«Eg er trist altfor ofte, utan spesiell grunn»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Depresjon. Det er eit stort ord. Ikkje når det gjeld ordet si form, men kva ordet eigentleg tyder for dei som slit med det.

Altså. Eg – eg slit med depresjon.

Mørke tankar. Trøyttleik. Utmatting. Melankoli.

Det finst fleire måtar å skildra dette psykiske fenomenet på. Fleire måtar å diskutera det på òg. Med vener og kjende fjes kan eg le og ha det koseleg, men på veg heim, heilt åleine, utan åtvaring, så byrjar det. Eg tek til å stirra på fortauet. Hovudet mitt vert fylt med bomull. Og då er det slik at alt eg ser vert kvitt og svart.

Det er framleis ei utfordring for mange å snakka om dette. Eg er ikkje den einaste. Det finst fleire der ute. Det hjelper sjølvsagt å snakka om det med andre. Men kva kan eg seia? Det er jo vanleg å vera trist av og til. Det er vel noko alle opplever. Kvar startar eg når eg skal snakka om det som skjer inni hovudet mitt?

LES INNLEGGET: «Det er ingen som trur at toastmasteren skal gjera sjølvmord»

BRESTEPUNKTET
Eg veit litt om korfor eg har vanskeleg for å snakka om slike ting. Eg er eit produkt av det konservative skulesystemet i Søraust-England. Eg gjekk på ei såkalla grammar school (ein slags avansert skule for dei som består ein eksamen når dei fyller 11) der det berre var gutar.

Det var mykje press, og lærarane prøvde sitt ytste på å få meg inn på Cambridge eller Oxford. Det var mykje lesnad og skriving. Mykje te- og kaffidrikking. Eg sa aldri noko om den seksuelle legninga mi. Eg sa aldri noko om korleis eg hadde det, bortsett frå å seia til lærarane mine at; «eg er trøytt», som helsing kvar morgon.

Eg berre studerte. Heilt til klokka ti om kvelden, kvar dag. Eg hadde berre ei lita gruppe vener, i tillegg til mine eigne foreldre og systra mi.  

Då eg var i Oslo i fjor så var eg på brestepunktet. Eg sov altfor mykje og følte meg heilt åleine, jamvel om eg hadde mange vener og kontaktar i Målungdomen og andre organisasjonar. Eg byrja å prata om det med mor mi, og eg forsto raskt at det no var på tide å snakka med fastlækjaren min.

Hadde eg ikkje gjort det, så er eg sikker på at ting hadde vorte verre for meg. Men den fyrste medisinen eg fekk takk i – ja – det var kommunikasjon og interaksjon.

Samtaler med vener over ein kaffikopp på Blindern. Gåturar med bufellane mine kvar kveld. Eg har òg byrja å ta antidepressiva, men dei funkar ikkje av seg sjølve. Livet held fram, men det må også endrast for at ein skal verta friskare.

LES OGSÅ: Fleire unge går til legen med psykiske problem

EIT LINGVISTISK PERSPEKTIV
Som lingvist pratar eg ofte om språk (inga overrasking) og korleis me brukar språk på ymse måtar. På konferansar fortel eg om variasjonen ein finn i nynorsken så vel som korleis nynorsk, frå eit utanlandsk perspektiv, kan skrivast med valfrie alternativ. (Kult, ikkje sant…)

Men – det å prata om depresjon. Lingvistisk sett, så handlar det her altså mykje meir om språkleg innhald, kva me eigentleg seier. Ikkje språket sin struktur. Som språkmann gløymer eg ofte at språk er korleis me kommuniserer med folk.

Språk er mykje meir enn berre lydsystem og setningsstruktur. Ord er store ting. Dei ser ut som små karaktersamlingar på papir, eller dei høyrest ut som verbale mumlingar når me snakkar, men det er kanskje lurt å tenkja på kva me eigentleg seier med desse merkelege orda. Når alt kjem til alt, så er språk kommunikasjon.

Eller betre sagt, språk definerer kommunikasjon. Før me byrjar å skriva eller seia noko, så må me alltid tenkja over innhaldet, og desse mentale avgjerslene er faktisk veldig komplekse.

LES OGSÅ: Likestilling gjev betre livskvalitet for menn

GJE LITT MEIR FANDEN
Konsekvensen er at me lærer oss å ljuga, heilt frå barndommen. Med språket kan eg seia både sanninga og falskleikar. Me er alle i stand til å seia noko anna i staden for kva me verkeleg føler. Mykje av det som kan sjå ut som ei grense er eigentleg ein illusjon me har skapt. Eit rop om hjelp kan lett verta noko heilt anna om me ikkje er forsiktige. Snakk, men ikkje ljug. Gje litt meir fanden.

Eg er mann. Menn generelt sett er dårlege til å snakka om depresjon. Det er eit enormt press og det er som om det er tabu å prata om følelsane våre. Ikkje alle menn skal har gått på prestisjetune guteskular, ikkje alle menn er homofile akademikarar som eg, men det hjelper ikkje å verta utsett for fleire utfordringar attåt.

Eg er trist altfor ofte, utan spesiell grunn. Eg kan ha hatt ein utruleg fantastisk dag; ingen oppgåver som må skrivast, eg har pengar i lommeboka, alt går fint. Men her står eg. Det er berre ein ting eg vil gjera.

Eg vil sova. Eg er trøytt. Når venene mine spør er det veldig lett å berre seia: «Ja, eg er berre trøytt.» I realiteten vil eg seia: «Eg er trist. Eg veit ikkje eksakt korfor. Men eg er trist.» Viss eg søv så må eg ikkje tenkja på problema mine lenger.

Kva gjer dei fleste menn då? Nokre av oss drikk. Eg har sjølv drukke flasker vin seint om kvelden berre for å få sova. Det er ikkje behageleg å snakka om følelsane mine. Det er ikkje nødvendigvis behageleg for dei som høyrer om det heller. Eg vil ikkje at folk rundt meg skal få panikk.

Les intervju med Martin Bengtsson  – fotballtalentet som forsøkte å ta sitt eige liv.

LIVET HELD FRAM
Nokre gongar pratar eg om det, men eg har likevel opplevd at kva eg seier til folk ikkje alltid er ein ekte representasjon av korleis eg har det. Men her er poenget mitt: ein må ikkje vera redd for å snakka.

Til å byrja med stilte eg spørsmålet: «Kvar startar eg når eg skal snakka om det som skjer inni hovudet mitt?» Det var eit dumt spørsmål, faktisk, fordi det ikkje finst noko logisk svar på det.

Det handlar ikkje om kva me seier, men om me faktisk seier noko i fyrste omgang.

Rikke Næss (19) vil ha psykisk helse på timeplanen. Les innlegget her!