Sanner meiner «krenkelov» må stå

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Paragraf 9A-5 kom inn som ei innstramming i opplæringslova i august i fjor. Den inneber at alle som jobbar i skulen er pålagt å rapportere til rektor ved mistanke om at ein tilsett kan ha krenkt elevar, og rektor må starte gransking og rapportere saka til skuleeigar. Klassekampen skreiv i slutten av april at sidan 1. august i fjor har 61 lærarar i Oslo blitt granska for krenking.

14 andre fylkeskommunar Aftenposten har snakka med opplyser om totalt 48 slike saker.

– Utfordrar rettssikkerheita

Både Utdanningsforbundets leiarråd og Norsk Lektorlag meiner den nye lova utfordrar rettssikkerheita for dei tilsette, skriv avisa.

Rita Helgesen er leiar i Norsk Lektorlag. Foto: Norsk Lektorlag

– Vi hadde så mykje fokus på å førebyggje mobbing og trakassering at vi ikkje vurderte kva som låg i krenkingsomgrepet, seier leiaren i Utdanningsforbundets leiarråd, Tormod Korpås. Han etterlyser meir rom for skjønn.

– No handlar det om opplevinga til elevane, og då kan ei krenkingssak i auga til eleven handle om at dei er misnøgd med ein karakter eller ikkje likar måten ein lærer har undervist på, seier leiar Rita Helgesen i Norsk Lektorlag.

Blir mobba av læraren

Men integreringsministeren meiner lova er nødvendig.

– Eg meiner dette er ein regel vi må ha så lenge nesten 2 prosent av elevane oppgir at dei blir mobba av læraren, skriv Sanner til Aftenposten og viser til Elevundersøkinga.

Vidare understrekar han at punktet om at rektor skal varsle skuleeigar sikrar at saka ikkje blir dyssa ned eller halde internt på ein skule. Sanner meiner også at lovverket i dag sikrar dei tilsette rett til god saksgang. (©NPK)

LES OGSÅ: Fleire elevar enn før blir mobba i skulen