Mongstad-alger kan løysa verdsproblem

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alger kan løysa verdsproblem

– Dette er eit prosjekt som har potensial på verdsbasis, som kan løysa eit altoverskuggande problem for ei næring som kan brødfø verda, seier Terje Breivik, (V).

Måndag var det pressekonferanse i Bergen, der planane for det komande forskingssenteret med base på Mongstad, der ein skal utnytta CO2 til fiskefor, vart presentert.

Villig til å bruka pengar

Kjelda til omega 3 til fiskeindustrien har i alle år vore fiskeolje. Fiskeindustrien har snart tatt ut det råstoffet som er mogleg å ta ut innan berekraftig utvikling for fiskeolje. Og alt i 2019 kan mangelen på omega-3 vera avgrensinga for laksenæringas vekst. Difor har dei no kasta auga sine mot CO2. Og næringa er villige til å bruka store pengar på dette.

– Store energiselskap ser på utnytting av bioteknologi innan sine felt. Så om CO2Bio og kan gjera det, skal eg betala meir enn energiselskapa for å få omega-3, sa Einar Wathne, CEO i EWOS Group.

LES OGSÅ: Co2Bio får millonar over statsbudsjettet

Som avisa Nordhordland har skrive om før, fekk CO2Bio-prosjektet dei seks millionane dei trong, ved revideringa av statsbudsjettet, for to veker sidan. Det skal byggjast eit drivhusliknande bygg på 300 rutemeter, der forsking med folk frå Universitetet i Bergen, UNI Research og andre skal gå føre seg. Der skal ein dyrka algar i eit landbasert anlegg, for deretter å utvinna Omega 3 til bruk i fiskefôr. Dei skal forska i fem år no, for å finna ut om det er grunnlag for å gå vidare med prosjektet. Og det kjem til å kosta, mange millionar kroner.

– Unikt

– Verda må ha meir energi, mat og helse. Men det må skje i balanse med miljø og klima. Og for å få ein berekraftig industri, må nye måtar utviklast, seier Hans Kleivdal, forskingsleiar ved Uni Research.

– Mikroalgar vert alt utnytta som ein resurs, men det er meir mot kosttilskot og biodiesel. Men det å ta fiskefor som fokus er det ingen andre som gjer no. Difor det er unikt, og her er og behovet og koplinga mot næringa er sterkast, peikar han på.

Algeproduksjonen konkurrerer heller ikkje med anna matproduksjon. Algeproduksjonen brukar korkje ferskvatn eller legg beslag på matjord.

Forskingsinstitusjonar over heile landet er med, samt ein har samarbeid med EU-prosjekt.

– Det som er unikt her no er det at ein har eit spesifikt fokus på for. Mikroalgar vert alt utnytta som ein resurs, men det er meir mot kosttilskot og biodiesel. Men det å ta fiskefor som fokus er det ingen andre som gjer no. Difor det er unikt, og her er og behovet og koplinga mot næringa er sterkast, seier Kleivdal.

LES OGSÅ: SPIR-prisen til CO2Bio

Planen er å bruka 2–3 årsverk på prosjektet innleiingsvis, Så vil ein jobba med å auka den personalmengda ved å henta inn nye prosjekt.

– Folk må eta meir fisk

Fylkesordførar Tom Christer Nilsen er godt nøgd med at prosjektet og testsen-teret er undervegs.

– Om vi skal fø verda, må det gjerast på den mest fornuftige måten. Men då må folk eta fisk, seier han.

Han peikar på at fisken er tre – fire gonger meir effektiv, når det gjeld å utnytta foret sitt enn landbaserte næringar er.

– Og her får ein brukt CO2, som er eit problem, og utnytta det. Og ein får til næringsutvikling i Nordhordland, peikar han på.

Nilsen understrekar at dei veit at det heile kan verta resultatlaust.

– Men om det går bra, er det strålande. Me aksepterer risikoen. Utfordringa no er å få dette kommersielt, seier han.

LES OGSÅ: Problemgass kan bli industri-eventyr

Som tidlegare nemnt kom pengane fyrst etter forhandlingar om det reviderte statsbudsjettet.

– Dette viser fortreffeligheita med ei mindretalsregjering, og fortreffeligheita med at makta er tilbake i Stortinget, sluttar Breivik.

Saka var først publisert i Nordhordland.