Ungdata: Fleire ungdommar bryt reglar, skulkar og røykjer hasj

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 15.08.2018 09:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fleire teikn går i retning av eit brot i trenden med å vera skikkeleg vi har sett prega norske ungdomsgenerasjonar dei siste 10 til 15 åra, seier forskar Anders Bakken i velferdsforskingsinstituttet Nova ved Oslo Met, som i samarbeid med Korus (regionale kompetansesenter innan rusfeltet) står bak den årlege undersøkinga Ungdata.

Undersøkinga i år av korleis det står til med norsk ungdom viser likevel at det store fleirtalet er veltilpassa, aktiv og heimekjære. Dei aller fleste trivst med foreldre, venner og skule.

Les også: Cannabis-bruken blant unge i Oslo til vers: – No må vi legalisere og regulere salet, meiner Unge Venstre

Hærverk

Dei siste to åra har det vore ein auke særleg blant gutar som gjer ulike regelbrot, som nasking og hærverk. Fleire enn før skulkar i ungdomsskulen og det er ein liten auke i skadar på grunn av vald.

Det er også auka bruk av marihuana eller hasj. Ein ser at ungdommane som har brukt cannabis også skil seg negativt ut på fleire område samanlikna med dei som ikkje har brukt. Dei er mindre nøgde med foreldra, trivst dårlegare på skulen og er mindre nøgde med lokalmiljøet. Dei skulkar meir, trenar mindre og brukar meir tobakk og alkohol.

Forskarane i Nova har også registrert ein mindre framtidsoptimisme enn tidlegare.

– Delen av ungdom som trur dei aldri vil bli arbeidsledige, har gått markert ned. Det er også færre enn før som trur dei kjem til å leva eit godt og lykkeleg liv, seier Bakken.

Les også: Bruken av ungdomsstraff dobla

Bra med dei fleste

Hovudfunnet frå Ungdata er likevel at dei aller fleste norske ungdommar har det bra. Dei lever aktive liv, der vennskap, familieliv, skule, trening og digital fritid står sentralt i kvardagen.

– Dei unge i dag er framleis ein god del meir veltilpassa enn mange tidlegare ungdomsgenerasjonar, seier Bakken.

Han viser til at eit stort fleirtal av tenåringane er godt nøgde med foreldra sine, dei har minst éin fortruleg venn og er nøgde med lokalmiljøet. Fleirtalet blir ikkje mobba eller plaga, dei er optimistiske med tanke på framtida. To av tre planlegg høgare utdanning og er nokså sikre på at dei vil få eit godt og lykkeleg liv.

Over ein halv million ungdommar har vore med i undersøkinga Ungdata sidan 2010. Nesten alle kommunane i landet deltek med ungdomsskular og vidaregåande over ein periode på tre år. I 2018 har i overkant av 100 kommunar vore med.

(©NPK)