Marvel jobbar med film om muslimsk superhelt

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ms. Marvel er den første muslimske superhelten med sin eigen teikneserie. I eit intervju med BBC, fortel Marvel-president Kevin Feige at det no også er planar for Ms. Marvel i Marvel sitt filmunivers.

– Ms Marvel … den muslimske helten som er inspirert av Captain Marvel, er defintivt på ein måte under arbeid, sa Feige.

Film eller TV-serie?

Om Ms. Marvel får sin eigen film er vanskeleg å seie. Nettstaden Nerdist.com spekulerer i om karakteren vil dukke opp i ei birolle i ein oppfølgar til den første Captain Marvel-filmen som kjem neste år, eller om det kanskje kan lagast ein Netflix-serie. Marvel har den siste tida pumpa ut ei rekke Netflix-seriar med ulike superheltar.

Følgarane til Twitter-brukaren @StaarksHeart, som publiserte BBC-intervjuet på Twitter tar i alle fall nyheita godt imot.

Ms. Marvel/Kamala Kahn bur i Jersey City, New Jersey, i USA og er barn av invandrarforeldre.

– På den eine sida vaks ho opp i ein amerikansk by som ei ganske typisk middelklasse-jente, men ho har også med seg tradisjonen og historia til foreldra sine. Ho møter mange av dei same dilemmaa som mange andregenerasjonsbarn gjer, sa serieskapar G Willow Wilson til The Guardian då teikneserien kom.

Ikkje talsperson for religion

Teikneserien vart tatt godt imot, men enkelte reagerte ifølge The Guardian på det dei meinte var ei stereotyp framstilling. Wilson sa ho var førebudd på reaksjonar.

Ho meiner at kvinner, muslimar og andre grupper er underrepresenterte, og at det derfor vil vere mange som ønsker å sjå seg sjølve og sine meiningar i dei få karakterane som dukkar opp.

– Kahn er i ein fase der ho bestemmer kven ho skal vere, slik mange tenåringar gjer uavhengig av bakgrunn. Eg trur ikkje nokon av oss ønsker å markere politiske standpunkt, men heller spegle verkelegheita ved å gje ei stemme til dei unge kvinnene som lever på dette interessante tidspunktet i historia, og som prøver å navigere to verder.