Cruiseturistar brukar minst pengar i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala er henta frå forskingsprosjektet Tourism yield. Prosjekt starta i 2009 med støtte frå Noregs forskingsråd, som ville vite kva turistar som er mest lønsame. Medan cruisepassasjerane og bussreisande brukte i snitt rundt 100 kroner per person per dag, la kvar enkelt som kjem med fly og bil att høvesvis 633 og 400 kroner dagleg.

Når tala er justert for sosiale faktorar, som alder, kjønn, inntekts- og utdanningsnivå, er forskjellane framleis store:

– Med forbruket til cruisepassasjerane som nullpunkt ser vi at dei som flaug, køyrde bil eller tok tog til Noreg brukte klart meir pengar medan dei var her, nesten tre gonger så mykje, seier instituttleiar Truls Engstrøm ved Norsk hotellhøgskole til NTB.

Prosjektet er inne i analysefasen og blir presentert i den nyaste utgåva av Univers, som blir utgitt av Universitetet i Stavanger.

Amerikanarar på topp
Av utvalet i studien kom heile 84 prosent til Noreg på ferie, medan 8 prosent var på jobbreise og 6 prosent besøkte familie eller vener. Amerikanarane var dei som brukte mest pengar, 778 kroner per person per dag. På botn ligg tilreisande frå Aust-Europa, med 250 kroner per dag.

Når dei reisande blir delt inn etter korleis dei overnatta er det hytte- og hotellgjester som har brukt mest, medan campingturistane er dei mest måtehaldne. Dei klarte seg i snitt med 390 kroner døgnet. Det opnar for spørsmål om korleis dette dekkjer overnatting, transportutgifter, mat og eventuelle aktivitetar.

– Vi skal vere forsiktige med å vere for bastante i konklusjonane, for dette dreier seg om tal frå eit utval og er ikkje representativt for alle utanlandske tilreisande. Likevel gir det ein peikepinn, og er nyttig kunnskap for norsk reiselivsnæring, seier Engstrøm.

Fornøgde asiatar

Eit anna funn i undersøkinga er at dei tilreisande frå Asia var dei som totalt la att mest pengar medan dei var på besøk. Dei fleste kom med fly.

– Ein er freista til å gjette at dei ikkje sparer på opplevingane når dei først har reist så langt. Samstundes er det ikkje nødvendigvis slik at dette er noko dei berre vil gjere éin gong i livet. Heile 40 prosent av dei asiatiske besøkjande i utvalet seier at det er sannsynleg at dei kjem til Norge igjen, seier Engstrøm.

– Ut frå det økonomiske perspektivet ser vi at det ligg spennande mulegheiter i den asiatiske marknaden.

Verd pengane

Turistane set stor pris på norsk natur og friluftsaktivitetar. Urban kultur skårar lågast på lista over grunnar til å besøkje Noreg.

– Vi har unike føremoner på nokre område, og då må vi sørgje for at dei som kjem hit får topp kvalitet og det dei forventar. Dei må føle at turen var verdt det, at det freistar til gjentaking. Det er ikkje tvil om at prisnivået i Noreg er frustrerande høgt, men dersom kvaliteten er på topp kan det forsvarast, seier Engstrøm.

Han saknar meir satsing på denne typen forsking her i landet:

– Vi bør vite mykje meir om reisande til Noreg før vi bestemmer oss for å investere mange millionar i marknadsføring eller prosjekt som rettar seg mot ei bestemt gruppe. (©NTB)

Les og:For mange reiselivsaktørar.
 

Faktaboks

Fakta om Tourism Yield Report

*Prosjekt starta i 2009 med støtte frå Noregs forskingsråd, som ville vite kva turistar som er mest lønsame

*Forskargrupper ved Norsk hotellhøgskole gjorde ei forundersøking blant 3.500 turistar i dei fire vestlandsfylka, og cirka 1.000 vart følgt opp per e-post.

*Året etter vart 700 spørjeskjema fylt ut av besøkjande til Vestlandet

*Arbeidet blir leidd av førsteamanuensis Gorm Kipperberg

*Det store datamaterialet er basert seg på kor mykje turistane i undersøkinga sjølv rapporterer at dei har brukt per dag.

*Beløpa omfattar alle overnattingar, reiser og andre kjøp som er utført og betalt for i Noreg.

*Alle dei spurde er tilreisande frå utlandet.