Tørken gir dårlegare kornavlingar enn på over 50 år

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 01.08.2018 17:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur ikkje mannen i gata skjønner kva som skjer. Dette er ein ekstrem situasjon som vi aldri har opplevd før, seier kornrådgivar Bjørn Inge Rostad i Norsk Landbruksrådgiving Øst til Aftenposten.

Kornbøndene er ulikt ramma, men Rostad trur avlingane kan komme heilt ned i 40 prosent av normalen.

Styreleiar John Lilleborge i Kornprodusentenes Interesseorganisasjon trur òg det på landsbasis er snakk om ei halvering.

– Når vi snakkar om halvering av avlingane, er det bruttoinntektene som blir halverte. Kostnadene har vore nesten dei same, så fallet i nettoinntekta blir mykje større, understrekar Lilleborge.

Reduserte avlingar fører òg til auka importbehov. Viss avlingane blir halverte, kan det vere behov for å importere rundt 600.000 tonn.

Slakte dyr

Den ekstreme tørken har òg gått hardt utover mjølkebøndene. Det vesle som har komme av nedbør på Austlandet, har ikkje betra situasjonen, og mange bønder er usikre på om dei klarer å skaffe nok fôr til vinteren. Fleire ser dermed ikkje andre utvegar enn å sende dyra til slakt.

Visekonsernsjef og konserndirektør Hans Thorn Wittussen i Nortura veit ikkje kor mange dyr som manglar vinterfôr, ifølgje Dagens Næringsliv(DN). Han meiner vêret blir heilt avgjerande framover. Per i dag manglar mellom ein halv og éin million rundballar.

Store tap

Det økonomiske tapet som bøndene står overfor, er òg vanskeleg å estimere, men Norsk Bonde- og Småbrukarlag fryktar eit avlingstap i milliardklassen, ifølgje Nationen. Dersom ein legg til grunn eit avlingstap på 50 prosent på korn- og oljevekstar, kjem tapet i desse produksjonane åleine på 1,5 milliardar kroner.

I tillegg er både grovfôr- og grønsaksproduksjonane hardt ramma. Småbrukarlagets trur, ifølgje avisa, det økonomisk tapet kan komme på grovt rekna 2–3 milliardar kroner.

Bøndene på Austlandet omtaler det dei no står overfor, som ein ekstrem situasjon, og fleire har sett seg nøydde i å be bankane om økonomisk hjelp. Som eit resultat av tørken gjekk Landkreditt nyleg ut med tilbod om betalingsutsetjing og løysingar for å hjelpe bønder i likviditetskrise, ifølgje DN.

Redning?

Men mens fleire leitar etter løysingar, ser Sør-Trøndelag Bondelag ut til å ha funne eit alternativ. Bondelaget seier til Adresseavisen at halm frå kornhausten i Trøndelag kan løyse fôrkrisa på Austlandet.

– Dersom dei trønderske kornbøndene er villige til det og vêret er greitt, kan Trøndelag forsyne Sør-Noreg med det som trengst av grovfôr til drøvtyggjarane. Beskjeden vår er: ikkje slakt ned dyr, vent på kornhausten i Trøndelag, seier Jon Gisle Vikan, organisasjonssjef i Sør-Trøndelag Bondelag.

Teoretisk kan kornhausten i Trøndelag resultere i mellom 400.000 og 500.000 rundballar med halm, ifølgje Vikan.

– Noko av denne halmen treng vi her i Trøndelag, men det aller meste kan sendast til Austlandet.

(©NPK)