Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Akkurat i tide til å skremma folk på Halloween, sleppte ei internasjonal forskargruppe måndag ein ny rapport om kva klimaendringane betyr for folkehelsa. Rapporten «The Lancet Countdown on Health and Climate Change» teiknar eit tydeleg bilete:

– Dette er den store globale helsetrusselen i det 21. hundreåret, og det hastar å gjera noko med det, seier professor Hugh Montgomery ved University College London (UCL) ifølgje New Scientist.

Mat, mygg og varme

Helsetrusselen handlar særleg om tre ting, ifølgje avisa:

  • Svolt. For kvar grad den globale gjennomsnittstemperaturen går opp, vil kveite- og rishausten gå ned med høvesvis 6 og 10 prosent. Ifølgje FN har talet på underernærte allereie byrja å auka etter fleire tiår med nedgang, og den nye rapporten spår at ytterlegare oppvarming gjera vondt verre.
  • Hete. Talet på personar som var utsette for hetebølgjer auka med 125 millionar mellom 2000 og 2016. Ifølgje den nye rapporten kjem talet til å auka med ein milliard fram mot 2050. Hetebølgjer er livstrugande særleg for små barn og eldre.
  • Sjukdom. Klimaendringar kan føra til at tropiske sjukdomar spreier seg til nye område, fordi den smitteberande myggen får større område å trivast på. Sjukdomar som denguefeber vil difor råka fleire og fleire etter kvart som temperaturen aukar, åtvarar Lancet-rapporten.

Ikkje førebudde

Dr Nick Watts ved UCL kallar Lancet-rapporten ein «global helsesjekk».

– Indikatorane gjer det klart klimaendringar allereie undergrev helsa til folk verda over, og at sjukehusa og helsesystema våre ikkje er førebudde på framtida, seier Watts.

Forskarane bak rapporten strekar under at verda kan få store helsegevinstar av å fjerna forureining og gå over til fornybar energi.