmemønstre, i til dømes gange og prat.
LES OGSÅ: Gamle bør unngå musikk på jobben
Saka held fram under biletet.
Det er ikkje for seint å melde seg på kurset Music Moves.
Evolusjonsmessig fortrinn å vere musikalsk
Det er ikkje berre artig, fascinerande eller interessant å utforske korleis musikk og rørsle heng saman. Instiuttleiar Jensenius meiner også dette er viktig kunnskap.
– Alle kulturar har musikk. Vi festar til musikk og bruker musikk i seremoniar. Musikk vekkjer sterke kjensler i alle retningar, glede som sorg. Musikk og språk heng også tett saman, som to sider av same sak, ramsar han opp.
Professoren konkluderer med at musikk «openbart er noko folk ønskjer».
– Det at vi har musikk på tvers av alle kulturar og i så lang tid, tyder på at det har vore eit evolusjonsmessig fortrinn å ha musikk, seier han.
Sjølv om kurset byrja 1. februar, er det ikkje for seint å slenge seg med.
LES OGSÅ: Forska på M2M-duoen