Island sin innanriksminister synte FBI på dør

Snorre Sandemose
Publisert
Oppdatert 08.08.2018 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mot slutten av august 2011 sende amerikanske styresmakter eit fly fullt av FBI-agentar til Island, som ynskte å samarbeida med oss. Det var ein operasjon mynta på å setja fast Julian Assange og WikiLeaks, og få islandske styresmakter til å hjelpa seg med det, seier Ögmundur Jónasson til Framtida.no.

Han var Island sin innanriksminister på det aktuelle tidspunktet, for partiet Vinstri græn, Det Grøne Venstrepartiet.

Tidlegare talsmann i WikiLeaks, Kristinn Hrafnsson, seier ein storjury i USA alt hadde starta ei hemmeleg etterforsking av Assange før flyet med FBI-agentar landa på Island i august 2011. Denne etterforskinga har ikkje med dei moglege valdtektene i Sverige å gjera, men med Assange sitt arbeid i WikiLeaks.

Pressetalskvinne i FBI, Carol Cratty, har opplyst overfor Framtida.no at dei ikkje vil kommentera om dei hadde ei etterforsking gåande mot Assange i 2011.

I ein artikkel i New York Times i frå 2013, derimot, stadfestar ein talsmann frå justisdepartementet til USA at dei «etterforskar saker som involverer WikiLeaks, og at den etterforskinga held fram». Talsmannen ynskte ikkje å koma med detaljar.

Les også: Heile Google-universet til den kjende islandske journalisten vart overlevert til FBI

Jónasson: – Eg hadde ei moralsk plikt til å stogga dei

FBI-agentane landa grytidleg om morgonen ein sein augustdag i 2011, utan at innanriksminister Jónasson hadde den ringaste aning om det. Litt seinare ut på morgonen kom det han for øyro.

– Dei ynskte å avhøyra nokre folk på Island, men eg ville ikkje ha noko med dette å gjera. Difor gav eg ordre om at heile operasjonen deira måtte instillast med det same, seier Jónasson.

– Kom dei med rutefly eller eit eige fly?

– Det skal vera visst at eg ikkje ynskte å ha noko med desse folka (frå FBI) å gjera i det heile. Tvert om, so ser eg på Julian Assange, Chelsea Manning og Edward Snowden som folk som har gjort ei stor teneste til oss som bur i frie, opne samfunn, seier Ögmundur Jónasson. Foto: Privat

– Det var eit eige fly, berre med desse folka. Og då eg fekk høyra om at flyet hadde landa, hadde dei alt starta med å organisera intervju av islandske politifolk av høg rang.

– Kva fekk dei gjort før du greip inn?

– Dei hadde mest ikkje kome i gong i det heile. Dei var på veg mot politihovudkvartera då eg fekk stogga dei.

– Var du redd for å setja deg oppimot dei slik?

– Nei, ikkje i det heile. Eg såg på det som ei moralsk plikt å gjera det. Utanlandske politimenn opererte på Island utan løyve, og då var eg, som innanriksminister, plent nøydd til å stogga dei, seier Jónasson.

FBI-agentane fekk dinest opphalda seg på Island som turistar, og dei vart verande nokre dagar til utan å få gjera meir politiarbeid.

Framtida.no har spurt FBI om organet verkeleg gav seg i kast med å etterforska WikiLeaks på Island i august 2011, og om det er sant at dei kom til Island utan løyve. Me har òg spurt om dei vart overraska då innanriksminister Jónasson gav agentane ordre om å stogga all aktivitet og instruerte islandsk politi til ikkje å samarbeida med dei.

Pressetalskvinne Carol Cratty har informert Framtida.no om at FBI ikkje vil kommentera dette.

Les også: George Orwell kan ha fått tuberkulose under den spanske borgarkrigen

Nesten to år seinare fekk New York Times-lesarar høyra om episoden

Det tok nesten to år før nyhenda om at Jónasson hadde vist FBI på dør, nådde noka stor avis. The New York Times fanga opp saka sumaren 2013, etter at dåverande talsmann for WikiLeaks, islandske Kristinn Hrafnsson, januar same året hadde fortalt på islandsk fjernsyn om det som hadde skjedd.

– Kristinn kom og spurde meg om eg kunne stadfeste at FBI hadde kome til Island, og eg sa at det kunne eg. Eg tenkte som so at dette ikkje er noko å halda stilt om i det heile, so eg har alltid tala fritt om dette, seier den tidlegare innanriksministeren.

Jónasson seier at å aksjonere mot WikiLeaks aldri var på hans agenda som innanriksminister.

– Det skal vera visst at eg ikkje ynskte å ha noko med desse folka (frå FBI) å gjera i det heile. Tvert om, so ser eg på Julian Assange, Chelsea Manning og Edward Snowden som folk som har gjort ei stor teneste til oss som bur i frie, opne samfunn. Eg meiner at me er dei ei stor takk skuldig.

Jónasson har ved fleire høve teke til orde for at Island burde tilbyda Edward Snowden asyl.

Les også: «Ingenting ville vera betre enn om alle valdtektsanklaga personar frå no av blir etterlyste over heile verda slik at dei kan bli straffa om dei blir tatt.»

Den prisløna, undersøkjande journalisten Kristinn Hrafnsson er tidlegare talsmann for WikiLeaks, og framleis aktiv i organisasjonen. Det var gjennom han at nyhenda om at FBI hadde freista å drive ulovleg aktivitet på Island vart kjent. Foto: Wikipedia CC BY-SA 3.0

FBI prøvde seg med list

Ögmundur Jónasson høyrde fyrste gongen frå FBI to månader innan dei landa på Island for å etterforske WikiLeaks.

– Dei sa at dei hadde kunnskap om hackarar som ynskte å øydeleggja viktig programvare her på Island. Dei snakka generelt, men nemnde at energi- og finansministeria kunne vera truga av åtak.

Jónasson seier at Island sjølvsagt var interessert i å høyra det USA måtte vita om moglege trugsmål frå datasnokar.

– Me sende folk frå det islandske politiet til USA, men ikkje mykje kom ut av dette. Eg mistenkjer at heile greia var noko dei sette opp for å knyta kontaktar.

Jónasson seier dei framstilte det som at det var veldig alvorleg, og at dei difor ynskte å hjelpa islandske styresmakter med å handtera det.

– Eg hadde mine reservasjonar omkring dette, og mistenkte at ei hjelpande hand kunne verta ei manipulerande hand, seier han.

Les også: Palestinsk jente lauslaten frå fengsel vekkjer åtgaum

Informerte statsministeren om ulovlege agentar

FBI-agentane landa på den islandske innanlandsflyplassen inne i Reykjavik vel to månader etter at islandske politifolk hadde vore i USA. Agentane refererte til kontakten dei hadde hatt med islandsk politi omkring mogleg hackaraktivitet på Island.

REYKJAVIK LUFTHAMN: Lufthamna ligg to kilometer frå Reykjavik sentrum, og er ei innanlandslufthamn. I tillegg går fly til Grønland herifrå, og visse internasjonale charterflygningar. Foto: Konstantin von Wedelstaedt / Wikipedia Commons

– Eg mistenkjer at dette var deira måte å skaffa eit påskott til å gjera det dei ynskte, seier Jónasson.

Han tala aldri direkte til nokon av agentane.

– Eg gav berre ordre om at politiet vårt skulle stogga alt samarbeid med dei, og informerte statsministeren og utanriksministeren vår om at dei opererte ulovleg i landet.

Somme islandske parlamentarikarar var usamde med innanriksministeren og kritiserte han seinare i det islandske alltinget for at han handla slik han gjorde.

Les også: Fredsnasjonen Noreg ligg på andreplass i krig

– Me bør ikkje ta del i nokon freistnad på å bringa dei til tystnad

Det har i det siste versert rykte om at Ecuador, som huser Julian Assange i sin ambassade i London, vurderer å utlevera han til britiske styresmakter. Assange og dei som støttar han, fryktar at han i so fall kan verta utlevert vidare frå Storbritannia til USA.

– Har du gjort deg tankar desse åra om rettsprosessane i Sverige og Storbritannia mot Assange, og det at han har søkt dekning i den ecuadorianske ambassaden i London?

– Eg kan ikkje seie at eg kjenner Julian Assange personleg, sjølv om eg har møtt han eit par gonger. Eg kjenner arbeidet til WikiLeaks, og måten arbeidet til bidragsytarane der har opna augo våre for ting som bør gjelda oss alle. Me bør beskytta medlemene, og ikkje ta del i nokon freistnad på å bringa dei til tystnad, seier Jónasson, og legg til:

– Om Assange vert overlevert til britiske styresmakter, og so til amerikanske, so er det ille. Me veit korleis amerikanarane handsamar folk som har gjort slike handlingar som Assange har gjort seg skuldig i. Eg brukar ordet handlingar, og ikkje brotsverk, for det er handlingar han har gjort seg skuldig i gjennom WikiLeaks, og ikkje brotsverk.

Les også: Når krig vert underhaldning

Fakta om Wikileaks-aktivitet i året 2010 fram til oktober, då ein hemmeleg amerikansk storjury hadde opna sak mot Julian Assange og Wikileaks.

  • Varslarnettstaden Wikileaks, grunnlagt av Julian Assange, kom med fleire viktige lekkasjar mellom åra 2006 og 2010. Men det var fyrst i april 2010 at organisasjonen verkeleg vart verdskjent.
  • Wikileaks avdekte tortur og krigsbrotsverk i eit systematisk omfang, og avdekte også amerikanske lygner som tok sikte på å skjule den brutale sanninga om krigane.
  • Fyrst ut blant dei mest vidgjetne lekkasjane var videoen «Collatoral murder» i april 2010. Den synte mellom anna videopptak frå 2007 i eit amerikansk Apache-helikopter i aksjon i Irak, der soldatane i helikopteret ler medan dei fyrst myrdar uskuldige og so etterpå dei som kjem til for å hjelpa.
  • I juli 2010 vart mellom anna krigsloggar frå Afghanistan offentleggjorde. Her kom det mellom anna fram at dei afghanske invasjonsstyrkane hadde drepe hundrevis av sivile utan at det ein gong vart rapportert om eller laga noko som helst sak av i det heile.
  • I oktober 2010 vart fleire krigsloggar frå Irak publiserte. Det amerikanske forsvarsdepartementet omtala krigsloggen som den største lekkasjen av hemmelege dokument i departementet si historie. Noko av det som kom fram var at talet på drepne sivile i krigen var langt høgare enn det USA hadde operert med offentleg. Fleire krigsbrotsverk frå amerikanske styrkar vart òg lagde for dagen. I tillegg synte det seg at USA-styresmakter ikkje hadde gjort noko for å etterforska hundrevis av tilfelle av misbruk, tortur, valdtekt og mord utført av irakiske soldatar og politistyrkar i irakiske fengsel. Det vart jamvel avslørt at USA hadde ein offisiell politikk på å ikkje etterforske misbruk som vart utført av dei same irakiske styresmaktene som USA sjølv hadde hjelpt til makta.
  • I november 2010 kom «Cable gate», der lekkasjar frå amerikanske ambassadar kringom i verda vart sleppte av Wikileaks. Blant titusenvis av andre ting kom det då fram løyndomar om det norske kampflykjøpet.
  • Den massive Cable gate-lekkasjen kom derimot etter at USA alt hadde byrja ei hemmeleg, kriminell etterforsking av Julian Assange, går det fram av ein artikkel i The New York Times. Dei skriv at etterforskinga mot Assange starta seinast i oktober 2010.

Mogleg bakgrunn for at Assange søkte asyl hjå ambassaden til Ecuador i London:

Kjelder: Wikipedia og lenketilvisningar

Julian Assange og rettsprosessane

  • Fleire leiande personar i Wikileaks har hatt tilknytning til Island, anten som islandske statsborgarar eller folk som har vore innom Island dei siste par åra før 2011. Også Julian Assange oppheldt seg til tider på Island i tida etter finanskrisa.
  • På det aktuelle tidspunktet innanriksminister Jónasson referer til, oppheldt Assange seg i England, der han var i husarrest.
  • Den amerikanske, hemmelege etterforskinga av Assange starta seinast i oktober 2010. Då Sverige i november 2010 kunngjorde at dei ynskte Assange utlevert for mistanke om valdtekt, var dermed Assange alt under etterforsking hjå FBI. Sjølve mistanken om seksuelle brotsverk fekk han derimot imot seg alt i august 2010 medan han var i Sverige.
  • Assange melde seg hjå britisk politi desember 2010. Ti dagar seinare slapp han fri frå britisk varetekt gjennom ein kausjonsavtale.
  • I 2012 søkte Assange ly hjå den ecuadorianske ambassaden i London, der han fekk asyl. Dimed braut han dei britiske kausjonsvilkåra frå desember 2010. Dette er grunnen til at Assange vil verte arrestert av britisk politi om han forlèt den ecuadorianske ambassaden i London.
  • Det er ikkje kjent om Storbritannia vil utlevere Assange til USA, skulle USA be om det.

Kjelder: Wikipedia og The New York Times