Ny rapport: Færre og færre ungdomar røyker og drikk
Men fokuset på eit sunnare liv har ført til fleire psykiske plager, ifølgje forskar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet har sett på bruken av rus og tobakk blant norske 15 og 16-åringar dei siste par tiåra. Funna viser tydeleg at ungdom i denne aldersgruppa i dag både drikk og røykjer mindre enn det deira jamaldra gjorde i 1999.
Delen ungdommar som sa dei hadde drukke alkohol dei siste 12 månadene er redusert frå 78 prosent i 1999 til 49 prosent i 2015. Delen som oppgav alkoholbruk dei siste 30 dagane er redusert frå 55 prosent til 24 prosent i same tidsrom.
– At ungdom i større grad utset alkoholbruken er viktig fordi dei i den alderen ikkje er like mentalt modne til å handtere rus og er sårbare for konsekvensane av risikofylt drikking. At unge no drikk mindre og mindre risikofylt enn tidlegare er derfor positivt, seier forskaren Elin Bye, som er forfattar av rapporten.
Rapporten er ein del av ei større europeisk undersøking i regi av den europeiske skuleundersøkinga ESPAD. Norsk ungdom kjem svært godt ut i europeisk samanheng og ligg konsekvent lågt på rusbruk.
Forskjellar mellom jenter og gutar
Pilene peiker like kraftig nedover når ungdom blir spurde om røyking. Der 70 prosent svarte at dei har prøvd røyk i 1999, svarte berre 29 prosent det same i 2015.
– Sunnheitstrenden er spesielt viktig med tanke på nedgangen i røyking, for røyk har ein dokumentert negativt effekt på helse, seier Bye.
Cannabisbruken har også gått ned frå 12 prosent i 1999 til 6,5 prosent i 2015. Gutar svarar i større grad enn jenter at dei har prøvd alkohol, røyk eller cannabis, men forskjellen er marginal. Rapporten viser at det berre er når det gjeld røyking, at gutar fortel om mykje høgare bruk enn jenter.
Forventningspresset
Forskaren trur trenden delvis kjem av at ungdom no er meir heimekjære og har bytt ut dei seine kveldane på gatehjørna med lange kveldar på sosiale medium. Dagens foreldre har også betre kontroll på kven barna er saman med og kvar dei er, ifølgje Bye.
Forskaren viser til fleire undersøkingar som tyder på at dagens ungdom er meir opptatt av kropp, helse, trening og skulearbeid. Ungdom byter i større grad drikkepresset ut med positive sunnheitsideal. Bye meiner likevel eit paradoks kan komme ut av sunnheitstrenden, nemleg at «generasjon prestasjon» blir «generasjon depresjon».
– Det som har blitt påpeikt i andre undersøkingar er at der negativ åtferd, alkoholbruk og kriminalitet går ned blant ungdom, aukar det psykiske presset i takt. Norsk ungdom lir av psykiske plager i større grad enn tidlegare, og det kjem delvis av eit større press i forhold til utdanning, framtidsplanar, utsjånad, trening og andre forventningar, seier Bye.