NorSun vil investera fire milliardar og tidobla produksjonen i Årdal
Fredag avslørte solcelleprodusenten i Årdal litt meir om kva dei ambisiøse planane deira eigentleg går ut på.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil investera fire milliardar i norsk solcelle-eventyr
Saka vart først publisert på Porten.no.
Årdal: Norsun i Årdal har tredobla produksjonen sidan oppstarten i 2008, no ønskjer dei å ta nye steg.
– Ei tidobling av produksjonen er det me vurderer er mogleg å oppnå med ei full utbygging på det området me har tilgjengeleg på Årdalstangen. Då er det snakk om ei utviding i tre fasar, seier Svenn Ivar Fure, administrerande direktør i NorSun.
Fabrikksjef i Årdal, Steinar Talle, fortalte tidlegare i dag til TV 2 Nyhetskanalen at dei har planar om å utvida for 150 millionar i første steg, for 1,2 milliardar i andre steg og for mellom 2,5 og 3 milliardar i tredje og siste steg.
Fure skjønar at det høyrest voldsomt ut, men minner om at det ikkje er store tala i internasjonal målestokk.
– Enkelte av konkurrentane våre i Kina er er allereie tre-fire gongar større enn det me blir viss me tidoblar oss. Den skalaen er heilt naudsynt skal me halda fram å redusera kostnadane per eining, seier Fure.
Verda ønskjer solkraft
Bakgrunnen for utvidinga er at marknaden for solenergi veks kraftig. I fjor vart det produsert 30 prosent meir straum frå sola enn prognosane viste på førehand. I dag kjem rundt halvparten av all ny elektrisitet frå fornybare kjelder, eit tal som var utenkjeleg for få år sidan.
Fornybarpilene peikar berre èin veg, og det har dei gjort ei stund.
– Etterspurnaden er der allereie. Me kunne ha levert mykje meir enn me gjer i dag, viss me hadde hatt kapasitet, seier Fure.
I september skreiv me om planane om å dobla kapasiteten ved fabrikken til NorSun i Årdal. Fure seier dei ikkje har blitt meir ambisiøse på fem månader, men at dei den gong snakka om første fase i utvidinga. No er det snakk om produksjonsnivået etter tredje og siste fase.
– Tidobling er der me kan vera etter full utbygging på Årdalstangen, seier Fure.
Årdal kan ta leiarposisjon
I Årdal er dei ikkje åleina om kunsten å omdanna rein energi til verdifull vare på verdsmarknaden. Aluminiumet til Hydro er òg ettertrakta utanfor landegrensene.
Den administrerande direktøren i NorSun trur Årdal har alle føresetnader for å gjera det skarpt i ei framtid der grøn industri forhåpentlegvis vil stå for ein stadig større del av verdiskapinga.
– Akkurat som aluminium, så er silisiumet me leverer eigentleg krystallisert energi. I Årdal har me fordel av å byggja tett på grøn energiproduksjon. Det pluss avansert teknologi og god drift er den moglegheita norsk industri har til å veksa framover, seier Fure.
Det siste er det inga overdriving å seia at NorSun har planar om å gjera.