Dumpa på Snapchat


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det har jo blitt ein stor (kommersiell) greie no. «Hugs morsdag 11. februar og Valentinsdag 14. februar». Lurer på kor mange gonger eg har sett den reklamen i det siste. Sjølv om det kanskje ikkje er så stort for dei fleste av oss.

Valentinsdagen, altså.

Valentinsdagen kan fort bli ein deppedag. Ein dag der det er ekstra trist å vere einsam og åleine. Difor vil eg prøve å muntre deg opp med ei tragikomisk historie. Dette er ein hyllest til alle oss som har ein lite innhaldsrik Valentinsdag.

For ikkje så lenge sidan vart eg nemleg dumpa på Snapchat. Å bli dumpa på Snapchat av ein kjæraste du faktisk har vore med i verkelegheita, er kjipt. Men å bli dumpa på Snapchat av ein du kun har «heldt på med» via Snapchat, det er berre tragisk. Men sjølv om det er tragisk, så er det trist.

Det var kanskje det som overraska meg mest då eg fekk snappen om at ho har starta å treffe ei anna jente: det var skikkeleg trist. For det går faktisk ann å knytte seg til ein person ein deler mykje med gjennom tekst, bilete og video. Særleg når ein er desperat.

17-år-gamle Astrid hadde ikkje trudd sine eigne øyrer om ho fekk høyre at dette kom til å skje henne i framtida. Ho hadde nyleg boikotta Facebook, og slik heldt det fram i fire år. Og eg kan love deg at det vart sett på som svært sært av folk flest, sjølv om eg synst det var befriande på den tida.

Så slik kan det altså gå. Vi menneske er komplekse vesen. Ho som tok fullstendig avstand frå sosiale medium og latterleggjorde det i nokså stor grad, vatna eit virtuelt forhold 100 prosent gjennom sosiale medium. God valentinsdag, folkens!

LES OGSÅ: Kapitalismen overtar tradisjonane våre