Rekordvarme med ein bismak

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sommaren 2018 har vore ein sommar for historiebøkene. Det har nesten ikkje gått ein dag forbi utan at ein varmerekord har blitt slått, og dette har gjeldt heile landet. Faktisk heile verda.

Eg sjølv har ikkje opplevd maken til sommar på mine 23 år og eg trivst godt med denne varmen og sola som steiker på himmelen. Eg har bada, ete mykje is, drukke øl og kosa meg saman med gode venner. Eg har til og med fått nye venner som resultat av sommarvarmen.

Mitt generelle humør har vore mykje betre i år enn elles og det er det nok vêrgudane som er ansvarlege for. Eg har ein følelse av at eg ikkje åleine om dette.

Les også: Sjeldan tropisk fugl vitja vestlandet

Tomme isdiskar og auka øl- og brussal

I avisene har vi lese om butikkar som slit med tomme isdiskar, auke i øl- og brussal og om restplass-fly som er tomme. Alle tilfella er direkte konsekvensar av sola og tilsynelatande positivt for både næringa og den generelle lykka i Norge.

Til og med Nord-Norge har fått smake på sommarvarmen og ser temperaturar langt oppe på 20-talet. Dette fell nok i god jord hjå dei som arrangerer Monsen minutt for minutt. Om ikkje det rett og slett blir litt for varmt.

Trass i alle desse godane som veret bringer med seg er det noko som skurrar litt og det tek vekk litt av gleda.

Les også: Har sett inn ekstra tiltak for at nordmenn skal få nok iskrem

Vassmangel i Norge

Innimellom dei trivelige overskriftene kan ein lese om fortvila bønder som ikkje klarer å produsere for til dyra sine på grunn av mangel på vatn.

Mangel på vatn i Norge altså. Det har vore så kritisk at ekspertane har nemnt at det kan bli sett inn restriksjonar på bruken vår. Litt surrealistisk spør du meg.

Les også: Biolog: – Om tørken held fram, vert det katastrofalt for soppsesongen

Brannar i området vårt

Ein annan ting som gjer at ein kan stusse er at det herjar unormalt mange brannar i området vårt. Spesielt i Sverige har vi fått sett kva skade det kan gjere, men også her i Norge har det vore mange skogbrannar.

Eit torever laurdag 28. juli var ein av årsakene til at det brann 40 stadar i landet. Heldigvis har brannvesenet klart å ta hand om situasjonane før dei har mista kontrollen heilt, og noko regn har vore til hjelp i sløkkinga. Andre land har ikkje vore fullt så heldige.

Les også: Amfibia lir i varmen

Global oppvarming

Desse hendingane har ført til at ein uggen følelse har vakse fram i magen. Er det tilfeldig at alt dette skjer akkurat no?
Svaret som dukkar opp i hovudet mitt er: Klimaendringar.
Den globale oppvarminga som veldig mange har snakka om i årevis verkar til å endeleg vise seg i praksis.

Forskarar har fortalt at varmerekordar isolert sett ikkje kan grunngivast med global oppvarming. Men som eit resultat av oppvarminga vil vi får fleire slike rekordar og meir ekstremver. Denne tendensen har vi altså sannsynlegvis fått ein forsmak på denne sommaren.

Les også: Tørken gir dårlegare kornavlingar enn på over femti år

Matmangel og tapte menneskeliv

Over heile verda har det blitt sett varmerekordar. I løpet av sommaren har det blitt registrert rekordar på dei relativt vilkårlege stadane Canada, Irland og Midtøsten.

Vi veit også at med desse aukande temperaturane vil det følge f.eks. matmangel og fleire skogbrannar. Dette vil koste menneskeliv. Ganske mange menneskeliv.

Derfor er det at eg ikkje heilt får til å nyte isen min på Sørenga utan ein bismak. For det er ganske vanskelig å oversjå at dette skjer.

Samstundes veit eg at det er vi som bur i privilegerte land som Norge som må ta ansvar for å avgrense desse konsekvensane.
Så tenk litt på det neste gong du opnar ei øl på Tjuvholmen.

Les også: Nordmenn er overraska over eige forbruk, og lite viljuge til å kutte