Å halde kvarandre i hendene kan dempe smerte

Thea Svendsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein studie utført av forskarar ved University of Colorado og Universitetet i Haifa, viser at om du held hender med ein kjærast du er veldig glad i, synkroniserer ikkje berre pusten og hjarterytmen, men hjernebølgjene òg.

Studien legg vekt på at empati mellom partane forsterkar hjernebølgjene som fører til smertedempinga. Jo sterkare hjernebølgjene er, jo meir blir smerta dempa.

Studien er utført i samanheng med mellommenneskeleg synkronisering som er evna til å automatisk synkronisere seg med andre.

Inspirert av banefødsel

Det var mens hovudforfattaren, Pavel Goldstein, heldt handa til kona si under fødsel at han fekk idéen til å utføre studien.

Dei fekk 22 heteroseksuelle par, mellom alderen 23 til 32, som hadde haldt ilag minst eit år, til å delta i studien.

Dei fekk gjennomgå elektroterapi i to minutt mens dei målte hjernebølgjene deira.

Dette vart gjort i tre omgangar: ein der dei satt ilag og haldt kvarandre i hendene, ein der dei sat i same rommet utan fysisk kontakt, og ein gong der dei sat åleine i separate rom.

Same studien vart utført ei gong til der kvinna fekk ein form for varmebehandling på armen, i staden for at begge fekk elektroterapi.

Resultata viste at det var nok at dei var i samme rom, til og med utan fysisk kontakt, hjernebølgjene starta likevel å synkronisere seg. Studien viste òg at når dei heldt kvarandre i hendene var hjernebølgjene endå meir synkronisert.

Empati er nøkkelen

Den sterkaste synkroniseringa mellom hjernebølgjene var når ho hadde smerter og dei heldt kvarandre i hendene. Dette meiner forskarane kom som ein reaksjon på mannens nivå av empati for kjærasten.

Akkurat korleis empati og synkronisering av hjernebølgjene kan føre til demping av smerte, er dei ikkje heilt sikre på. Det er trong for fleire studiar for finne ut av det.

Forskarane har likevel nokre teoriar, mellom anna at empati og fysisk kontakt kan få ein person til å føle seg forstått. Ifølge tidlegare studiar kan det aktivere den delen av hjernen som dempar smerte.

Ikkje ferdigforska

Forskarane legger vekt på at studien ikkje har teke for seg om ting fungerer likt mellom likekjønna kjærastar ennå, eller korleis ting fungerer i andre typar forhold.

Det dei i alle fall er komme fram til, er at ein ikkje skal undervurdere den mektige eigenskapen til hand-halding!