Amfibia lir i varmen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amfibia lir i varmen

Leveområda til amfibium er kraftig redusert i år på grunn av tørken. I tillegg er forskarane redde for at den skadelege soppen Bd (Batrachochytrium dendrobatidis) blomstrar opp og gir høgare dødstal blant dyra som lever både i vatn og på land.

– Me ber om at folk melder frå om funn av døde amfibium. Spesielt gir bestandssituasjonen for storsalamanderen grunn til bekymring, seier forskar Børre K. Dervo ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) i ei sak på nettsida til instituttet.

Les også: Sjeldan tropisk fugl vitja vestlandet

Tørka er ei ekstra påkjenning

Dervo seier at amfibia normalt ville takla ein tørr sommar og haust, men at den negative bestandsutviklinga for ein art som storsalamanderen og den nyoppdaga soppen Bd, som rammar alle amfibium, gjer situasjonen med tørken usikker.

Den tynne huda til amfibia gjer at dei er svært utsette for tørke. Dødelegheita hjå ein type storsalamander kan auka frå rundt 20 prosent per år til over 50 prosent i ein situasjon som i år, opplyser NINA.

Les også: Reinforvaltarar fryktar for villreinen