Telenor testar 5G og teknologi i Longyearbyen

Innbyggjarane på Svalbard fekk teste 4G-teknologien før den vart innført i resten av Noreg. No skal Telenor teste 5G i Longyearbyen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Klassekampen skal kolbyen på Svalbard bli Noregs nye utstillingsvindauge for grøn teknologi og er allereie godt i gang med å bli såkalla smartby.

Fordelane med det vesle samfunnet er at det er oversiktleg, med dei same funksjonane som mange storbyar, og at byen har ei oppdatert, ung befolkning med høgt utdanningsnivå̊.

Les også: Unge bekymrar seg for det dei deler på nett

Kan liggje i front i teknologiutviklinga

I tillegg til at Telenor skal prøvekøyre 5G i Longyearbyen, skal dei teste og utvikle sensorar og dronar, teknologi som kan gjere alt frå å måle CO2-nivå i lufta til snødjupn.

– Via sensorar og datanett får vi informasjon om utslepp og forbruk. Vi er i gang med å blant anna teste ut utsleppsfrie hus, sa administrerande direktør Berit Svendsen i Telenor Noreg under presentasjonen under Arendalsveka.

– Longyearbyen kan liggje heilt i front i teknologiutviklinga. Nye løysingar vil bli prøvd ut her, seier Marius Holm, dagleg leiar i miljøorganisasjonen Zero.

Blant andre aktørar er Avinor, som har dekt fasadar og tak på flyplassbygget i byen med solceller. Målet er å vere sjølvforsynte med straum om sommaren og å utvikle batteriteknologi til å samle opp energi til mørketida.

Les også: Tech-humanistar vil redde menneskeheita frå teknologi og sosiale medium