I sommar har Margit Fausko vore på roadtrip med biogass-bil.
Frå Porsgrunn til Göteborg på biogass
Kor langt kan ein eigentleg køyre på biogass? Det fekk Margit Fausko (25) testa i sommar da ho la ut på biogassroadtrip.
Beate Haugtrø
Publisert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Mannen i gata blir forvirra over begrepa og skjønner ikkje at det er ein enorm forskjell i berekraftsøyemed om ein lagar drivstoff på organisk avfall i motsetning til raps og palmeolje, seier Margit Fausko til framtida.no.
I sommar har 25-åringen køyrd rundt i ein tilsynelatande vanleg bil merka «Østfold fylkeskommune», med ei dekorert campingvogn på slep.
Heilt vanleg er bilen likevel ikkje, for han køyrer på biogass. Altså drivstoff utvikla av matavfall og organisk materiale.
Margit Fausko går master i agroøkologi ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet, og har fungert som «prosjektjournalist» for Biogass-roadtrip 2018. Bilturen er gjort på oppdrag frå Austfold fylkeskommune og med prosjektmiddel frå Biogass Oslofjord og Fossilfri 2030.
– Eg trur det er underkommunisert kva biogass er, og kva som er miljøfordelane med det. Turen handla om å få vist fram og kommunisert til folk utanfor biogassbransjen kva det er, seier Fausko.
Turen vara i tre veker, og gjekk frå Porsgrunn i Telemark til Gøteborg i Sverige. Undervegs har ho møtt og intervjua eit tjuetals produsentar, forbrukarar, forskarar og miljøengasjerte. Ho har intervjua dei om biogass, og laga videorapportar for prosjektet.
Her er køyreruta til Margit.
Fausko forklarer at folk ofte forvekslar biogass og biodiesel.
Begge drivstoffa er laga av biomateriale, men forskjellen er at medan biogass er laga på matavfall og møkk, er biodiesel laga av det som konkurrerer med matfatet vårt, til dømes raps og palmeolje. Særleg raps er mykje brukt.
– Kva er det som er så bra med biogass?
– Ressursen biogass er laga av, er avfall, som ein uansett må handtere. Det bidreg til å gjere det meir lønnsamt å sette næringsstoff i krinsløp. Det er kjempebra at ein kan bruke avfall til å lage nyttige produkt, seier Fausko.
– Du får produsert eit fossilfritt drivstoff og resirkulert gjødsel, laga på eit avfallsprodukt. Biogass er suverent mykje meir berekraftig enn vanleg bensin og diesel.
Biogassen blir til dømes produsert ved at ein blandar matavfall med kumøkk og lar det rotne. Opp frå tanken kjem det metangass som ein brenn. Det blir nytta til drivstoff.
– Det er den same prosessen som når det utviklast fossilgass. I begge prosessane rotnar det utan luft. Skilnaden er at medan biogass er laga på 20 dagar, bruker oljen over 20 millionar år på å utvikle seg.
Rekkevidde på femti mil
Eit spenningsmoment ved turen i sommar, var å undersøke fyllestasjonnettverket. I dag er det mest bussar som går på biogass, og desse fyller opp drivstoff på eigne stasjonar.
Den sjølvdekorerte campingvogna var med store delar av turen. Ei av dei største overraskingane Fausko fekk undervegs, var da svensk politi vekte henne opp midt på natta fordi ho hadde feilparkert. Foto: Margit Fausko
Fausko ville og teste ut rekkevidda på bilen. Ho hadde høyrt at den kunne køyre 300 kilometer på biogass, og ville komme seg til ein matfestival i Numedal.
Da let ho campingvogna stå, og bilen køyrde 50 mil før ho gjekk tom.
I Sverige har dei biogasspumper på vanlege bensinstasjonar. Foto: Margit Fausko.
Meir vanleg i Sverige
«Jag tror inte på el, då kör jag heller på grisskit» fekk Fausko høyre av ei kvinne på ein fyllestasjon i Sverige. Ho begrunna mistrua med fotavtrykk i elbilproduksjon og usikkert opphav til straumen.
Sverige har større produksjon av biogass enn vi har her i Noreg, og nettverket for fyllestasjonar er betre utbygd.
Ho lærte og at Svenskane sorterar matavfallet i papirposar. Ikkje like forbrukar-vennleg, men betre for bøndene som tek imot gjødsla som blir att etter biogassproduksjonen.
– Da unngår ein heilt at det kjem plast i gjødsla. Det kjem bittelitt plast i gjødsla når vi bruker plastposar. Så papirposar hadde vore prima for gjødselproduktet og jordkvaliteten sin del. Det er fleire anlegg som ønsker seg det i Norge og, forklarer Fausko.
Biogass blir danna når organisk materiale, t.d. daude plantedelar, matavfall eller husdyrgjødsel, blir brote ned av mikroorganismar utan tilgang på oksygen (luft). Dette blir kalla anaerob nedbryting.
I naturen blir biogass danna i myrer og andre våtmarksområde når daude plantar og dyr blir brote ned. Ein kan òg produsere biogass ved ein kontrollert nedbrytingsprosess (utrotning) av organisk avfall i et biogassanlegg.
Kan brukast til å produsere energi i form av varme og/eller elektrisk kraft, eller til bruk som motordrivstoff.
Kjelde: Biogass Østfold/Store norske leksikon/snl.no
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.