Kva skjer når ein republikk blir erstatta av eit keisardømme?

Isak Slettebø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aske Damtoft Poulsen er latinfilolog og har nyleg forsvart doktoravhandlinga si. Han har forska på verket Annalar av Tacitus (ca. 56-120 e.Kr.), historikaren som skildrar svik, mot og bitre maktkampar i Romarriket, kort tid etter at keisar Augustus var død.

– Kva kan me læra av Tacitus i dag?

– Eg vil gjerne seia «alt», for god litteratur kan leia tankane mest kor som helst. Men eg får halda meg i skinnet og nøya meg med å seia «politikk» for denne gongen. 

– Tacitus skildrar kva som skjer når ein republikk – eit slags demokrati – blir erstatta av eit keisardøme – eit slags einevelde. Kva skjer med omgrepa våre, moralen og historieforståinga? Korleis oppfører mennesket seg når det er underlagt logikken til eineveldet?

Korleis skal ein senator reagera når keisaren døyr?

Damtoft gir eit døme frå Annalar: «Men i Roma sprang dei inn i slaveriet, konsular, senatorar, riddarar. Jo høgare rang, desto falskare og med desto større iver, med andletet forma for ikkje å synast for glad over døden til éin keisar, men heller ikkje for trist i møtet med ein ny. Dei blanda tårer, glede, jammer og smisk.»

Annalane til Tacitus skal framleis vera god lesnad, nesten to millennium etter at dei blei skrivne.

– I tillegg til å gi eit minneverdig bilete av dei stakkars senatorane (korleis set ein opp andletet slik at ein ser både glad og trist ut på éin gong?), syner passasjen òg at eineveldet og slaveriet ikkje treng å bli tvinga på eit folk.

I dei rette omstenda kan folk sjølv søkja tilflukt i eineveldet. Verka til Tacitus omhandlar både dei som nyttelaust gjer motstand mot, og dei som underdanig samarbeider med, keisarregimet, og alle mogelege nyansar mellom dei.

Les også: Elitane kveler oss – alltid

Etter Augustus var det uro i Romarriket, og hardstyraren Nero blei keisar i 54 e.Kr. Carl Theodor von Piloty / CC BY-SA 3.0-lisens

Politikarar forsvarer streng innvandringspolitikk med romersk historie

– Ser me nokre likskapar mellom det Romarriket Tacitus skildrar, og andre stormakter i dag og i nyare tid?

– Om det kan ein skriva – og det blir skrive – hyllemeter. Sjølv om det så klart finst likskapar mellom ulike statar og ulike tider, vil eg heller slå eit slag for faren ved slike samanlikningar. Dei er altfor ofte overflatiske, unyanserte og totalt blotta for kontekst: Ein vel ut visse aspekt ved antikken, forenklar dei, og nyttar dei til å byggja opp under eigne politiske oppfatningar.

Damtoft peiker på teorien om at Romarriket fall på grunn av barbar-invasjonar. Moderne politikarar dreg gjerne parallellar til i dag for å legitimera restriktiv innvandringspolitikk.

– Slike korthus kan vera ekstremt effektive retorisk, og har ofte eit langt sterkare folkeleg enn vitskapleg fundament.

Påstanden om at barbar-invasjoner tok knekken på Romarriket, er for lengst blitt nyansert av forsking. Likevel lever han ofte vidare i populærvitskaplege og politiske debattar.

– Men sjølv om slike ordskifte syner at populærvitskapleg historiebruk kan vera både farleg og farleg effektivt, er det samstundes eit døme på at diskusjonar om oldtida kan vera ein møtestad for konstruktiv debatt om vår eiga framtid.

«Dei lagar ei øydemark og kallar det fred!»

Calgacus eggja opp kaledonarane med ein kruttsterk tale mot romarane. Grafikk, 1859 / CC-lisens

Damtoft trekkjer fram ein tale av den britiske fridomshelten Calgacus, som sloss imot romarane omkring år 80 e.Kr. i det noverande Skottland.

Før det avgjerande slaget skal Calgacus ha sagt «solitudinem faciunt, pacem appellant!» om romarane. «Dei lagar ei øydemark og kallar det fred!»

– Calgacus minner oss om at kvart land som involverer seg politisk – økonomisk eller militært – i eit anna land, må tenkja grundig over spørsmål om legitimering og konsekvensar.

Les også: Stor undersøking av nordmenn: Ja til flyktningar, nei til arbeidsinnvandrarar

Løynd stikk til Augustus

Eit faguttrykk me ikkje kjem utanom når me les dei gamle romarane, er intertekstualitet. Damtoft utdjupar:

– Alt me seier og skriv, må forståast utifrå kva som tidlegare er sagt og skrive. Intertekstualitet er difor innebygd i all litteratur. Men, bruken av intertekstualitet som eit medvite verkemiddel frå forfattaren for å skapa meining i teksten, hadde utan tvil ein gullalder i antikken.

Damtoft gir eit døme, og det er no det blir interessant:

– Når Tacitus lèt Augustus’ kritikarar omtala han som ein «machinator doli», «oppfinnar av svik», så er det ein hard dom over den fyrste keisaren. Men hardare blir det når ein byrjar å fundera over kvar Tacitus kan ha henta eit slikt uttrykk.

Sjølv om ordet «machinator» er svært uvanleg og ikkje dukkar opp saman med «doli» nokon annan stad i oldtidslitteraturen, så finn me nemleg liknande uttrykk nytta om grekarane som narra trojanarane med den vidgjetne hesten.

Keisar Augustus – ein svikar av greske dimensjonar? Tacitus kan ha meint det. Statue: Vatikanmusea

Damtoft peikar på Odysseus, som hjå romaren Seneca blir skildra som ein «machinator fraudis», «ein oppfinnar av bedrag». Arkitekten Epos blir dessutan kalla ein «doli fabricator», ingeniør av svik, av Vergil.

– Brått er Augustus altså ikkje berre ein generelt sleip person, men ein mann som kastar ein skugge, og i skuggen kan ein skimta svikefulle grekarar. Kva for konsekvensar har det for heilskapsbiletet av Augustus, særleg med tanke på at romarane meinte dei sjølv var etterkomarar av trojanarane?

Blir Augustus då ein slags forrædar mot sitt eige folk?

Det kan verka i overkant dristig å lesa så mykje ut av det vesle uttrykket, men Damtoft seier me gjer rett i å tolka med tæl.

Populære i autoritære regime

– Me veit at oldtidsforfattarar la ned stor møde i å pønska ut smarte allusjonar. T.d. skriv poeten Horats eksplisitt om – og beklagar seg over – at slike allusjonar ikkje alltid blir oppfatta av lesarane, sjå Hor. Epist. 2.1.224-5: «cum lamentamur non apparere labores / nostros», «me beklagar oss over at vårt strev ikkje kjem til syne», forklarer Damtoft.

Dei antikke forfattarane spelar kontinuerleg dette spelet med lesaren, som på den måten blir både utfordra og involvert i teksten.

– Med dette i bakhovudet er det kan henda ikkje så rart at forfattarar heilt opp til våre dagar, som levde under autoritære regime, t.d. Kapucinski og andre i Sovjet, har trykt oldtidsforfattarane til sitt bryst. Dei må jo læra kunsten å skriva allegorisk for å unngå sensurens lange arm, held han fram.

Les også: Døde kvite menn

– Det finst ei klar line mellom oss og romarane

Damtoft er tidlegare latinelev av lektor Hilde Sejersted, som me har intervjua før her i Framtida.

– Trur du fleire ungdomar kunne hatt glede av å læra latin på skulen?

– Absolutt, både glede og nytte. Studiet av latin opnar dører til sjølvrefleksjon innanfor både språk og samfunn.

Forståinga av at det går an å omgi seg med andre omgrep og tenkja i andre vendingar, ja rett og slett leva i ein annan røyndom, er ifylgje Damtoft ein uvurderleg lærdom.

– Samstundes finst det jo òg ei klar line mellom oss og romarane: I den eine augneblinken er dei heilt framande, medan i den andre, frå eit anna perspektiv, verkar dei nesten som brør av vår eiga tid. Både latinen og romarane er gode å tenkja med, held han fram.

Damtoft vedgår at romarane levde i eit heilt anna samfunn, med ein svært annleis røyndomssans og med andre sanningar. Dei er nærast utanfor vår mentale rekkjevidde, men framleis er me i Vesten etterkomarar av dei – og latin utgjer tyngda av den arven dei har lagt igjen.

– Viktig å sjå kritisk på vår eigen kultur frå ståstaden til ein annan

– Samstundes trur eg, sjølv om eg jo sjølv har særleg sans for antikken, at det viktigaste likevel er at ein fordjupar seg i ein annan kultur, same kva for ein det måtte vera.

Damtoft dreg fram den engelske diktaren og litteraturkritikaren T. S. Eliot, som i eit essay skriv at det finst to ulike typar av provinsialisme. 

Ein kan vera trongsynt ikkje berre mot verda rundt seg, men òg mot fortida.

– Den sistnemnde provinsialismen inneber at ein ser på historia som ei rekkje oppdagingar og eksperiment som berre har eitt mål: å leia oss til dagens samfunn.

Innanfor ei slik verdsoppfatning har fortida verdi berre dersom ho kan gagna moderne menneske.

– Langt viktigare enn evna til å sjå kritisk på ein annan kultur, er evna til å sjå kritisk på sin eigen frå ståstaden til ein annan kultur.

Les også: Meir skjønnlitteratur i skulen!