Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stefan Löfven fotografert under ein valtale i 2014. Foto: Frankie Fouganthin, CC BY-SA 3.0

Stefan Löfven fotografert under ein valtale i 2014. Foto: Frankie Fouganthin, CC BY-SA 3.0

Valet i Sverige nærmar seg. Søndag 9. september går söta bror til urnene. Framtida.no gjev deg ei kort innføring i det du treng å vete.

Den noverande regjeringa er ei mindretalsregjering leidd av statsminister Stefan Löfven frå Socialdemokraterna. Dei regjerer saman med Miljöpartiet, med Vänsterpartiet som støtteparti.

Kva er spesielt?

Det er mykje rørsle i den svenske politikken før årets val. Eit av dei store uromomenta er den raske popularitetsauken til Sverigedemokraterna.

Sverigedemokraterna er eit relativt ungt parti. Det kom ikkje inn på Riksdagen før i 2010,  då partiet karra seg over sperregrensa med 5,7 prosent. På meiningsmålingane i førekant av årets val har derimot partiet nesten 20 prosent oppslutning.

På kort tid har Sverigedemokraterna segla fram som Sveriges nest største parti. Nokre prosentpoeng mindre enn regjeringspartiet Socialdemokratarna, og hakket større enn det borgarlege opposisjonspartiet Moderaterna.

Les også: Nordiske naboar vil ha eigen union

Partileiaren i Sverigedemokraterna, Jimmy Åkesson, fotografert i samband med sluttdebatten i SVT før valet i 2014. Foto: Frankie Fouganthin, CC BY-SA 4.0

Partileiaren i Sverigedemokraterna, Jimmy Åkesson, fotografert i samband med sluttdebatten i SVT før valet i 2014. Foto: Frankie Fouganthin, CC BY-SA 4.0

Kvifor er Sverigedemokraterna kontroversielle?

Sverigedemokraterna har ei brokete historie. Partiet har vore skulda for å spreie ein framandfiendtleg og rasistisk bodskap. Det er litt av bakgrunnen for at Sverigedemokratarne i dag står åleine. Ingen av dei andre partia i landet ynskjer å inngå eit samarbeid.

Ein av dei sentrale grunnane til at Sverigedemokratarne likvel sankar støtte er at innvandringsspørsmål står sentralt i valkampen, og der har Sverigedemokratarne ein tydeleg profil. Sverigedemokratarne vil ikkje at Sverige skal ta inn fleire asylsøkjarar, og vil også skjerpe vilkåra for arbeidsinnvandring.

Det tyder ikkje at ein heil del svenskar plutseleg har vorte veldig innvandringskritiske.

Lektor ved Södertörns högskola i Stockholm, Ann-Cathrine Jungar, seier til NTB at den auka støtta til partiet nok heller kjem av at Sverigedemokraterna har vorte eit meir stovereint parti for velgarar som er kritiske til innvandring og som ikkje er nøgde med dei øvrige partia si handtering av spørsmålet. Partiet har moderert retorikken sin, og terskelen for å støtte dei har som følgje vorte senka.

Endra dagsorden

Sverigedemokraterna sin framgang kan ikkje lausrivast frå samtida. Heile valkampen ber preg av ein endra dagsorden.

Tradisjonelt har dei mest sentrale spørsmåla i valkamp vore økonomi, sysselsetjing, velferd og skule, seier universitetslektor Anders Sannerstedt ved universitetet i Lund til NTB. Dette har no endra seg.

Ifølgje ei meiningsmåling utført av Expressen er nemleg innvandringspolitikk ei av dei to viktigaste sakene i valkampen. Den andre er miljøpolitikk.

Den svenske sommaren var prega av omfattande skogbrannar. Enorme verdiar gjekk bokstavleg talt opp i røyk. Då melder det seg naturleg spørsmål om miljø og klima.

Samstundes har Sverige teke imot over 300 000 flyktningar sidan flyktningkrisa starta i 2015. Sverige hadde ein av dei mest liberale asylpolitikkane i Europa heilt til regjeringa gjorde innstrammingar i 2017. No går også Moderaterna og Socialdemokraterna til val på ein strengare asylpolitikk enn før.

Les også: – Flyktningkriser kjem igjen og igjen til politikken blir endra

Usikker framtid

Sverigedemokraterna har med andre ord vore litt ei øy for seg sjølv, som har vorte stadig større. Partiet er samstundes eit tydelegare brot med den høgre-venstre-delinga som har vore mellom partia i Sverige, med den borgarlege alliansen og den raudgrøne blokka på kvar si side av sentrum.

Ifølgje dei siste meiningsmålingane frå Sifo er den raudgrøne blokka med Socialdemokraterna, Miljöpartiet og Vänsterpartiet førebels i føringa, med ei samla oppslutning på 41% to veker før valet. Den borgarlege alliansen haustar til saman 37,7% oppslutning.

Mykje tyder likevel på at denne blokk-inndelinga er i ferd med å forsvinne. Alliansen er ikkje nødvendigvis allierte lenger. Dei raudgrøne flørtar med blå. Usikkerheita rår difor om kva regjeringskonstellasjonar Sverige kan ende opp med.

Det vert spennande å sjå kva kvardag svenskane vaknar opp til når vekkerklokka ringer måndag 10. september.

 

Forstår du nok svensk til å henge med i val-innspurten? Prøv framtida.no sin språkquiz!