Elevorganisasjonen går mot nikab-forbod i skulen

Men AUF forsvarar forslaget frå regjeringa.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.06.2017 17:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forbod mot bruk av ansiktsdekkande plagg i skulen er i strid med elevane sin fridom og rett til tilpassa opplæring, meiner Elevorganisasjonen (EO). Dei reagerer sterkt på forslaget som regjeringa la fram i dag.

– For det første er det ei innskrenking av enkelteleven sin fridom til å ha på seg kva ein vil. For det andre er det snakk om veldig få elevar, og då synest eg det er rart at ein skal ha eit nasjonalt forbod i staden for å la kvar enkelt skule finna løysingar. Det er ganske hovudlaust, seier påtroppande EO-leiar Rahman Chaudhry til Framtida.no.

Då lovforslaget blei presentert av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) og integreringsminister Per Sandberg (Frp) i dag, sa Sandberg at ansiktsdekkande plagg som nikab og burka «ikkje høyrer heime i den norske samfunnet». Denne utsegna reagerer Chaudhry på.

– Alle elevar skal føla seg heime i den norske skulen, uavhengig av kva dei har på seg. Skulen skal gi tilpassa undervisning, også til dei som brukar ansiktsdekkande plagg, seier han.

– Lovfesta rett

– Men er det mogleg å få fullt utbyte av undervisninga om ein brukar ansiktsdekkande plagg?

– Det er ikkje berre mogleg, det er ein lovfesta rett. Desse elevane skal ha rett til tilpassa opplæring på lik line med andre elevar, det skulle berre mangla.

Allereie i september i fjor skreiv VG at Arbeidarpartiet går inn for eit forbod mot ansiktsdekkande plagg i skulen. Regjeringspartia er difor trygge på at forslaget deira no får fleirtal i Stortinget.

Elevorganisasjonen oppmodar likevel politikarane om å snu i saka.

– Eg håper at dei folkevalte tar til seg kva elevane meiner om dette, og går imot eit hårreisande forslag som innfører tvang på nasjonalt plan, seier Chaudhry.

AUF: – Fint

AUF-leiar Mani Hussaini har tidlegare vore kritisk til eit nikab-forbod, ifølgje VG. I dag seier han derimot at det er «fint at regjeringa følgjer forslaget frå Arbeidarpartiet».

– Me må kunna forventa at alle som går i barnehage og skule skal visa ansiktet. Det er heilt avgjerande for å læra og kommunisera med andre, seier Hussaini i ein epost via sin pressekontakt.

Ungdomspartileiaren nyttar samstundes høvet til å kritisera andre delar av regjeringa sin integreringspolitikk, og framhevar at «alle skal med».

– I Noreg skal me gi folk moglegheiter til å skapa seg ei betre framtid. Då må me styrka norskopplæringa, skapa fleire tiltaksplassar sånn at folk får prøvd seg i arbeidslivet og avskaffa den kvinnefiendlege kontantstøtta til Høgre- og Frp-regjeringa, seier Hussaini.