Må stille krav til cruisenæringa
Miljøstiftinga Zero meiner krava til nullutslepp i verdsarvfjordane er naudsynte for å tvinge fram ein grønare cruisetrafikk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Må stille krav til cruisenæringa
– Det er første gong desse krava kjem, så det er forståeleg at nokre i cruisenæringa meiner dette er krevjande. På same tid viser det at ambisjonsnivået er rett, meiner teknologiansvarleg Maris Gjerset i miljøstiftinga Zero.
Stortinget har vedteke nullutslepp i verdsarvfjordane på Vestlandet frå 2026. Frå 2030 gjeld kravet alle turistfjordar. Det kravet meiner cruise-giganten Carnival er nær uoppnåeleg for skipa deira.
– Me investerer jo i mange ulike teknologiar, men kjem det kravet i 2026 inn, så trur eg både Flåm og Geiranger kjem til å ha null store båtar i 2026, fortalde Lars Ljøen i Carnival Corporation tidlegare i sommar.
Zero trur på reiarlaga
Den amerikanske cruisekjempa har ni merkenamn, som AIDA, Costa og P&O, og står for opp mot 50 prosent av cruisetrafikken i Noreg. Det største cruise-reiarlaget i verda seier det per i dag ikkje har teknologien på plass. Reiarlaget byggjer nye skip som skal gå på naturgass (LNG). Desse kan få installert batteri på sikt, fortalde Ljøen.
Zero meiner reiarlaget kan klare kravet om utsleppsfri innsegling i verdsarvfjordane på Vestlandet.
– Det er oppløftande å høyre at dei vil bruke pengar på dette. Me opplever Carnival som framoverlente og ønskjer å utfordre reiarlaget og andre i næringa til å utvikle og gjennomføre større pilotprosjekt for å ta i bruk nullutsleppsløysingar, seier Gjerset.
Zero meiner cruisereiarlaga kan løyse kravet til nullutslepp i verdsarvfjordane på fleire måtar. Dei kan ettermontere utstyr i eksisterande skip, byggje nye båtar, køyre inn i området med straumforsyning frå ein lekter eller flytte passasjerane over i mindre, utsleppsfrie turistbåtar, som til dømes Future of the Fjords i Nærøyfjorden. Her blir det opp til cruisenæringa å velje, meiner Gjerset i miljøstiftinga.
– Det me skal få til, er innovasjon og utvikling i bransjen. For å få til dette må cruisenæringa investere og ta i bruk ny teknologi, seier han.
Les også: Jon Hustad: Cruisenæringa er ei parasittnæring
– Naturgass er ikkje løysinga
Naturgass er ei løysing som blir trekt fram, og som gir lite lokale utslepp av NOx og svovel. Carnival har mellom anna skip under bygging som skal gå på naturgass. Zero peiker derimot på at naturgass i liten grad bidreg til reduksjon av klimagassar.
– Dersom me vel å fortsette satsinga på fossilt drivstoff som LNG, bind me oss til langvarig bruk av fossilt brennstoff og infrastruktur for dette, og vi vil ikkje komme på sporet av å nå klimamåla i Parisavtalen.
Heller ikkje Viking Cruiseline meiner LNG gjer jobben som nullutsleppdrivstoff. Reiarlaget sjøsette det første cruiseskipet i 2015 og har i dag fem skip og planar om tolv nye. Viking opplyser at reiarlaget jobbar med konseptstudiar for design av hydrogendrivne skip.
– Skal ein nå målet om utsleppsfri cruisetrafikk, er dette nødvendig. LNG er ikkje ei aktuell løysning, opplyser Viking Cruiseline, som i år har 164 anløp i norske hamner.
Les også: Cruiseturistar brukar minst pengar i Noreg
Naudsynt krav
For cruiseskip har det til no ikkje vore krav til utsleppsfrie løysingar. Det er det fullt mogleg å få til, meiner Maris Gjerset, som viser til utviklinga som skjer på ferjestrekningane i landet.
– Maritime hydrogenløysingar er no under full utvikling med utviklingskontrakten for hydrogenferje i Rogaland og for utsleppsfri hurtigbåt i Trøndelag, seier han.
Prosjektet til Statens vegvesen på sambandet Hjelmeland–Nesvik–Skipavik på riksveg 13 skal gjere nullutsleppsteknologi mogleg på ferjestrekningar som ikkje er eigna for heilelektrisk drift. Krava til ferjene er eit døme på at det nyttar å stille strenge politiske krav til utslepp og nye, teknologiske løysingar, meiner Zero.
Les også: For dyrt med landstraum for cruiseskip