Lærarstudentar tek forkurs i matematikk

143 studentar har denne sommaren bestått forkurset i matematikk og er dermed kvalifiserte for opptak i lærarutdanninga.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hausten 2016 innførte regjeringa krav om karakteren 4 i matematikk frå vidaregåande skule for å komme inn på lærarutdanninga. Alle søkarar som hadde karakteren 3 i matematikk, fekk tilbod om å ta gratis forkurs og forbetre karakteren, slik at dei kunne komme inn.

Les også: – Fjern det uimelege karakterkravet i matematikk!

Til saman 356 studentar deltok på forkurset, og 143 av dei – vel 40 prosent – bestod kurset. I fjor var det 33 prosent som nådde kravet.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) er oppteken av å kvalitetssikra lærarutdanninga. Foto: Liv Aarberg/Venstre

– Det er veldig gledeleg å sjå at delen som står, er høgare enn nokon gong. Lærarutdanninga er krevjande, og det skal ho vere. Karakterkravet er saman med innføringa av ein femårig mastergrad for lærarar viktige ledd i kvalitetssikringa av utdanninga. No ser vi at forkursa gir resultat, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

På Oslo Met bestod 59,5 prosent kurset, og på NLA Høgskolen 55,6 prosent. På Høgskolen i Østfold var det berre 11,1 prosent som stod.

Les også: Kva inneber det å vera ein god lærar?