No er det forbode med nikab i undervisninga

Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 14.08.2018 08:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den 1. august tredde den nye lova som forbyr ansiktsdekkjande plagg i undervisningssituasjonar i kraft. Lovtillegget vart vedteke på Stortinget 5. juni i år.

Forbodet gjeld elevar, studentar og ansatte på grunnskular, vidaregåande skular, fagskular, folkehøgskular og høgare utdanning. I tillegg gjeld forbodet opplæring for nye innvandrarar.

I barnehagen gjeld forbodet berre for dei ansatte, og ikkje borna. Men då lovtillegget vart vedteke, var det òg fleirtal for at regjeringa skal kartlegge kor utbreidd ansiktsdekkjande plagg er i barnehagen.

– Forbodet er eit tydeleg signal om at i Noreg forventar me å kunne sjå kvarandre i ansiktet. Me kjem til å jobbe vidare for eit totalforbud, og trur fleire parti om nokre år er klare for det, sa FrP sin stortingsrepresentant til Aftenposten då forbodet vart vedteke.

Vil møte opp med finlandshette

Leiar i Studentparlamentet ved OsloMet, lovar å møte i finnlandshette, om nokon skulle verte råka av forbodet. Foto: Studentparlamentet/OsloMet

Leiar av Studentparlamentet ved OsloMet, Bjørn Harald Hegreberg Garborg, seier til khrono.no at lovtillegget har som formål å stengje ei gruppe menneske ute frå høgare utdanning.

Garborg meiner at forbodet gjer eit problem ut av noko som ikkje eigentleg er det.

– No må kvinner som brukar ansiktsdekkjande plagg velje mellom å ta det av seg i offentlegheit, eller å bli heime. Nokon vel kanskje det første, men eg meiner at om lovtillegget gjer at berre ein enkelt person blir tvungen til å droppe utdanning, så har det mista sitt formål, og heller skapt eit større problem, seier Garborg.

Han fortel at han sjølv vil protestere, skulle nokon oppleve å bli råka av det nye forbodet.

– Om eg opplever at nokon på OsloMet blir kasta ut av utdanninga på grunn av denne lovendringa, kjem eg personleg til å møta opp i undervisning med finlandshette.

Les òg: – Viktig at ungdom får sagt kva dei meiner 

– Innskrenking av fridom

Då lovforslaget først vart lagt fram i juni 2017, reagerte Elevorganisasjonen (EO) på forslaget.

– For det første er det ei innskrenking av enkelteleven sin fridom til å ha på seg kva ein vil. For det andre er det snakk om veldig få elevar, og då synest eg det er rart at ein skal ha eit nasjonalt forbod i staden for å la kvar enkelt skule finna løysingar. Det er ganske hovudlaust, sa nyleg avtroppa leiar av EO, Rahman Chaudhry, til Framtida.no.

Chaudhry meiner at elevar med ansiktsdekkjande plagg har ein lovfesta rett til undervisning.

– Desse elevane skal ha rett til tilpassa opplæring på lik line med andre elevar, det skulle berre mangla.

Les òg: Elevorganisasjonen går mot nikab-forbod i skulen