Mykje pengar i nerdekulturen

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sel nerdekultur for over hundre millionar kroner

– Mykje av det vi held på med har komme inn i stovene til folk, seier Ellen Guldberg.

Ellen Guldberg er dagleg leiar for Outland i Kirkegata. Foto: Frode Grimelid

Ho er dagleg leiar i Outland Kirkegata i Oslo og har vore i bransjen i 15 år. Mykje har endra seg i løpet av dei åra. Outland har gått frå å vere ein butikk for dei spesielt interesserte, til å vere interessant for dei aller fleste:

– For ti år sidan betydde teikneserie Donald Duck for mange nordmenn. No har du nesten levd under ein stein om du ikkje kjenner til Doctor Strange, seier ho.

Teikneserien, som hadde si første utgjeving i 1963, har blitt popularisert med film dei siste åra. Filmatiseringa av Ringenes Herre, og andre store suksessar som både bok-, film- og TV-versjonar av Harry Potter, Hunger Games, Twilight, Game of Thrones og The Handmaid’s Tale, har bidratt til å få kulturen ut til eit større publikum.

Fleire jenter i butikken

Bokhyllene er ikkje lenger dominert av vaksne menn. Guldberg opplever at det har blitt jamnare fordeling på aldersgrupper, kjønn og interesser. Særleg har det blitt fleire jenter som interesserer seg for teikneseriar.

Bilde av ein cosplayer ved samlinga Romics i Italia våren 2017. På skuldra sit ein heimelaga versjon av Bowtruckle. Foto: taymtaym/Flickr/CC BY 2.0

– Teikneseriar er ei heilt eiga oppleving, slik som TV og bøker er to ulike opplevingar. Fleire har fått augene opp for det, seier Guldberg.

Hyllene er også fylte med litt andre ting enn før. Det har blitt fleire effektar. Du kan kjøpe tryllestaven til Harry Potter, små og store figurar av kjende karakterar frå alle slags univers, og ikkje minst koppar og t-skjorter med bilde eller sitat frå favoritthelten.

Frå bak ein av dei lange bokreolane høyrer vi eit par «tnåå»-lydar. Eit par jenter har oppdaga ein Bowtrucle-figur. Dei rømmer når Framtida.no kjem med kamera og spørsmål om lydane, men vennene står igjen.

Åshild Hesvik (24) og Andres Nesje (25) måtte ein tur innom Outland då dei var på besøk Oslo, sjølv om dei også har butikk heime i Bergen. Foto: Frode Grimelid

Åshild Hesvik (24) og Andres Nesje (25) bur i Bergen. Då dei budde i Oslo var dei ofte innom her, og sjølv om det er eigen eigen Outland-butikk i Bergen, måtte dei ein tur innom for å sjå.

– Vi har sett på Ticket to Ride og What do you meme? Det siste er litt som Cards Against Humanity som er eit artig spel om litt fæle ting, seier Hesvik.

«Geeks» med barn

– Og forskjellige Munchkinspel. Det er standard å ta ei runde med Munchkin når kameratar er på besøk, seier Nesje som elles er opptatt av Magic.

– Slike figurar som Bowtrucle då?

Totoro frå den japanske animasjonsfilmen Min nabo Totoro (1988) Foto: Frédéric BISSON/Flickr/CC BY 2.0

– Ja, det er kjekt å ta ting frå filmar og slikt. Vi har vel litt Dr. Who-ting, koppar og sånn. Ja og ein Totoro-bamse! Du skriv det berre rett fram, seier Hesvik til då pennen til journalisten tar ein liten pause.

Totoro er ein karakter frå ein japansk animasjonsfilm frå 1988, og er berre ein av mange asiatar som er blitt populære.

I kjellaren er det ei eiga avdeling for særleg japanske og sør-koreanske produkt. Det er teikneseriar, sjølvsagt, men også koreansk pop-musikk, effektar, små leikefigurar og plastrullar for å lage ting til cosplay.

– Har de blitt meir som ein leikebutikk?

– Nei, men det har blitt meir bruksgjenstandar med popkulturelt design. Og så har vi begynt å lage eigne barneavdelingar. Det er mange geeks som har begynt å få barn sjølve, og som vil føre kulturen vidare, seier Guldberg.

Tener over hundre millionar i året

Outland har blitt god butikk. Selskapet rapporterer ikkje rekneskapstal per avdeling, men samla for alle butikkane kan vi sjå at inntektene har firedobla seg i selskapet sidan 2003. Butikkane drog i 2016 inn over hundre millionar kroner.

Dei siste åra har det komme nye butikkar i Sandvika (2014), Fredrikstad (2015), Porsgrunn (2016), Hamar (2017), pluss ei ekstra avdeling i Storgata i Oslo som spesialiserer seg på spel.

– Vi har vakse fort og mykje, men ikkje meir enn at vi har nok folk som veit nok til å hjelpe kundane, seier Guldberg.

Ho har som mål at dei som jobbar i butikken skal kunne treffe betre enn algoritmane til nettgigantar som Amazon.

– Dei skal kunne rettleie kundar som spenner frå dei som aldri har sett ein Marvelfilm til dei som er djupt inne i den særaste manga, seier ho.

Ifølge Guldberg er inntektene til Outland i veldig liten grad frå nett. Uvanleg lite. I sommar kjem det ei ny nettside som har som mål å hjelpe og rettleie slik som i butikken. Og som skal gjere utvalet betre tilgjengeleg i heile landet.

– Men det er likevel noko eige med å gå rundt her og ta og føle på, seier ho.

Vi som vil ha Outland i Ålesund

Strategien er derfor å fylle på med butikkar der det er stor nok marknad. Ho får ofte førespurnader frå folk som vil ha nye butikkar, og ein Facebook-aksjon var medverkande til at avdelinga på Hamar opna i fjor. «Vi som vil ha Outland i Ålesund» har førebels ikkje fått same resultat.

–  Vi vuderer dei innspela vi får, men det blir nok ikkje mange nyopningar i år. Vi må vekse sakte og følge med på marknaden, seier Guldberg.

– Risikerer ein at popkulturen vender og tar ei anna retning?

Figurar og bruksgjenstandar med design frå TV-seriar og teikneseriar har blitt veldig populært. Her er «asia»-avdelinga med alle slags rare figurar i hyllene. Foto: Frode Grimelid

– Det er noko alle bransjar må følge med på. Alle som sel lesestoff var redde for den digitale revolusjonen, men førebels ser vi at mange vil sleppe skjerm når dei har fri frå skule og jobb. Fordelen med teikneseriar er at det finst så mykje, mellom anna reisebrev og politiske teikneseriar. Og det treng ikkje vere små dragar på brettspela for at vi skal ta dei inn, men det må vere litt meir enn Ludo, seier Guldberg med eit smil.