Det må vere lov å vere negativ

Synne Grimen Hammervoll
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein låt eg likar: Det må vere lov å vere negativ

Low key, no pressure, just hang with me and my weather

Paramore syng i “Rose-Colored Boy” om det å ikkje alltid vere optimistisk, og om forventningspresset om å vere glad. Dette er eit gjennomgåande tema på albumet “After Laughter”

Rose-colored boy
I hear you making all that noise
About the world you want to see

På engelsk blir uttrykket “rose-colored glasses” ofte brukt om dei som kun ser positivt på ting, og då ofte ser på ting som betre enn dei faktisk er. Guten omtalt i songen er ein av desse, og istaden for å sjå på verda som den er, snakkar han om kva han vil den skal vere.

But hearts are breaking, and wars are raging on
and I have taken my glasses off

Hovudpersonen derimot, har tatt av brillene sine, og ser ting tydeleg. Då ser ein kanskje meir av dei vonde tinga og det kan ofte vere tungt.

Les også: Eigen helsestasjon for gutar

– Eg smiler ikkje om eg ikkje vil

Just let me cry a little bit longer
I ain’t gon’ smile if I don’t want to

Det må vere greit å grine av og til, og kunne vise dei meir negative følelsane. Ein er heller ikkje pliktig å alltid vere smilande og glad, når det ikkje reflekterar kva ein faktisk føler. 

A half-empty girl
don’t make me laugh, I’ll choke

Ved å beskrive seg sjølv som ei halvtom jente, peikar ho på teorien om halvfullt eller halvtomt glass, der ho er ein av dei med ei meir pessimistisk innstilling. Dette er vidare poengtert av at ho er redd for å bli kvalt dersom ho ler.

Les også: Ein låt eg likar og eit kjønnsrollemønster eg mislikar

På albumet “After Laughter” tematiserar Paramore forventningspresset om å vere glad. Foto: James Arnott / Flickr / CC BY-NC 2.0

Skamfullt å vere trist

“Rose-Colored Boy” kritiserer presset om å vere glad og optimistisk heile tida. Det er nok mange som har følt på dette presset, og følt at det ikkje alltid er heilt innafor å vere lei seg eller pessimistisk.

Paramore har omtalt songen på Twitter, der dei skreiv «adding shame to sadness is a pretty toxic cocktail» og la til at det er viktigare å møte folk der dei er, med empati, heller enn å prøve å sjå alt frå eit positivt syn.

Songen representerer eit viktig synspunkt for unge i dag. At det er greit å ikkje alltid vere «happy» og at ein må godta dette både i seg sjølv og i andre. For alt er ikkje bra heile tida. Alle går igjennom vanskelege periodar av og til. Det må bli mindre tabu å vise det. Kanskje gjer det òg dei ekte gledene større?

Les også: Generasjon prestasjon er ein klisjé vi treng å snakke meir om