Dei rikaste er klimaverstingar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar ved CICERO har undersøkt klimaeffekten av reisevanene til nordmenn. Dei finn at flyreiser og bilreiser er dei av reisevanene som bidreg mest til global oppvarming, og at dei lengste flyreisene er verst.

Flyreiser står for 55 prosent og bilreisene for 36 prosent av klimaeffekten av norske reisevaner, ifølgje studien, som er publisert i tidsskriftet Travel Behaviour and Society.

LES OGSÅ: Lærer studentane å kjempa mot klimakrisa

Studien syner også at særleg inntekt påverkar klimaavtrykket vårt. Dess rikare vi er, dess meir reiser vi.

Dei rike flyr meir
– Skilnaden mellom fattige og rike er aller størst for flyreiser. Dette fører til at dei 20 prosentane med høgast inntekt i Noreg, har eit klimaavtrykk som er 240 prosent større enn dei 20 prosenta med lågast inntekt. Ser vi på andre formar for kollektivtrafikk enn fly er tala derimot motsett, seier CICERO-forskar Borgar Aamaas i ei pressemelding.

Der forklarar Aamaas at flyreiser har nokre ekstra ulemper samanlikna med bilreiser. Kondensstripene etter flya har nemleg ein sterk oppvarmande effekt.

– Medan nordmenn i 2009 flaug litt oftare innanlands enn utanlands, flyr dei som regel mykje lenger i utlandet. CO2 er den viktigaste bidragsytaren til global oppvarming, men kondensstriper og andre tilleggseffektar ved å fly doblar nærmast klimaavtrykket, forklarar Aamaas i pressemeldinga.

CO2 er ein svak klimagass, men den påverkar klimaet i mange hundre år. Kondensstriper og partiklar fører til svært kraftig oppvarming i den korte perioden dei påverkar atmosfæren.

Desse faktorane gjer det utfordrande å samanlikne fly- og bilreiser, men forskarane har likevel gjort eit forsøk på dette i studien.  Då fann dei at flyreiser i dei fleste tilfella påverka klimaet meir eller like mykje som bilreisene. Særleg dei lengste flyreisene har stor påverknad.

– Dei få reisene som er lengre enn 100 km står for nesten 70 prosent av den totale klimaeffekten frå flyreisene.

LES OGSÅ: Veit ikkje kor mykje kol Kina bruker

Teknologiske tiltak
Forskarane har også undersøkt klimapolitikk i Noreg. Dei meiner teknologiske tiltak vil ha større effekt enn tiltak retta mot å endre reisevaner.

– Det største enkelttiltaket er å redusere utslepp frå nye bilar mot 2020 ned til 85 g. CO2 per køyrte kilometer, noko som faktisk er i ferd med å verte gjennomført. Til samanlikning vil ein dobling av gå- og sykkeldelen bety langt mindre for klimaet, seier Aamaas.

Transport er den sektoren i Noreg som slepp ut mest drivhusgassar. Globalt står utslepp frå transportsektoren for kring ni prosent av temperaturendringane i 2000, og den totale globale klimaeffekten er størst for vegtransport, med flytransport på andreplass.

LES OGSÅ: «Menneska kan få til utrulege ting om vi berre gidd»

Faktaboks

Borgar Aamaas og Glen P. Peters: “The climate impact of Norwegians’ travel behavior. Travel behaviour and Society”. 2017