Unge bekymrar seg for det dei deler på nett

Unge bekymrar seg for at informasjonen dei deler digitalt, skal komme på avvegar. Men personvernerklæringane til dei ulike nettenestene les dei ikkje.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Seks av ti unge les ikkje personvernerklæringa før dei tar i bruk nye sosiale medium, viser ei ny undersøking. Den viktigaste årsaka er at det tar for lang tid.

Datatilsynet, Forbrukertilsynet og Medietilsynet meiner tilbydarane må gi betre og meir tilpassa informasjon om dei digitale tenestene unge brukar. Dei tre tilsyna har fått Sentio Research til å undersøkje 15-18-åringars kunnskap og haldningar til personvern på sosiale medium og appar.

Les også: App-vilkår på ein gjennomsnittleg telefon overstig Det nye testamentet

Resultatet viser at dei unge er opptatt av sporing og lagring av personleg informasjon. Åtte av ti svarar at dei er opptatt av å vite om ein app sporar dei eller lagrar personleg informasjon om dei. Berre to av ti synest det er greitt at appar har tilgang til sporingsdata og personleg informasjon.

– Når så mange ikkje les vilkåra om kva slags informasjon dei gir frå seg og kva denne informasjonen kan brukast til, er det grunn til bekymring, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

EUs nye personvernreglar gir enkeltpersonar større moglegheit til å kontrollere kva opplysningar som er registrerte og kva dei kan brukast til. Aktørar som samlar inn og brukar personopplysningar, må informere om korleis dei behandlar desse opplysningane på ein måte som brukarane kan forstå. Informasjonen skal tilpassast barn og unge.

(©NPK)