Ungdata: – Det er ikkje så jævleg som me skal ha det til

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mykje stress. Det er veldig mykje å gjere, seier Jakob Norbakken (18), elev ved Edvard Munch Vidaregåande.

Saman med resten av gjengen frå tredjeklasse musikk, dans og drama, sit han utfor Munchmuseet og jobbar med ei kreativ skuleoppgåve om Edvard Munch. I årets Ungdata-undersøking har elevane for første gong vorte spurte rett ut om dei opplever press på område som skule, kropp, idrett og sosiale medier.

Eg trur me ungdommar klagar litt meir enn det me treng å gjere. Det er ikkje så jævleg som me skal ha det til, seier Violetta Peschanskaya (17), som får støtte av dei andre.

Stress og press

Leiar for Ungdata-senteret, Anders Bakken, meiner me har med ein robust ungdomsgenerasjon å gjera. Foto: StudioVest/NOVA

Leiar for Ungdata-senteret, Anders Bakken, meiner me har med ein robust ungdomsgenerasjon å gjera. Foto: StudioVest/NOVA

Årets Ungdata-undersøking stadfestar biletet av at norsk ungdom i dag er ein veltilpassa, aktiv og heimekjær ungdomsgenerasjon.

Nytt av året er temaet «Stress og press». Nærare halvparten av alle jentene – og ein av fire gutar – opplever mykje eller svært mykje press om å gjere det godt på skulen.

– Dette med stress og press har vore ganske mykje i media dei siste åra. Det har vore mykje skriveri om ein ungdomsgenerasjon som er stressa, og nokon meiner det er meir press no enn tidlegare.

Det seier Anders Bakken, forskar ved NOVA, Seksjon for ungdomsforsking og leiar for Ungdata-senteret.

Mens mange svarar at dei ikkje opplever press, svarar nokre at dei opplever så mykje press at dei har hatt vanskar med å takla det. Skuleprestasjonar er den største kjelda til press, etterfølgt av kroppspress, press om å gjere det godt i idrett og til slutt sosiale medium.

Les også: Skjermbruk blant unge fortset å auke

– Robust ungdomsgenerasjon

Jentene rapporterer jamt over om meir stress og press enn gutane.

– Det er ikkje slik at press og stress i seg sjølv er eit problem. Det vert eit problem når det vert negativt. Når ungdommane ikkje taklar det og det varar over tid, understrekar Bakken.

Han er ikkje nemneverdig uroa for dagens ungdommar og viser til at det er ei mindre gruppe som opplever så mykje press at dei har problem med å takla det.

– Me har å gjere med ein ganske robust ungdomsgenerasjon. Dei fleste ungdommar har det bra. Dei lever gode liv, har vener, trivst med foreldra, trivst på skulen og deltek i fritidsaktivitetar. Så er det nokon som slit, at noko kanskje er ekstra utfordrande i ungdomstida, seier Bakken.

–  Det er ikkje ein generasjon som går til grunne, på grunn av press. Me er heldige som har ungdommar som vil noko, understrekar han.

Les også: Ungdata: Fleire ungdommar bryt reglar, skulkar og røykar hasj

Framtidsparanoia

Norsk ungdom er generelt optimistiske til eiga framtid, men nokre fleire enn før er usikre på om dei kjem til å stå utan jobb.

– Eg kan kjenne på den paranoiaen der, seier Violetta Peschanskaya.

Som andregenerasjons innvandrar trur ho likevel trur ho vil få det betre enn sine foreldre.

Gjengen utanfor Muncmuseet er ikkje nemneverdig stressa for eiga framtid, sjølv om dei har starta på ein utdanningsveg dei ikkje er heilt sikre på kor skal ende.

– Det er så veldig mange studium i dag, som ikkje leiar til noko spesifikt yrke. Ein ser ikkje kor ein skal ende opp, så det kan vere det som gjer at folk er bekymra, trur Vilde Leion (18).

Les også: Ein låt eg likar: «Oh, no», om frykta for å feile

Å takle presset

Men for nokon opplevast presset som dramatisk. Over halvparten av jentene i undersøkinga har svara at dei i løpet av den siste veka har opplevd så mykje press at dei har hatt problem med å takla det.

Korleis kan ein minska dette presset?

– Det er jo eit press ein lagar sjølv. Ein kan sjølv bidra til å senkja det presset. Korleis påverkar du andre? Er du med på å skapa det presset? Du kan gå nokon rundar med deg sjølv. Det er jo me som lagar det for kvarandre, seier Vilde, som får støtte av klassekameratane.

– Ein kan jo senkje litt krava sjølv og ikkje alltid satse mot det beste i alle fag, eller på alle område, seier Jakob.  

– Men er det lett å senkja krava til seg sjølv?

– Nei, det er det ikkje! ler ungdommane.

– Men om ein ser at andre gjer det, så vert det kanskje lettare, avsluttar Vilde.

Les også: Mange trur dei blir arbeidsledige