Ein ny NASA-modell teiknar eit dystert bilete av framtida. Sivilisasjonen vi alle er ein del av, kjem til å bryta saman. Særleg farleg er elitane, dei festar medan Roma brenn.

Jon Hustad, Dag og Tid
Jon Hustad, Dag og Tid

Verdas kan henda mest populære fjernsynsserie for tida er den amerikanske HBO-serien Game of Thrones, som denne veka byrjar sin fjerde sesong. Serien er god underhaldning og dårleg dramatikk, som all dramatikk som må lena seg på det utanom­jordiske. Men som så ofte før ligg suksessen i sivilisasjonssamanbrot.

Det meste av serien går føre seg i dei såkalla Sju kongerika, som vert styrde av ein tvers gjennom vond barnekonge. Nær åleine mot han står ein vasallstat i nord, som vert styrd av ein familie der dei vaksne berre er gode. Det rettnok litt særmerkte med denne serien er at dei som berre er snille og gode, vert drepne, ein etter ein. Dei som derimot over­lever, er dei som berre er vonde og dei som både er vonde og snille, og særleg overlevingsdyktige er dei som byrjar som vonde, men etter kvart finn ein del godt i seg sjølv.

I Dei sju kongerika er det konstant borgarkrig, elitane lever eit liv i sus og dus, men greier ikkje å lata vera å kriga. Og verst av alt ignorerer dei dei felles trugsmåla både frå sør og nord. For i sør styrer ei stadig meir mektig dronning, ho kontrollerer tre barnedrakar som vert større og større. I nord veks ein zombiehær av ismenneske som forvandlar alle dei drep, til levande døde.

Lett å spå
Korkje Game of Thrones eller bokserien han er bygd på, er ferdigskriven, men det er nokså lett å spå korleis det heile går. (Merk: Underskrivne har ikkje lese bøkene.) Dronninga i sør er både god og vond og har kontroll over elden. Det einaste som kan stogga zombiane, er eld og lava­stein smelta av dragar. Dronninga kjem til å utrydda zombiehæren. Samstundes har ei fæl kvinne som har lurt ein konge inne i Dei sju kongerika, alliert seg med ein vond eldgud. Den endelege kampen kjem til å stå mellom desse to eldkvinnene der dronninga frå sør får hjelp av ei ung jente som er dotter frå den gode familien i nord. Denne unge jenta har nemleg vilje til å vera vond når det er trong for det. Og i sluttkampen kjem alle dei i eliten som berre er vonde, til å verta totalt utrydda. Og voila, Dei sju kongerika og sivilisasjonen med dei kjem til å verta berga.

Kor realistiske er så slike seriar? Nokså realistiske om vi skal tru ein ny NASA-modell, då sett bort frå den biten med utanomjordiske krefter og berginga av sivilisasjonen.

HANDY-modellen
Modellen har fått det prosaiske namnet «A Minimial Model for Human and Nature Interaction», eller HANDY, og er utvikla av dei to statsvitarane Safa Mothesharrei og Jorge Rivas og økologen Eugenia Kalnay. Det dei har funne, er, for å seia det slik, deprimerande. Vår nokså unge sivilisasjon, den kapitalistiske og industrielle, som berre har vart i knapt to hundre år, ser ut til å vera på veg på mot undergangen.

At sivilisasjonar bryt saman, er ikkje noko nytt i historia. Keisardynasti i Kina braut støtt saman, faraoane er borte, og det er alle dei ulike sivilisasjonane i Mesopotamia òg, romarane er det lenge sidan vi høyrde noko frå. Alltid og til alle tider har barbarane ved porten trengt seg inn og plyndra og drepe.

Det alle desse samanbrota har sams, er noko så enkelt som to ting, seier NASA og dei tre forskarane: 1) økologisk overlast og 2) økonomisk stratifikasjon eller lagdeling. Kort sagt: Når vi får eigedomskontroll og nokon ser høve til å stikka av frå resten ved å samla opp profitt og formue, så ryk sjølve det sosiale og øko­logiske fundamentet.

Ulvar og kaninar
Utgangspunktet for HANDY-modellen er ein enkel biologisk modell frå naturen om korleis byttedyr og rovdyr balanserer ut kvarandre. Om vi får eit godt kaninår, får ulvemødrene fleire kvelpar, og så vert det for mange ulvar, og vi får færre kaninar, og så får vi færre ulvar og så får vi fleire kaninar, og slik går åra. I NASA-modellen er naturen vorten gjeven rolla som byttet eller kaninen, og menneska har fått rolla til ulven og vert kalla predatorar eller rovdyr. Vidare vert naturen delt opp i to variablar, reine naturressursar og oppsamla rikdom eller formue. Menneska vert på si side delte opp i to grupper: elitar og vanlege, og inni denne modellen har forskarane plotta inn store mengder data.

Ein vanleg kritikk mot slike modellar er at dei ikkje tek om­­syn til at den industrielle revolusjonen er noko grunnleggjande nytt i soga til manneætta; den industrielle revolusjonen har nemleg gjort oss i stand til å nytta stadig mindre ressursar og energi per produkt vi konsumerer. Forskarane er sjølvsagt fullstendig klare over dette, men, peikar dei på, teknologiske utbetringar «har det med å auka forbruket per capita og ressursuttakinga (…) slik at det auka konsumet utliknar effekten av betre ressursbruk». Eller sagt på ein annan måte: Di meir energieffektive bilar, di fleire bilar.

Elitar er verst
Forskarane køyrer ei rekkje ulike føresetnader gjennom modellen sin, samfunn utan elitar, samfunn med få i eliten, samfunn der ein ikkje aukar konsumet, samfunn der ein aukar konsumet, og så bortetter. I dei fleste tilfella kollapsar den noverande verdsordenen.
Det største problemet ser ut til å vera økonomisk stratifisering, at rikdom vert samla opp på nokre hender, «som er nærast den modellen verda er bygd på i dag». Veks det fram elitar, «finn vi at kollaps er vanskeleg å unngå», konkluderer forskarane. Ja, jamvel med ein modell der folk flest ikkje får auka velstand og eliten i byrjinga er særs liten, ein modell forskarane seier «ser ut til å vera berekraftig over lang tid, endar likevel med at eliten vert for talrik og konsumerer for mykje, som i sin tur fører til hungers­naud mellom vanlege menneske og som igjen fører til samfunnskollaps». I denne modellen kollapsar rett nok ikkje naturen i seg sjølv, men berre samfunnet av di det vert for få arbeidarar.

Sams for alle modellane med økonomisk stratifisering er at eliten ikkje møter problem før lang tid etter vanlege menneske. Rikdomen i seg sjølv og det at ting ser normale ut for dei, gjer at dei ikkje reagerer. Omsett til norsk: Når Jens Stoltenberg har fint kontor og god løn i NATO, bryr han seg neppe om luftureininga i Bergen eller at matjord vert nedbygd på Romerike. Nett denne mekanismen meiner NASA kan stå attom kollapsen til Maya-kulturen og Romarriket.

LES OGSÅ: Straffar elevar med Game of Thrones-avsløringar

Ei lita von
Finst det noka slags von? Kan vi vona at verda overlever utan hungersnaud, krig og vald? Ja, men det er ikkje ein særleg lysteleg modell som må til for at det skal verta røyndom: absolutt likskap og folketalskontroll, som høyrest ut som Kina under Mao.

Om vi ikkje aukar verdskonsumet og hindrar økonomisk stratifikasjon, altså avvikling av det meste vi liker i den fyrste verda, i kombinasjon med få born, byrjar folketalsveksten raskt å avtaka, og der framme når vi både eit stabilt folketal og eit stabilt forbruk. Vi får det forskarane kallar ei mjuk landing.
Det er òg eit visst rom for litt auka konsum, det gjer rett nok folketalsutviklinga litt meir ustabil, men framtida vil vi oppnå stabilitet på eit litt lægre folketalsnivå enn vi ville ha fått utan auka konsum. «Det vil verta død og sosial uro, men vi unngår total kollaps.» Om vi derimot held fram med å auka konsumet ukontrollert, men utan å tillata utvikling av elitar, så vil det koma periodar med stor økonomisk vekst med påfylgjande kollapsar, men kollapsane vil ikkje verta så store at alt går til grunne. Tillèt vi derimot konsumet å veksa utan politisk kontroll, er total kollaps ikkje til å unngå og det «endå om vi ikkje har økonomisk lagdeling».

Ein modell som òg kan vera berekraftig, er at vi lèt stadig fleire få sleppa å arbeida og at dei som arbeider, arbeider stadig mindre. Om stadig færre er i lønsarbeid, vil vi nå ein balanse som gjer at vi ikkje kan auka konsumet, men då må vi altså hindra at nokon får meir. Same kva: Vi kan ikkje ha elitar. Vi må altså få kommunisme utan velstandsauke.

Lenge att
Til slutt: Spørsmålet vi alle vil ha svar på: Når kjem kollapsen? Ingen av dei mange ulike grafane har folketalskollaps før det har gått minst hundre og femti år. Så då er det berre å taka fram fela og venta på at Roma brenn, eller at vi finn ut av kald fusjon eller noko anna fantastisk. Men kven har lyst til å finna på noko fantastisk, når ein ikkje kan få betalt for det? Det måtte eventuelt vera nokon utanomjordiske.

I Game of Thrones er dronninga frå sør faktisk ikkje interessert i rikdom. Men det er ikkje zombiane frå nord heller. I alle høve, neste gong du ser ein fantasy-serie om sivilisasjonssamanbrot og får dårleg samvit, så vit at det kan vera like god realisme i den som i Ibsens samla.

LES KOMMENTAREN I DAG OG TID!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

ANNONSE