Politikk og samfunn

I sykkelparadiset Nederland bruker berre 0,5 prosent hjelm

Vi kan absolutt lære av Nederland når det kjem til legge til rette for sykling, investering i infrastruktur og å prioritere sykling i byplanlegginga, skriv Edvard Storm Simonsen.

Edvard Storm Simonsen
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Første dagen min på utveksling i Nederland møtte eg ein meksikanar som sa han ikkje kunne sykle. Då lo alle og sa: «Då trur eg du har kome til feil land, kompis».

I haust flytta eg til Nederland for å ta eit utvekslingssemester i utlandet. Valet fall på Nederland fordi den nederlandske kulturen på mange måtar ikkje er så frykteleg ulik den norske. Nesten alle kan engelsk, utdanning er billig og bra, og befolkninga er blant dei høgaste i verda.

Éin ting som slo meg allereie første dagen var at stereotypien om at nederlendarar syklar overalt, stemmer. Uansett kva for ein veg eg snudde meg kom det syklar i full fart.

I byen eg studerer i, Utrecht, er det veldig gode kollektivtransportsamband. Likevel vel fleirtalet av dei eg kjenner å sykle dit dei skal.

Kvifor syklar alle?

Det er mange grunner til å velje å sykle og ikkje ta bil, buss eller trikk. Her er nokre av dei:

1. Det er dønn flatt

Omtrent heile Nederland er flatt. Over halvparten av landet ligg under 1 meter over havet. Over ein firedel av landet ligg under havnivå.

Nederlands høgste punkt, Vaalserberg, er ikkje eingong eit fjell, men ein ås som ligg 322 meter over havet. Det imponerer nok ikkje andre enn danskane.

Poenget er at det er deilig å sykle når du veit at du ikkje treng å slite deg opp ein einaste tung motbakke. Når det er sagt så må eg seie at eg saknar ein skikkeleg god nedoverbakke.

2. Gode sykkelvegar

For å akkompagnere det flate landskapet er det bygd drøssevis av gode sykkelvegar, så ein faktisk kan få nytte av mangelen på motbakkar. Dei er overalt, veldig ofte fullstendig åtskilt frå bilvegen, som gjer at det er stille og roleg, og at ein føler seg trygg som syklist.

Det er få oppoverbakkar i Nederland for Edvard. | Foto: Privat

3. Prioritert i trafikken

Å føle seg trygg som syklist er ein viktig grunn til at så mange vel å sykle. I lyskryss er det alltid eigne lys for syklistar så ein kan vere heilt sikker på at det aldri kjem ein bil i hundre frå venstre.

Viss ikkje det er lyskryss er det ofte bilane som må vike for syklane.

4. Tilrettelagt parkering

Uansett kor du skal er det sykkelparkering der.

Matbutikken, kinoen og frisøren har alle tilrettelagde stader ein kan parkere sykkelen sin. Sjølv på dei mindre togstasjonane er det svære parkeringsanlegg med plass til hundrevis eller tusenvis av syklar.

Korleis får du tak i ein sykkel?

Korleis får ein tak i ein sykkel då? Er du berre ute etter ein sykkel du kan ha ein kort periode er det gode ordningar for å leige syklar. Elles er det ein stor bruktmarknad for syklar.

Viss du er villig til å sjå mellom fingrane på tjuveri er det enkelt å få tak i ein stolen sykkel til ein billig penge.

Eg kjenner fleire som har kjøpt tjuvegods-syklar frå heimlause personar.

Du bidreg til å halde hjula i gang på sykkeltjuveri og ulovleg sal, som allereie er eit stort problem i Nederland, men når du kan få ein heilt brukbar sykkel til eit par hundre kroner (i kontantar, sjølvsagt), er det lett å falle for freistinga.

Det er også deilig å ha ein billig sykkel, så du ikkje treng å vere redd for at nokon stel han.

Du treng ein trygg plass å plassere sykkelen din, dersom du ikkje vil at han skal bli stole. | Foto: Privat

Ingen hjelmar

Ein annan ting eg har bite meg merke i er at nesten ingen bruker hjelm når dei syklar.

For ei stund sida gjekk eg forbi ein barneskuleklasse som skulle på sykkeltur. Ingen hadde på seg hjelm, verken dei vaksne eller barna. Når vi skulle på sykkeltur med barneskulen, fekk du ikkje vere med viss ikkje du hadde hjelm.

Det er kanskje ikkje heilt uvanleg å sjå ein syklist utan hjelm i Noreg, men ifølge Trygg Trafikk bruker faktisk 66 prosent av norske syklistar hjelm.

Korleis er det i Nederland? 0,5 prosent av dei som syklar bruker hjelm.

For dei fleste går det bra, men for nokon endar det fatalt. I 2022 døydde 291 syklistar i trafikken i Nederland.

I Noreg har talet vore mellom 5 og 12 daude i syklistar i året dei siste ti åra.

Mange positive effektar

Sykling er sunt både på personleg- og samfunnsnivå.

Personleg hjelper sykling med å halde deg i god form, førebygge livsstilssjukdomar og oppretthalde ei god fysisk og mental helse.

Samstundes bidreg sykling til å minske luft- og lydforureining, klimagassutslepp. I tillegg vert det betre plass på bilvegane for dei som er avhengig av dei. Vinn-vinn!

Inspirasjon for Noreg?

Sykling fungerer svært godt i Nederland på grunn av gjennomtenkt infrastruktur, prioritet for syklistar i trafikken, og ein kultur som verdset sykling, i tillegg til at det er så flatt.

Det er vanskeleg for Noreg å gjere noko med alle fjella, men vi kan absolutt lære av Nederland når det kjem til legge til rette for sykling, investering i infrastruktur og å prioritere sykling i byplanlegginga.

Dette vil få fleire til å sykle, som både er bra for folkehelsa og miljøet.