Santtu (31) kan ha fått i stand verdas største sirissfabrikk

Snorre Sandemose
Publisert
Oppdatert 05.08.2018 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me produserer alt no fem tonn sirissar per månad, og innan eit år skal me produsere fleire gonger so mykje, seier Sami Vekkeli, den daglege leiaren i den finske verksemda Nordic Insect Economy.

Sami Vekkeli snakka med Framtida.no berre to veker etter at fabrikken kom i gong. Han er broren til grunnleggjaren av verksemda, Santtu Vekkeli, som er på biletet ovanfor.

Grunnen til at fabrikken i Strömfors, Finland, kan produsere i so stor skala berre veker etter at han opna, er at Nordic Insect Economy alt har røynsler med sirissproduksjon frå Malaysia. Der har dei fleire fabrikkar, og fekk i gong den fyrste fabrikken for snart tre år sidan. Dei eksporterer insektmjøl til land der det er lov å selje produktet.

Noreg er eit av landa det er lov å selje insektmjøl i, men berre dersom det er importert frå eit EU-land med ei lovgjeving som tillèt insektmjøl, slik den finske lovgjevinga gjer.

Fabrikklokalet med fire av dei tilsette ståande utanfor. Tidlegare var det elektronikkverskemda i bygda,  Schneider Electric, som heldt til her. For nokre år sidan laut ho leggje ned.

Les også: Finland opna opp for insekt som mat

Satsar verkeleg stort

Ved den nedlagte elektronikkfabrikken i Strömfors har dei alt fleire tusen kvadratmeter golvyte til rådvelde. No har dei installert seg på litt meir enn tusen kvadratmeter, men dei planlegg å ta heile det gamle fabrikkanlegget i bruk.

I tillegg ynskjer Nordic Insect Economy å byggje eit nettverk av finske sirissbønder som kan levere dei råvarene som marknaden vil krevje i framtida. Dette vil kome i tillegg til det nettverket av fabrikkar dei alt har i Malaysia.

Vekkeli fortel at sirissfabrikkar er ganske nytt også i Malaysia.

–  So den einaste måten for oss å lære på, er å teste ut. Me gjer litt innovasjonar kvar gong me byggjer ein ny fabrikk, og testar alt i småskala før me går over til større skala, seier Santtu Vekkeli.

Fyrst no nyleg har produksjonen i Malaysia nådd ein slik skala at dei kan sende konteinarlaster til Finland med frosne sirissar, som det vert gjort mjøl av i Finland.

Sirissane er eit tropisk insekt. Det er over tretti grader celsius inne på fabrikken.

Les også: Verdas fyrste alingsanlegg av soldatflugelarvar i full sving i Sverige

Framleis lyt finske bakeri ty til Nederland

Etter slakt vert også sirissane i Strömfors-fabrikken frosne ned. Deretter vert dei køyrde til ein annan fabrikk i Finland der dei vert malne opp og laga mjøl av.

Dette mjølet har eit proteininnhald på heile 70%.

Den finske ålmennkringkastaren Yle melder om at finske bakeri har oppmana finnane om å ale opp meir insekt og distribuere insektmjøl rakt til dei.

IDYLLISKE OMGJEVNADER: Ein svensk baron grunnla ei jarnmølle i Strömfors på 1600-talet, medan Finland var svensk. På slutten av 1800-talet kom det òg ei sagmølle på plass. Begge deler vart nedlagt kring 1950, og erstatta av ein elektronikkfabrikk. So gjekk den òg dukken, og no tek insektproduksjon over i den vesle bygda.

Etter at forbodet mot å selje mat med insekt vart sett ut or kraft i Finland i fjor, sel bakeria i landet so mange brød med insekttilskott at dei har problem med å få fatt i nok råvarer. Difor lyt dei enno kjøpe mesteparten av insektmjølet frå Nederland.

Ikkje berre ynskjer Nordic Insect Economy å fylle igjen dette gapet mellom etterspurnad og tilbod, dei vil gjerne produsere endå meir enn det finske forbrukarar et av insektmjøl i dag.

– Me kan reagere ganske snøgt om kundar ynskjer å kjøpe endå meir sirissar frå oss i framtida. Utsiktene er gode, og me planlegg å ha verdas mest effektive alingssystem både i og utanfor tropane, seier Santtu Vekkeli.

Les også: Desse to unge nordmennene satsar på å bake insektprodukt

Det kan finnast større fabrikkar i Kina

Alt no er fabrikken i Strömfors den i Europa som el opp flest sirissar. Men Vekkeli reknar med at produksjonen når eit toppnivå fyrst om to månader. Og før dette året er omme trur han han dei vil produsere opp i ti tonn sirissar per månad.

Vesa-Matti Marjamäki (t.v) og Sami Vekkeli inne i produksjonslokalet. Sami Vekkeli er broren til Santtu Vekkeli og dagleg leiar i Nordic Insect Economy. Marjamäki har ansvaret for drifta av sirissfabrikken i Strömfors.

– Er fabrikken dykkar i Strömfors verdas største sirissfabrikk?

Det er mogleg. Men det kan vere større fabrikkar i Kina. Der har dei ein stor produksjon som ikkje er retta mot eksport, men mot heimemarknaden. I Kina har dei ete sirissar opp gjennom historia, og å satse på noko slikt der vert sett på som ei tradisjonell investering, seier Santtu Vekkeli.

Les også: Dei vil utkonkurrera kjøtindustrien innan få år