Framtida
Publisert
Oppdatert 01.09.2018 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Olav Riber Østlie (18) er leiar i
ungdomsrådet til Ullensvang. Foto: Mari Hansen

I Ullensvang er det 15-års grense på dei lokale bygdefestane for vaksne med alkoholservering. Politikarane har hatt temaet opp til diskusjon fleire gonger om denne tradisjonen skal halda fram, eller om ein skal innføra 18-års grense slik det oftast er på arrangement med alkoholservering.

Leiaren i Ungdomsrådet, Olav Riber Østlie (18), meiner at ein må halda på tradisjonen.

– Eg synest alternativet der ungdom sit og drikk åleine for eiga regjering ikkje er bra. På ein bygdefest er dei saman med folk som kjenner dei og med tryggare omgjevnader, fortel han.

– Eg trur ungdom drikk uansett kva ein gjer, men det beste for å unngå at ungdom under 18 drikk, er rusfrie alternativ.

LES OGSÅ: – Vi har eit større problem med alkohol enn vi vil innrømme

Fleire ungdomsskuleelevar har smakt alkohol på bygda

Nær éin av seks ungdommar i Hardanger har drukke alkohol før dei byrjar på vidaregåande, ifølgje tal frå UngData. Det er høgare enn landssnittet. Men i Ullensvang er det no færre ungdommar i ungdomsskulealder som har drukke alkohol.

– Det er positivt. Men me har framleis ein jobb å gjera for å leggja til rette for gode aktivitetar og alternativ for ungdom, seier SLT- og ungdomskoroordinator i Ullensvang herad, Stig Hope.

Han skryt av ungdommen:

– Det er mykje fin ungdom i Ullensvang, det ser me og på statistikkane til politiet. Men ungdom melder ofte frå om eit press på både alkohol og narkotika når dei kjem på vidaregåande skule, fortel Hope.

Ullensvang har ikkje vidaregåande skule, ungdomen vel ofte å reise til nabokommunane.

LES OGSÅ: Norske ungdommar røyker og drikk mindre

Adelén var ein av artistane som spelte på det alkoholfrie arrangementet i Ullensvang natt til 17. mai. Foto: Åsmund Aarvik

Ønskjer 18-årsgrense

Stig Hope er pådrivar bak det rusfrie arrangementet i kommunen 16. mai. Han ønskjer 18-årsgrense for arrangement der det blir servert alkohol.

– All forsking seier at å utsetja alkoholdebuten er bra for helsa. Både i forhold til den fysiske og psykiske utviklinga vidare. Lovverket i Noreg er klårt og tydeleg, det er 18-årsgrense på alkohol, understrekar Stig Hope.

– Me ser og at ungdom kan koma opp i uheldige situasjonar i rusa tilstand som kan fylgje dei resten av livet. Det kan vera valdsepisodar eller jenter som blir utsette for seksuelle tilnærmingar, seier han vidare.

LES OGSÅ: 13 prosent av norske kvinner har blitt seksuelt krenkte i fylla

Ordførar Solfrid Borge vil halda på at ungdom får koma på tradisjonsfestane. Foto: Toyni Tobekk

Vil ha ungdom med på tradisjonsfestar

Solfrid Borge er ordførar i Ullensvang. Ho meiner at 15-åringane skal få vera med på tradisjonsfestar. I Ullensvang har dei fest både ved 17.-mai, eigen nabofest i Kinsarvik og jolefest, såkalla tradisjonsfestar. Desse synes ho dei unge skal få delta på.

– Det har vore tradisjon for dette i Ullensvang, og eg tykkjer det er fint når generasjonane kan samlast og halda tradisjonane ved like. At generasjonane kan vera saman er ein lærdom for alle, seier Borge.

Ordføraren ser òg at det er viktig at kommunen har rusfrie tiltak for ungdom.

– Det burde vore fleire av dei. Me har veldig god erfaring med 16. mai- arrangementet for ungdom, som er eit rusfritt arrangement, avsluttar Solfrid Borge.

LES OGSÅ: Mindreårige fekk kjøpe alkohol på eitt av fire forsøk