Dette meiner nordmenn bør gjerast med klimaendringane

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nordmenn flest er svært positive til at staten grip inn for å redusere skadar som har kome som resultatet av klimaendringar. Men mange meiner òg at det meste må gjerast i store land som USA og Kina.

Det viser nye tal frå Norsk Medborgarpanel.

LES OGSÅ: Noregs oljeplanar på kollisjonskurs med Parisavtalen

– Så og seie alle nordmenn er opptekne av tiltak som reduserer utslepp, men snakkar nesten ikkje om klimatilpassing som ei løysing på endra klima, seier Åsta Dyrnes Nordø, ein av forskarane ved UiB som skreiv rapporten, til Framtida.no.

– Vi veit òg at nordmenn er bekymra for klimaendringar, men mange trur ikkje dette vil ramme dei personleg. Ei slik kjensle av avstand mellom problemet og ein sjølv kan vere ei årsak på det manglande fokuset på klimatilpassing, seier Åsta Dyrnes Nordbø.

Ho meiner mykje av den offentlege debatten i Noreg handlar om behovet for lågare utslepp frå bilar og lastebilar, i tillegg til overgangen til fornybarsamfunnet frå fossil olje og gass.

LES OGSÅ: «Make our planet great again»

Forskjell på menn og kvinner

– Det verkar som at kvinner er meir orientert mot løysingar som krev individuell handling, slik som transport og livstilsendringar, medan menn fokuserer meir på strukturelle endringar som fokus på energiomstilling og politisk leiarskap, seier Nordø.

Fleire menn er òg meir skeptiske til at klimaendringar er noko som hender no og som må løysast.

Nordø seier òg at amerikansk forsking på kjønnsskilnadar i USA indikerer at kvinner er meir bekymra for klimaendringar enn menn.

LES OGSÅ: Fleire vel klima framfor olje

Unge og eldre

Det er berre ein klar skilnad på unge og eldre for tre av sju tema: energiomstilling, livsstilsendring og utsleppsreduksjon.

– Vi ser at eldre innbyggjarar snakkar oftare om reduksjon av utslepp generelt, som er eit ganske vagt og uforpliktande begrep som rommar det ein vil at det skal romme. Dei unge er meir opptekne av å fokusere på livsstilsendring og energiomstilling samanlikna med dei eldre. Slik sett er ungdommen meir konkret i å foreslå tiltak som kostar, både for myndigheiter og for enkeltindivid.

Opptekne av miljø

– Vi veit at ungdom er opptekne av miljø, og det er gjerne ikkje så rart sidan dei har vakse opp i ei tid der dette stadig har vore på agendaen, og det blir meir og meir tydeleg at dette er eit problem som den oppveksande generasjonen får eit stort ansvar med å løyse. Det blir også dei som må leve med dei første konsekvensane av eit endra klima.

Nordø peikar òg på at skulevala indikerer òg at klima og miljøsaker er viktig for ungdommen når dei skal velje parti, og at skulevalet det siste tiåret til dømes har synt markant høgare støtte til Miljøpartiet Dei Grøne frå unge enn det som er tilfelle ved stortingsval.

– Unge ser klima som ei viktig sak og veit at dette blir ei viktig utfordring som dei må være med på å løyse, og ein kan rekne med at det påverkar kva dei fokuserer på når dei skal formulere kva dei meiner bør gjerast for å kome klimaendringane i møte, avsluttar Nordø.

Kjelde: Citizens’ preferences for tackling climate change. Quantitative and qualitative analyses of their freely formulated solutions (Endre Tvinnereim, Kjersti Fløttum, Øyvind Gjerstad, Mikael Poul Johannesson, Åsta Dyrnes Nordø ved Universitetet i Bergen).

Nordmenn meiner desse områda er dei viktigaste i klimakampen:

  • transport
  • energiomstilling
  • reduksjonar av utslepp
  • internasjonalt samarbeid
  • livsstilsendring.