Skjermbruk blant unge fortset å auke

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan forskarane i 2015 begynte å undersøkje kor mykje fritid unge brukar framfor skjermen, har dei registrert ein markant auke, skriv Klassekampen.

På tre år har delen jenter i ungdomsskulen med «høg skjermbruk» auka med nesten 10 prosentpoeng til 55 prosent. Desse brukar skjerm over tre timar kvar dag utanom skuletid. For gutane er veksten på nesten 7 prosentpoeng til 60 prosent, viser Ungdataundersøkinga i år.

Tydeleg auke

For elevar i vidaregåande skule har veksten i skjermbruken vore mindre, men delen som brukar mykje tid framfor skjermen, er større enn på ungdomsskulen. 64,4 prosent av gutane og 58,8 prosent av jentene brukar meir enn tre timar av dagleg fritid på skjermbruk.

Omtrent ein tredel på både ungdomsskulen og i vidaregåande skule brukar meir enn fire timar framfor ein skjerm utanom skuletida.

– Det er få andre område i undersøkinga der vi ser så tydeleg auke, seier Anders Bakken, forskingsleiar ved Nova og ein av forskarane bak undersøkinga.

Han seier det er sosiale medium som driv veksten, mens dataspelbruken ser ut til å ha stagnert.

Mindre møter

Samtidig blir det mindre tid til møte i den verkelege verda. Omtrent 30 prosent av ungdomsskuleelevane har brukt to kveldar den siste veka med venner. Det er ein nedgang på 10 prosentpoeng sidan 2011.

Årets Ungdataundersøking baserer seg på svar frå 249.000 respondentar i ungdomsskulen og vidaregåande skule mellom 2016 og 2018.

(©NPK)