Total måneformørking og stjerneskot på norsk himmel i sommar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart 16. år er avstanden mellom Mars og jorda på det kortaste, og då blir Mars stor nok i teleskop til at detaljar er endå meir synlege. Hendinga inntreffer mellom juli og august i år. Førre gong det skjedde var i 2002 og neste gong vil vere i 2034.

– Berre i Sør-Noreg vil Mars vere nokre grader over horisonten, men kan sest med god utsikt mot sør ved midnatt. Den lyse natta vil ikkje vere noko hinder for å sjå den, men månen som er nesten full på dette tidspunktet kan hemme lyset noko, seier leiar Tor Aslesen i Norsk Astronomisk Selskap.

Les òg: Snart får vi den lengste totale måneformørkinga i vårt hundreår

Total måneformørking

I Nord-Noreg og på Svalbard får nordmenn sjå ei arktisk solformørking 11. august, medan i Sør-Noreg er den totale måneformørkinga natta mellom 27. og 28. juli.

Det som skjer ved totale måneformørkingar, er at sollyset som treffer ytterkantane av jorda, vert reflektert av større partiklar i atmosfæren, som reflekterer lyset inn på «baksida» av jorda. Det er det raude lyset frå sola som vert kasta tilbake på jorda, slik at vi opplever månen som raud.

Les òg: Sjeldan månefenomen: Blå supermåne blei raud

Meir synleg i Sør-Europa

Viss du er i Sør-Europa eller endå lenger sør, vil både måneformørkinga og Mars bli betre synleg.

– Den raude planeten er på sitt klaraste, og fullmånen kan der lage eit flott og litt sjeldan syn, seier Aslesen.

Nokre vil kanskje også få sjå stjerneskot i meteorsvermen Perseidane som har sitt maksimum 12. til 13. august, ifølgje Norsk Astronomisk Selskap.

Les òg: Førti år sidan den største månen til planeten Pluto vart oppdaga