Nesten tusen mobbesaker innrapportert med ny lov

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet er basert på ei rundspørjing Kommunal Rapport har gjort blant fylkesmennene. Det faktiske talet er truleg høgare, sidan berre 13 av 17 fylkesmenn har svara på spørsmåla.

Paragraf 9A i opplæringsloven tredde i kraft 1. august i fjor og omfattar alle former for krenkjande åtferd. Det er elevens subjektive oppleving av ikkje å ha det trygt på skulen som skal leggjast til grunn. Skulane har ikkje høve til å «overprøve» opplevinga til eleven.

Les òg: Sanner meiner «krenkelov» må stå

Flest i Rogaland, færrast i Sogn og Fjordane

Flest meldingar, blant dei som har svart, kom til fylkesmannen i Rogaland, med 112 saker. Også Hordaland og Nordland har hatt over 100 meldingar sidan loven tredde i kraft, med høvesvis 107 og 105. Fylkesmannen for Agder-fylka har fått 102 saker innrapportert.

Nedst på lista over dei som har svart Kommunal Rapport, ligg fylkesmannen i Sogn og Fjordane, med 34 saker.

Oversikta frå fylkesmennene er talt opp litt ulikt frå fylke til fylke, så tala er ikkje direkte samanliknbare.

Den nye lovavgjerda pålegg skulane ein større grad av aktivitetsplikt viss det blir rapportert om mobbing. Elevar og foreldre blir gitt rett til å involvera Fylkesmannen viss skulen brukar meir enn fem dagar på å handtere ei varsla sak.’

Les òg: Vil stanse ny Netflix-serie