Nordiske naboar vil ha eigen union – Noreg fornøgd med EØS

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er konklusjonen i ei spørjeundersøking som mellom andre Klassekampen har fått gjennomført.

Sjølv om Storbritannia er på veg ut av EU, ser det ikkje ut til at Sverige og Danmark vil gjere det same. Ifølgje undersøkinga er årsaka truleg meir mangel på alternativ enn genuin begeistring for EU, skriv avisa.

Les òg: Noreg vinn mot EU i ESA

Nordmenn føretrekk EØS

I undersøkinga svarer 47 prosent av svenskane og 45 prosent av danskane at dersom det vart etablert eit nordisk forbund av Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige med ein felles politikk innanfor ei rekke område, som miljø, utanrikspolitikk og handel med EU og andre land, så ville dei helst hatt ein slik allianse.

Dei norske respondentane fekk alternativet å halde fram med EØS-avtalen slik han er i dag, noko 52 prosent svarer at dei ønskjer. 31 prosent vil helst ha eit nordisk forbund, mens berre 10 prosent vel EU.

Les òg: Fleirtal mot EU for fyrste gong