«Jordas overforbruksdag» – og dagane derpå

Ida Heggland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Jordas overforbruksdag er den dagen i året kor vi har «brukt opp» jordas ressursar for året, som vil sei at ein resten av året brukar ressursar som vil ta over eit år på å gjenopprette.

Kjendisar, sex og fotball

Ifølgje NRK, er vi nordmenn blant verstingane på globalt klimaavtrykk, og dersom alle skulle levd som oss ville det vore behov for 3,6 jordklodar. Likevel lukkar nordmenn igjen auga mot det som skjer, og tar ikkje nok ansvar i kampen mot eit betre klima.

Etter litt surfing gjennom ei rekkje kjente aviser, var det berre eit fåtal av sidene som hadde fått med seg denne store dagen. Uansett kva, er det alltid saker om kjendisar, sex og fotball som toppar. Det er trist at ikkje fleire tek slikt på alvor.

Vi blir heller servert nyttelaust stoff framfor livsviktig informasjon. Kvifor sel ikkje slikt like bra som fakta om kor mykje kjendisar tener på Instagram, eller kva fotballspelarar som skal bytte klubb gjer?

Les òg: Dei rikaste er klimaverstingar

«Rekordvarme med ein bismak»

Eg trur at mange nordmenn er redd for ei forandring, og derfor vel å snu seg vekk framfor å gjere noko med problemet.

Kvifor velje forandring, når ein kan velje den gode vanlege komforten ein er vane med?

I staden for å setje seg inn i korleis ein skal resirkulera søppelet rett, hiv ein heller alt i same boss. Framfor å redde sunn, næringsrik mat som held på å gå ut på dato, kjøper ein heller ny mat – slik at den som går ut på dato går i bosset, heilt fin. Og kvifor skal ein velje ein full buss, når den perfekt tempererte bilen står klar i garasjen?

Vi fyller opp skap og hyller med ting vi kanskje aldri bruker, og tenkjer på pris når vi burde tenkt konsekvens. Eg høyrer ofte: «Dersom dette varme vêret er eit resultat av forureining, er ikkje dette noko eg vil endre». Det er som Jan Olav Sandal seier: «Rekordvarme med ein bismak».

Les òg: Rekordvarmt for tredje året på rad

Flaut å vere miljøvennleg?

Vi ler det heller vekk, når vi burde tenke på dei store konsekvensane slikt kan føre til. Konsekvensar av klimaendringane er noko som vil påverke oss alle til slutt, uansett om ein er rik eller fattig, uansett kva verdsdel ein lev i.

I tillegg trur eg òg at svært mange syns det på mange måtar er flaut å vere miljøvennleg. «Kva trur dei andre om meg dersom eg driv å plukkar opp plast frå bakken?» eller «tenk om nokon ser at eg kjøper brukt?».

Vi må slutte å være så fordomsfulle og heller motivere andre til å ta miljøbevisste val.

Sjølv får eg ofte spørsmålet om: «Kvifor er du vegetarianar?», i tillegg til mange fordomsfulle kommentarar om at det er teit og rart. Eller eg får tilsendt bilete av at folk et kjøtt for å freiste meg.

Vi må heie kvarandre fram og motivere andre til enkle tiltak som ein kjøttfri måndag, eller kutte ut unødvendig plast – ikkje øydelegge for dei som prøver å ta ansvar.

Eg vil påstå at det er flauare å vere han eller henne som kritiserer ein som prøver å redde miljøet, framfor å gjere miljøvennlege handlingar.

Les òg: Kvifor vegetarianarar må bøye eigne reglar

Fellesansvar

Dagane etter at vi har brukt opp ressursane kjem tidlegare og tidlegare for kvart år, og det er på tide å gjere fleire merksame. Berre i år har vi sett ein enorm ryddedugnad når det kjem til plast og anna avfall i naturen, og vi må stå på å heie dette fram enda meir!

Det held ikkje at nokon gjer mykje medan nokon ikkje gjer noko. Vi må lære oss å tenkje oss om to gangar før vi kjøpar, kastar og reiser. Vi har alle eit ansvar, dette gjeld tross alt framtida vår.