Cruiseskip slepp ut store mengder klimagassar medan dei ligg til kai. Men løysinga som ville kutta utsleppa er for dyr.
NPK
NPK

Ifølgje Bellona vil eit lite cruiseskip som ligg til kai i åtte timar, sleppe ut like mykje av den skadelege gassen NOx som 13.000 bilar gjer på ein heil dag, skriv NRK. Sjølv om skipet ligg heilt i ro, brukar det store mengder drivstoff for å halde det i gang. Straum frå land kunne kutta utsleppa, men ingen norske hamner har landstraum for cruiseskip. Årsaka er at det er for dyrt.

Det statlege føretaket Enova delar ut støtte til norske hamner som ønskjer å etablere landstraum. I juni delte dei ut pengar til 20 ulike prosjekt for landstraum for skip, men ikkje til cruiseskip.

– Vi disponerer offentlege midlar, og må passe på at vi får mest mogleg igjen for dei pengane vi investerer. Slik vi vurderer situasjonen no, får vi mest igjen når vi gir støtte til landstraum for ordinær skipstrafikk, seier kommunikasjonssjef Eiliv Flakne i Enova.

Bellona viser til at utsleppa frå cruiseskipa som ligg til kai får fleire alvorlege konsekvensar.

– Det er dokumentert at høgt NOx-innhald reduserer den lokale luftkvaliteten. I tillegg er utsleppa frå skipa skadeleg for klimaet, seier seniorrådgivar Jan Kjetil Paulsen.

Enova er eigd av Olje- og energidepartementet. Statssekretær Einar Holmen (Frp) seier til NRK at utsleppa frå cruiseskip er ei utfordring, og at regjeringa tek problemstillinga på alvor.

Kommentarar

ANNONSE