Publiserer teikneseriar på nynorsk

Synne Grimen Hammervoll
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då ÜberPRESS gav ut sin forrige antologi, ÜberTerror, var alle teikneseriane på nynorsk. No har forlagssjef Are Edvardsen starta arbeidet med neste antologi, ÜberRevolusjon. Denne skal òg etter planen vere utelukkande på nynorsk.

Edvardsen fortel at forlaget har fått støtte frå Nynorsksenteret sidan starten, og at dei alltid har sørgja for å ha med begge målføra.

– Me fant no ut at me ville slå over heile den siste antologien til nynorsk, fordi det er nesten ikkje teikneseriar på nynorsk. Alt er på bokmål, seier Edvardsen, som nemner Øystein Runde som ein av få unntak.

Grunna at nynorsk var så underrepresentert ønskja ÜberPRESS å ha heile ÜberTerror på nynorsk.

– Det som var på bokmål, vart omsett. Det var sjølvsagt gjort klart for teiknarane på førehand, fortel Edvardsen.

Vil fremje talent

ÜberTerror vart utgitt tidlegare i år, og er den første antologien frå ÜberPRESS som var utelukkande på nynorsk. Foto: Forsideillustrasjon / Trine L. Normann / ÜberPRESS

Edvardsen fortel at vel 50-60 teiknarar har fått vise fram arbeidet sitt i antologiane Überpress har publisert.

– Målet vårt er å få ut norske teikneserietalent, og la dei gjere meir enn berre kunstneriske teikneseriar eller striper.

Han seier at dei ønskjer teiknarar som har modnad i stilen sin, og viser til teiknestilar som vert nytta i land som Frankrike, Belgia og USA.

– Om du kjenner til Sprint eller Tintin, så har dei ein fransk-belgisk stil, fortel han, og utdjuper:  

– Tintin er teikna med tynn strek. Det er lett gjenkjenneleg, og om ikkje realistisk, så i alle fall jordnært. Sprint er teikna med tjukk strek, eller pensel. Då blir det meir dynamisk.

Les òg: Sjå kven som dukka opp i Andeby

Har alltid eit tema

Sidan ÜberPRESS berre gir ut to antologiar i året, fortel Edvardsen at dei må setje avgrensingar når det gjeld tema.

– Det første temaet me hadde var zombiar. Då skulle Ivar Aasen ete alle som ikkje tala rett. Sidan har me hatt fleire tema, som terror i den forrige og revolusjon i den neste.

Han fortel at til ÜberTerror ønska dei teikneseriar som utforska kva terror innebar, utan å ta sider.  

– Den eine sida sin fiende er den andre sida sin helt.

Det første temaet me hadde var zombiar. Då skulle Ivar Aasen ete alle som ikkje tala rett.

I neste utgiving, ÜberRevolusjon, vil dei utforske kvifor revolusjonar oppstår. 

– Der har me med oss Regine Toften Holst som teiknar ein serie om den russiske februarrevolusjonen, og som endte med at tsar Nikolai II abdiserte.

Edvardsen teiknar sjølv, og bidrog i ÜberTerror med ei historie som trakk inn tråder frå kvar av dei andre historiene i antologien. Dette vil han gjere òg i ÜberRevolusjon 

– Bidragsytarane lagar sine eigne historier utan å vite korleis eg blandar dei saman med min, fortel han.

Les òg: Marvel jobbar med film om muslimsk superhelt

Eit anna fokus

ÜberZombie var den første teikneserieantologien forlaget gav ut. Foto: Forsideillustrasjon / ÜberPRESS

Edvardsen meiner ÜberPRESS skil seg ut frå andre norske teikneserieantologiar. Dei andre har meir alternative og kunstnariske stilar.

– Eg tykkjer det er eit viktig prosjekt me har. Det er ingen som har same fokus som Über-antologiane, seier han.

Han fortel òg at det tradisjonelt sett har vore vanskeleg å få publisert norskproduserte teikneseriar her til lands.

– Generelt sett har teikneseriar gått bra, men forlaga er aldri villige til å drive eigenproduksjon.

I dette tilfellet finst det òg unntak, men Edvardsen gir ikkje all æra for dei suksessfulle teikneseriane til forlaga.

– Det har gått bra for seriar som Pondus, Lunch og Nemi, men dette er på grunn av arbeidet til Strand Comics, som har vore agent for mange av dei norske teiknarane, seier han.

Les òg: Sel nerdekultur for over hundre millionar kroner