Hus på hjul?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har inga trapp enno, men berre kom inn! seier Matias Askvik og stig inn i reisverket. Han går frå rom til rom gjennom enno usynlege vegger, peikar og forklårar: – Her vert det bad, med dusj, vask og do, her ute har du kjøkkenet, der skal peisen stå og her borte vert det stove.

Alt ein treng, altså, på ein elleve kvadratmeter stor tilhengjar. 

LES OGSÅ:Slik får du ein nynorsk Øyafestival

Det var i fjor haust han og kjærasten, Sarah Olausen, kom over The Tiny House Movement, som har vakse seg stor i USA, og vart inspirerte. Etter å ha lese, planlagd og teikna, drøymt, fortvilt, nesten gjeve opp og fatta nytt mot gjennom vinteren, er dei no storfornøgde med å vera i gang. 

For to veker sidan flytta dei og hunden Najma ut av leilegheita i Fredrikstad, der dei studerer, og slo seg ned i ein lavvo utanfor den nedlagde papirfabrikken i Moss. Der får dei god hjelp frå gjengen bak Gjenbruket, ei redesign-verksemd som no held til i fabrikklokala.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda

Vanedannande endring

Håpet er å finna ein stad i nærleiken av Fredrikstad der dei kan parkera huset. Får dei stå billeg eller gratis, vil det hjelpa godt på den slunkne studentøkonomien.

Likevel er det er korkje økonomiske omsyn eller skapargleda som er hovudmotivasjonen for byggjeprosjektet. Klima- og miljøspørsmål har vorte ein stadig meir sentral del av liva deira.

– Det er ein lang prosess, det å verta meir medviten om «Kva kan eg gjera i kvardagen min for å ha litt betre samvit?», seier Sarah. 

Sarah og Matias har fått mange positive attendemeldingar på byggjeprosjektet sitt frå fjern og nær. Dei får vera hjå Gjenbruket i Moss medan dei byggjer, og Høgskolen i Østfold, der dei studerer, har lånt dei utstyr. Foto: Ingrid Eidsheim Daae / NPK

LES OGSÅ: Ingen bak rattet

– Eg har alltid vore interessert i å vera klimavenleg, men eg har ikkje teke konsekvensen av det før dei siste par åra. Før hadde me bil, me fylde opp leilegheita med ting, og hadde eit ganske umedvite forhold til mat og reising, seier Matias.

Gradvis har dei to vorte vegetarianarar, fordi dei synest moderne matindustri er ja, usmakeleg. 

Dei har fått eit svært medvite forhold til eige forbruk, og har seld dei fleste eigedelane sine, både for å finansiera prosjektet, og for å få plass i minihuset.

– Ein kan bli litt hekta på det. Eg synest det er veldig gøy å ta dei vala, og ein merkar og at ein har innverknad på andre folk. Som med dette huset, det er så mange som reagerer positivt på det, uansett kva livsfilosofiar dei har, om dei er opptekne av miljøet eller ikkje, seier Matias.

LES OGSÅ:Gamle mobilar gull verd

Kunsten å kompromissa

Læringskurva gjennom byggjeprosessen har vore bratt. Matias studerer scenografi, og har god nytte av det han har lært om byggjeteknikk.

Utfordringane er likevel mange. Korleis byggjer ein eigentleg tak som heller nok til at regnet renn av, utan at huset vert for høgt til å frakta på vegen, og utan å forkorta hemsen der ein skal sova?

Mange omsyn må vegast opp mot kvarandre. Det gjeld òg kor langt på veg det er mogleg å nytta brukte materialar. 

– Me innser at me ikkje kan driva og skifta hovud på kvar skrue om me skal koma nokon veg, litt må vera nytt for at me skal bli ferdige i tide, seier Matias.

Kor lenge ser dei så føre seg at dei kan bu i minihuset?

– Tydelegvis kan ein ikkje få born her, på grunn av folkeregistrering, så det er jo ei avgrensing. Samstundes byggjer me det med tanke på å kunna ha det lenge, så me har freista å ikkje velja lettvinte løysingar. Det er ein livsstil me har lyst til å ha, for å seia det på den måten, avsluttar han.

LES OGSÅ: Robin Hood-jenta