Den prisløna islandske journalisten Kristinn Hrafnsson fortel at alle e-postane hans og alt han hadde i google-universet vart sendt til FBI, etter at FBI hadde bede Google om det.
Kristinn Hrafnsson (f. 1962)
  • Undersøkjande journalist som mellom anna har jakta på korrupsjon innan det islandske finansvesenet.
  • Før han vart kjent gjennom Wikileaks, vart han tre gonger kåra til årets islandske journalist: I 2004, 2007 og 2010.
  • Han var Wikileaks sin fremste talsmann mellom 2010 og 2017.
  • Etter dei finansielle åtaka frå MasterCard, Visa og PayPal mot Wikileaks i desember 2010, kalla han dette for «privatisering av sensur».
  • Jobbar framleis med Wikileaks, og driv i denne stund på med eit prosjekt for dei, stadfesta han i høve dette intervjuet.

Kjelde: Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg fekk melding frå Google om at dei hadde gjeve all informasjonen dei hadde om meg til FBI. Dette inkluderte heile e-postmappa mi i Gmail og i Google-universet mitt, fortel Kristinn Hrafnsson til Framtida.no.

FBI fekk kort og godt ein kopi av alle metadataa han hadde hjå Google. Hrafnsson fekk vita dette i forfjor.

– Google fekk ordre frå ein hemmeleg domstol om å utlevera dataa, og fortalde meg som kunde om dette etterpå, opplyser Hrafnsson.

Den islandske journalisten har ikkje fått innsyn i kvifor USA sin føderale etat for etterforsking av kriminalitet har ynskt å leggja beslag på ein kopi av all denne informasjonen om han.

Sjølv er han overtydd om at det har med etterforskinga av Julian Assange å gjera. Hrafnsson var talsmann for Wikileaks mellom 2010 og 2017, og er framleis aktiv i organisasjonen.

Julian Assange i juli 2013, på den ecuadorianske ambassaden i London. CIA si løynde etterforsking mot Assange starta seinast i oktober 2010, før Sverige bad om å få han utlevert for moglege valdtekter. Foto: Flickr, CC BY 2.0.

Me har spurt FBI om det stemmer at dei har bede Google utlevera alle Hrafnsson sine e-postar og alt anna i google-universet hans, og i so fall kvifor dei gjorde det.

Pressetalskvinne Carol A. Cratty svarar Framtida.no at FBI ikkje har nokon kommentar til dette.

Les også: Island sin innanriksminister synte FBI på dør

– Hemmeleg storjury på saka

Hrafnsson er ikkje overraska over at han ikkje har fått vita noko.

– Det er ein hemmeleg storjury i USA som jobbar med Assange. Sidan det er ei hemmeleg etterforskingsgruppe, kan dei gjera alt løynt.

Hrafnsson seier han ikkje veit kvifor FBI har eit slikt sterkt ynskje om å gå etter Wikileaks. Men han forsikrar om at etterforskinga har halde på lenge.

–Ein eller annan gong i 2010 byrja dei arbeidet med å etterforska Julian Assange for spionasje for å kunne be om å få han utlevert, seier Hrafnsson, og legg til at det er heilt sikkert.

I denne påstanden får Hrafnsson støtte frå The New York Times. Dei skriv at «etterforskinga har samla inn materiale i det stille i alle fall sidan oktober 2010, seks månader etter at Bradley (Chelsea) Manning vart arrestert, soldaten som er skulda for å ha stått for brorparten av lekkasjane».

Ein av advokatane til Assange, Jennifer Robinson, sa til New York Times at Assange hadde hamna i eit juridisk tomrom og ingenmannsland ettersom USA ikkje ville seia noko om statusen på etterforskinga mot han.

Les også: Palestinsk jente (17) vekkjer åtgaum i verdspressa

Avviser at Wikileaks har skada folk: – Me har avdekt krigsbrotsverk

Ein av grunnane til at den løynde etterforskinga mot Assange ikkje har vorte so sterkt fordømt i Vesten, er påstanden om at Wikileaks har frigjeve for mange dokument. Wikileaks vert skulda for å ha skada vanlege folk kringom i verda med lekkasjane, og sett liv i fare.

Kristinn Hrafnsson held tale på Queensland college of Art, Griffith University, Brisbane, Australia, i 2011. Foto: Djackmanson, CC BY-SA 3.0

– Stemmer det at Wikileaks sleppte so mange dokument på ein gong at de ikkje hadde kontroll over kva konsekvensar det kunne få for folk? Har de sett uskuldige menneskeliv i fare?

– Det er ikkje kjent at nokon har vorte skada som eit resultat av at me har publisert dokument. Det er eit enkelt faktum, svarar Hrafnsson.

Han kallar det heile ein svertekampanje medvite sett i gong av amerikanske styresmakter, i ein freistnad på å bringa Wikileaks i vanry.

– Attende i 2010 starta den amerikanske administrasjonen ein støyande propaganda om at me hadde skada individ med vår publisering av dokument, men dei har aldri kome med noko som underbyggjer denne påstanden, seier Hrafnsson.

Wikileaks har publisert millionar av dokument, og journalisten medgjev at det ikkje er usannsynleg at lekkasjane kan ha ført med seg uheldige ringverknader. Han seier dette ikkje er noko unnatak for Wikileaks, og at publiseringane til andre media òg kan ha slike ringverknader.

– Men det har ikkje ein gong vorte dokumentert at me har skada folk indirekte slik. Krigsbrotsverka og korrupsjonen som me har avdekt er det derimot svært viktig at folk har fått høyra om. Ramaskriket om at me har skada folk er fullstendig ufundert, seier Hrafnsson.

Les også: Ny teori om korleis George Orwell vart smitta av døyeleg tuberkulose

Usamd i merkelappen frå den førre CIA-direktøren

USA sin utanriksminister, Mike Pompeo, kallar Wikileaks for ei fiendtleg etterretningsteneste. Offisielt portrett, teke i 2011 av US House of Representatives. Public domain

Medan han var leiar for CIA, uttala noverande utanriksminister for Trump, Mike Pompeo, at Wikileaks er ei «fiendtleg etterretningsteneste», mynta på USA.

– Kva er din kommentar til Pompeo sin påstand om at de er ei fiendtleg etterretningsteneste?

– Eg synest påstanden er låtteleg. Me utfører journalistikk. Det er farleg når institusjonar og individ kastar merkelappar av ein slik valør mot folk som er ein del av det journalistiske samfunnet. Det er eit åtak på journalist-yrket, so enkelt er det, svarar Hrafnsson.

– Ikkje få kommentatorar har fordømt dykk for å vere Russland-venlege. Er de det?

– Det er me ikkje, og det er ikkje grunnlag for å seia at me er det. Om ein ser gjennom vår publiseringshistorie, finn ein eit vell av lekne dokument som skriv seg til Russland og dei løynde russiske tenestene. Det er flust av dokument som avslører Russland på det eine viset eller hitt, so den påstanden har rett og slett ikkje noko grunnlag i røynda, seier Hrafnsson.

Les også: «Ingenting ville vera betre enn om alle valdtektsanklaga personar frå no av blir etterlyste over heile verda slik at dei kan bli straffa om dei blir tatt.»

– Har ikkje gått inn for å hjelpe Trump til makta

Mange har hevda at Wikileaks ynskte å hjelpe Donald Trump i valkampen. Somme hevdar attpåtil at Wikileaks inngjekk i ein allianse med Russland i dette stykket.

– Har de jobba for å støtte Trump? 

INGEN AGENDA: Kristinn Hrafnsson seier Wikileaks ikkje har freista å hjelpa Donald Trump i valkampen. Han seier det er deira journalistiske plikt å poste lekne dokument av interesse for ålmenta. Om dokument ikkje tolte dagens ljos, må demokratane lasta seg sjølve, seier Hrafnsson. Foto:Shealah Craighead, offisielt foto for det kvite huset, teke i 2017.

– Nei. Dette burde ikkje vere so vanskeleg å forstå, om ein tenkjer på det journalistisk. Journalistar får fatt i materiale som avdekkjer visse aspekt. Dette kan vera negativt for eit parti eller for ein kandidat. Om me får fatt i slikt materiale, er det ei plikt som journalist å publisere det, seier Hrafnsson.

Han synest ikkje det er noko feil med at mange dokument vart publiserte kort tid før avrøystinga.

– Dei som snakkar om at fri journalistikk er veldig viktig for at folk skal få vita ting, bør tenkja på at det er ekstra viktig for folk å få vita ting før ei avrøysting.

– Men var det ikkje vel mange lekkasjar i valinnspurten som gagna Trump?

– Det er ein påstand om at dokument publiserte av Wikileaks var ein avgjerande faktor for Trump sin siger. Men det er ikkje prova. Men skulle dette vera korrekt, so seier ein rett og slett at informasjonen i dokumenta som vart publiserte, hjelpte Donald Trump.

Hrafnsson meiner at dersom det er slik at det som vart lekt kosta demokratane sigeren, so må dei ta det på si kappe. Han synest demokratane bør lasta seg sjølve dersom informasjonen som kom ut ikkje tolte dagens ljos.

– Om det er slik at noko av materialet som vart publisert kan ha vore til gagn for Trump, so får det vera slik, seier Hrafnsson.

Les også: Sterke inntrykk frå dødscella

Spesiell episode på Island i samband med prosessen mot Assange

LÉT SEG IKKJE KUE: Island sin innanriksminister, Ögmundur Jónasson, sette ein stogg for FBI-agentane som ynskte å etterforske Wikileaks på Island. Foto: Privat

Den same New York Times-artikkelen som avslører at den hemmelege prosessen mot Assange alt hadde byrja innan oktober 2010, omtalar òg det som var ein freistnad frå FBI si side på å drive ulovleg etterforsking av Wikileaks på Island i 2011. Dette har òg vore omtala her hjå oss.

Hrafnsson trur mellom anna at FBI-agentane kom til Island for å avhøyra Sigurdur Thordarson, ein ung, tidlegare Wikileaks-medlem som blant anna hadde svindla Wikileaks-bidragsytarar for pengar.

Island sin innanriksminister, Ögmundur Jónasson, ville ikkje vita av etterforskingsframstøyten frå FBI. Han stogga FBI-agentane som kom til Island og lét det koma krystallklårt fram at han heldt med Wikilieaks, og ikkje med føderale, amerikanske styresmakter.

Les også: Skuleskytingane er ein epidemi

Uroleg for Assange sin lagnad

Då Assange fekk asyl på den ecuadorianske ambassaden i 2012, var det Rafael Correa som var president i landet. Hrafnsson fryktar at etterfylgjaren hans i presidentstolen, Lenín Moreno, ikkje har den same viljen til å vareta han.

GAV ASYL: Det var førre presidenten til Ecuador, Rafael Correa, som bestemte at landet skulle gje asyl til Julian Assange. Men so langt har ikkje Assange kome lenger enn til den ecuadorianske ambassaden. Etterkomaren til Correa i den ecuadorianske presidentstolen, Lenín Moreno, er ikkje like oppteken av å hjelpa Assange, fryktar Kristinn Hrafnsson. Foto: Cancillería ecuadoriana, Wikipedia commons

Sidan mars i år får ikkje lenger Assange ta i mot besøk frå andre enn advokatane sine. Han får heller ikkje lenger ha tilgjenge til internett eller telefon, og i praksis sit han no i isolasjon på den ecuadorianske ambassaden.

Helsa hans skal vera so dårleg etter alle åra utan dagsljos, at han skal ha pådrege seg varige skader. 

 – Det som han er skulda for, å bryte kausjonsvilkåra, er eit lite overtramp. Han kjem til å verte fengsla av britiske styresmakter for dette mindre lovbrotet om Ecuador utleverer han. Og medan han sit inne for det, er me ganske sikre på at USA vil krevje utlevering, seier Hrafnsson.

Justisminister Jeff Sessions har uttala at å få Assange utlevert er ein prioritet. Amerikanske styresmakter skal  endåtil ha gjort alt i stand for å ta ut tiltale mot Assange.

Donald Trump har sagt at å det er «greitt for meg» dersom det amerikanske justisdepartementet ynskjer å stille Assange for retten.

Hrafnsson trur ein slik utleveringsprosess vil ta to til tre år i britiske domstolar før det kjem til ei avgjerd.

– I mellomtida kjem Assange til å vera i fengsel, seier Hrafnsson.

– Trur du Storbritannia vil utlevera han?

– Storbritannia har synt seg viljuge til å utlevera folk til USA før, svarar den prislønte, islandske journalisten.

Les også: Ploglaust jordbruk kan redde planeten

Fakta om Wikileaks-aktivitet i året 2010 fram til oktober, då ein hemmeleg amerikansk storjury hadde opna sak mot Julian Assange og Wikileaks:

  • Wikileaks avdekte tortur og krigsbrotsverk i eit systematisk omfang, og avdekte også amerikanske lygner som tok sikte på å skjule den brutale sanninga om krigane.
  • Den amerikanske, hemmelege etterforskinga av Assange starta seinast i oktober 2010, alt før Sverige i november 2010 kunngjorde at dei ynskte Assange utlevert for mistanke om valdtekt. Sverige etterlyste Assange internasjonalt gjennom Interpol.
  • Varslarnettstaden Wikileaks, grunnlagt av Julian Assange, kom med fleire viktige lekkasjar mellom åra 2006 og 2010. Men det var fyrst i april 2010 at organisasjonen verkeleg vart verdskjent.
  • Fyrst ut blant dei mest vidgjetne lekkasjane var videoen «Collatoral murder» i april 2010. Den synte mellom anna videopptak frå 2007 i eit amerikansk Apache-helikopter i aksjon i Irak, der soldatane i helikopteret ler medan dei fyrst myrdar uskuldige og so etterpå dei som kjem til for å hjelpe.
  • I juli 2010 vart mellom anna krigsloggar frå Afghanistan offentleggjorde. Her kom det mellom anna fram at dei afghanske invasjonsstyrkane hadde drepe hundrevis av sivile utan at det ein gong vart rapportert om eller laga noko som helst sak av i det heile.
  • I oktober 2010 vart fleire krigsloggar frå Irak publiserte. Det amerikanske forsvarsdepartementet omtala krigsloggen som den største lekkasjen av hemmelege dokument i departementet si historie. Noko av det som kom fram var at talet på drepne sivile i krigen var langt høgare enn det USA hadde operert med offentleg. Fleire krigsbrotsverk frå amerikanske styrkar vart òg lagde for dagen. I tillegg synte det seg at USA-styresmakter ikkje hadde gjort noko for å etterforske hundrevis av tilfelle av misbruk, tortur, valdtekt og mord utført av irakiske soldatar og politistyrkar i irakiske fengsel. Det vart jamvel avslørt at USA hadde ein offisiell politikk på å ikkje etterforske misbruk som vart utført av dei same irakiske styresmaktene som USA sjølv hadde hjulpe til makta.
  • I november 2010 kom «Cable gate», der lekkasjar frå amerikanske ambassadar kringom i verda vart sleppte av Wikileaks. Blant titusenvis av andre ting kom det då fram løyndomar om det norske kampflykjøpet.
  • Den massive Cable gate-lekkasjen kom derimot etter at USA alt hadde byrja ei hemmeleg, kriminell etterforsking av Julian Assange, går det fram av ein artikkel i The New York Times. Dei skriv at etterforskinga mot Assange starta seinast i oktober 2010.

Mogleg bakgrunn for at Assange søkte asyl hjå ambassaden til Ecuador i London:

Kjelder. Wikipedia og lenkene

Oppdatert: onsdag 8. august 2018 09.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE