Faddervekefrustrert

Vilde Amalie Tolo
Publisert
Oppdatert 15.08.2019 10:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg var spent. Eg grua meg faktisk. Eg var rett og slett ikkje så klar for russetid med stor R, saman med ein haug med ukjente. Er det lov å seie? Kanskje ikkje eigentleg. Eller er det kanskje nettopp det det er. Kanskje det til og med er viktig. Bror min plar seie at det gjeld å «bare gjær det». Så eg gjer det. Ærleg nok, på ein fredag som denne. Før det brakar laus med partybåt og hawaiikostyme, DJ og allsong om få timar.

På måndag gjekk eg inn i rekkja som student. I alle fall på papiret. I praksis gjekk eg inn i fest, fyll, vorspiel og festival. Med kostymer, harrifaktor og blandevatn. Og forventningar, krav, press. Drikkeleikar, speed dating, musikk og dans. Eg har glowa. Eg har vore backpackar. Eg har gått gjennom Bergen sentrum som eit pacman-spøkelse. Eg har smilt. Ledd. Vore entusiastisk. Vist engasjement. Det skal ikkje stå på deltakinga. Men eg har òg lata som om. For eg har vore sliten. Lei. Frustrert. Edru. Og lite gira. Torsdag kveld var eg publikum på AURORA i staden for idrettsutøvar på party. Takk, AURORA, du er rå, og alle eg kjenner burde vore der. Til og med studentane.

AURORA var rå. Også var det godt å få litt fred. Frå berre nytt, frå inntrykk, frå fadderlivet. Eg er ikkje motstandar av fadderveka. Eg er ikkje motstandar av kostymer. Eller engasjement. Nye menneske. Ikkje av alkohol heller. Ikkje fest. Ikkje nattklubbar. Men så er eg litt motstandar likevel, då. Ein jo ikkje drikke. Ein jo ikkje vere med på alt. Ein jo ikkje vere ute heile natta. Ein ingenting og styrer seg sjølv og skal ta eigne val og gjere det som er best for seg og ikkje kjenne seg pressa eller stressa eller utanfor eller noko. Men, og eg beklagar og er lei meg og alt, eg har altså kjent meg både pressa og stressa og utanfor i løpet av veka. Og eg trur mange gjer det. Misforstå meg rett. Eg trur at ei ny russetid er midt i blinken for mange. Eg trur at engasjementet er sant i mange. Eg trur at mange gler seg til fadderveka. Eg trur til og med at nokon synst det er så kjekt at dei vil gjere det eitt år til. Og eg veit at det er slik.

Men det er ikkje slik for alle. Det er ikkje slik for dei ein nesten ikkje ser gjennom heile veka, dei som ikkje orkar å delta. Og det er ikkje slik for alle som deltar heller. Dessverre. For det er drikkepress her. Og partypress. Og nattelivspress. Kanskje ikkje på papiret. Men det ligg i korta. Det ligg i programmet. Ikkje i det alkoholfrie programmet. For dét finst. Med alternative arrangement. Og det er kjempefint og kjempeviktig og alt. Men hadde ikkje alkoholen hatt godt av å menge seg litt med Pepsi Max-jenta og Jesusguten òg?

Nei, hallo, stakkar. Dei skal skånast. Frå alkoholen. Frå festen. Frå menneska. Frå dei potensielle vennene. Frå gruppa. Frå heile miljøet. Dette er ikkje noko for deg. Vi har eit anna program. Reservert for deg og dei andre som står utanfor og ser inn. For deg som ikkje høyrer til her.

Fjordsightseeing er kjempefint. Lazertag er sikkert òg kjempefint. Og konsert er eit kjempefint alternativ til «bar til bar»-onsdag. Men nei takk. Eg ombestemmer meg. Det alternative, alkoholfrie programmet er ikkje berre kjempefint og kjempeviktig og alt. For byggjer det ikkje opp under skiljet, kontrastane, mellom normalen og mindretalet, mellom dei som skal vere med på fadderveka og dei som må få eit eige, tilrettelagt program, mellom gjengen og dei andre, mellom to typar menneske? Understrekar det ikkje drikkepresset? Partypresset? Og nattelivspresset? Og dét til og med på papiret?

Det er synd. Men eg takkar for mykje anna. For moglegheita for ein mjuk start. For opplegg og aktivitet. For fokus på å bli kjent. Og det er kjempeviktig. Og eg har deltatt. Eg har vore med. Eg har til og med fått kontakt med fleire fine folk, som alle skal gå saman med meg på studie, og som eg mest sannsynleg skal vere mykje rundt dei neste åra. Eg har vore i komfortsona mi, men òg ofte utanfor. Eg har øvt på small talk, men òg hatt nokon litt meir ordentlege samtalar. Takka vere fadderveka 2016.

Det er fredag. Kvelden byr på hula hula og blomar i håret, to vorspiel og minst ein bar. Fett nok det. Men i morgon tar eg fri.

LES OGSÅ: Drikk mest – studerer minst

LES OGSÅ: Seks av ti meiner det er for mykje drikkepress