Studie viser 99,94 prosent semje om klimaendringar

Ein generell trend i media har vore å hevde at det er 97 prosent semje blant forskarar om at klimaendringane er reelle. Nyare forsking viser at semja er endå større.

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan detaljane om korleis det skjer, framleis er eit område med omfattande forsking, er det i dag stor semje blant forskarar om at det faktisk skjer, og at det er eit menneskeskapt problem, skriv zmescience.com.

For å skildre dette, bruker media ofte uttrykket «97 prosent konsensus», sannsynlegvis frå ei 2014-studie av Cook (med fleire). I undersøkinga analyserte Cook 11 944 fagfellevurderte studiar publisert mellom 1991-2011.

Av dei viste om lag ein tredjedel (4013) ei haldning om menneskeskapte klimaendringar, og 3 894 (eller 97 prosent) støtta haldninga om at klimaendringane er menneskeskapte. Forfattarane fann òg at nyare studiar i aukande grad tilskreiv klimaendringar til menneska, noko som indikerer eit aukande akseptnivå.

Grafikk: John Cook

Men i 2017 publiserte James Powell ei endå større meta-analyse av 54195 fagfellevurderte studiar, og fann 99,94 prosent konsensus om menneskeskapte klimaendringar. Igjen, nyare studiar verkar å støtte idèen i endå større grad.

Alt i alt er ei auke frå 97 prosent til 99,94 prosent sannsynlegvis ikkje noko som vil overtyde dei som ikkje allereie er det. Den offentlige oppfatninga er å sakte følge vitskapen. Og akkurat som tobakksfirmaa i si tid visste om skadane som røyking kan gjere, har oljeselskapa vore oppmerksame på klimaendringar i fleire tiår, men fortset å finansiere fornektarar og media som støttar opp om fossile brensel.

Den viktige lærdommen er at uansett om vi liker det eller ikkje, er forskarane einige: klimaendringar skjer, og dei skjer på grunn av oss.